Landbruk

Korrupsjon i kjøtbransjen

Tre menn og eit kjøtforedlingsselskap vart i Oslo tingrett dømde til fengsel og bot for korrupsjon førre veke. Saka fører ukjende sider ved kjøtbransjen fram i lyset.

Nortura sel store mengder kylling på billegsal. Det har selskapet Foods i Drammen tent godt på.
Nortura sel store mengder kylling på billegsal. Det har selskapet Foods i Drammen tent godt på.

Lytt til artikkelen:

Førre veke vart ein tidlegare salsleiar i Nortura dømd til fengsel i 2 år og 6 månader for å ha kravd og motteke bestikkingar frå Nortura-kundar på til saman 900.000 kroner. To kundar vart dømde til fengsel i respektive 2 år og 3 månader og 75 dagar for å ha gjeve eller tilbode bestikkingar til salsleiaren med til saman 850.000 og 30.000 kroner. Kjøtforeldingsselskapet Foods AS vart dømt til ei bot på 3,6 millionar kroner.

Korrupsjonsdommen frå Oslo tingrett er ikkje rettskraftig. I rettsforhandlingane vedgjekk ingen av dei tre dømde straffskuld. Dag og Tid har fått opplyst at den tidlegare Nortura-seljaren vil anke, medan advokatane som forsvarer dei to andre dømde, ikkje har svart på vegner av klientane.

Når juks og ulovlege handlingar vert oppdaga i matbransjen, er det grunn til å opna auga og spisse øyra. Jukset kan gå føre seg mykje nærmare tallerkane våre enn vi liker å tru. Internasjonalt er matkriminalitet eit stort problem. Det er ikkje veldig rart. Alle må ete, voluma er store og prispresset hardt. Varer med justert merking av opphav, dato og innhald kan gje stor vinst. Er det nokon som hugsar hestekjøtskandalen i 2013? Billeg hestekjøt vart merkt som storfekjøt og nytta i ferdigmat for sal i daglegvarebutikkar over heile Europa.

Eit blikk på den førre koordinerte matkrimoperasjonen i Europol og Interpol gjev òg eit inntrykk av kva matkrim typisk kan handle om. I operasjonen, som gjekk føre seg med innsats frå mattilsyn, tollvesen og politi i ein periode på over fem månader i 78 land, beslagla politiet 16.000 tonn potensielt farleg mat og 33 millionar liter drikke, til saman verd meir enn ein milliard kroner. 672 personar var arresterte då nyhendet vart offentleggjort i fjor sommar. Manipulerte utløpsdatoar på ost og kylling, drikkevarer tilsett ulovlege middel og kjøt lagra under uhygieniske forhold var berre nokre av lovbrota som vart avslørte. Det er grunn til å tru at mange slepp unna med jukset. Og det er – bokstaveleg talt – til å verte sjuk av.

Seljar, skjerar og sjef

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement