JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Korte føter og store feil

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
U.S. President Donald J. Trump.

U.S. President Donald J. Trump.

REX/Shutterstock

U.S. President Donald J. Trump.

U.S. President Donald J. Trump.

REX/Shutterstock

2482
20170324
2482
20170324

Innbrotet var 17. juni 1972. Første gongen andre aviser enn Washington Post skreiv om det, var 22. oktober same året. Saka tok for alvor til å rulla i slutten av mars 1973. Då vart jakta på journalistane stansa fordi ein av innbrotsmennene skreiv til ein domar om at det var gjeve falsk forklaring i retten. Etter det tok det 16 månader før president Richard Nixon gjekk av.

Her gjeld altså 3T-regelen: Ting Tar Tid.

Men det går sterkt no. Eitt er at president Trump lyg og held fast ved løgnene sine, som når det ikkje rakar han at skuldinga mot president Obama er punktert av kongressmenn og spionsjefar. Noko anna er at pressetalsmannen, Sean Spicer, gjer det same – som når han måndag sa at Paul Manafort hadde «ei lita rolle» i valkampen. Han var sjef for heile apparatet, og vart ikkje sparka i juli da han laug om dei vakre, men plagierte orda fru Trump sa om mannen sin. Avskil vart det i august, da nokre gravejournalistar i Kiev, der Manafort var rådgjevar for den Moskva-lojale og korrupte president Janukovitsj, fann rekneskap som viste at han hadde fått utbetalt 13 millionar dollar.

Spicer har og sagt at Trump brukte hermeteikn da han tvitra om Obamas avlytting. Han gjorde det i to av twittermeldingane sine, men ikkje i den tredje og verste, der han skulda Obama for å vera ein vond og sjuk fyr («bad and sick guy») i tillegg.

Så, om nokon hugsar det, har Trump sagt at dei tre millionane fleire røyster som Hillary Clinton fekk, kom frå folk som ikkje hadde røysterett. Heller ikkje det har han dekning for, og slik det amerikanske valsystemet er, ville det ikkje ha noko å seia heller. Men det vert mykje å hugsa.

Her er vi ved dei to hovudproblema: USA har fått ein president som ikkje set seg inn i ei sak før han triv mobiltelefonen og tvitrar, og som manglar evne til å sjå kva som er viktig og kva som høyrer heime i småtingsavdelinga.

I staden skal den fremste økonomien i verda styrast etter alternative fakta og med sannferdig overdriving – eit omgrep som eigedomsutviklar Trump har funne opp sjølv, og som han er kry av.

Han har framleis sin skare av dei som trur. Det hadde Nixon òg. Og førebels viser kalenderen 20. august 1972. Sånn omtrent.

Bakom lurar russarane, som har eit ord, eller ordtak, for dagen: «Løgna har korte føter».

Romarane hadde også eitt. I langversjon: «Det er menneskeleg å feila, men berre dåren turar vidare med feilen.»

Per Egil Hegge

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

«Han har framleis sin skare av dei som trur.

­­Det hadde Nixon òg.»

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis