Sideblikk

Koronaveggane kjem tettare på

Noko om at rastløysa aukar og kreativiteten fell når ein må møtast på distanse.

Plassen er folketom, og plakatane på Blindern er ikkje lenger veggaviser med politisk innhald.
Plassen er folketom, og plakatane på Blindern er ikkje lenger veggaviser med politisk innhald.
Publisert

Dei gode Hjelpeskrivarane mine er i slett lune. Dei lurer på om dei har tapt tillit, for dei har ikkje fått sleppa til på fleire veker. Er dei så permitterte at dei kan søka kontantstøtte hos Abid Raja?

Eg forsvarar meg med korona, heimekontor, reiserestriksjonar og forbod mot å møtast tett og nært. Me sit kvar for oss, tar inn og sender korte meldingar, men får ikkje utveksla og utvikla resonnement og synsmåtar. Produktive tankar, spenstige innkast og gode replikkar kjem når ein møter kvarandre andlet til andlet og bruker halvkvedne viser, prøvande innspel og kroppsspråk i ordskiftet. Då kan det uferdige prøvast ut og mognast. Kollektiv kreativitet kverv i koronaens nett.

BYRÅSJEFEN er ikkje usamd. Han trudde heimekontor var ideelt, for då kunne han organisera arbeidsdagen som det passa, utan å bli forstyrra. Etter moralen om offentleg og privat blekkhus sette han si ære i å skilja mellom privat telefon og PC og det som høyrer Forvaltninga til.

Det var ein plutseleg frigjerande tanke, men etter ei tid i praksis greip han seg i å fundera over baksidene av tilværelsens uutholdelige letthet. Han såg for seg hundre års einsemd. For kva er vel eit byråkrati utan eit fysisk bureau der ein kan tala om og drøfta sakene udigitalt? Ei heimlaus forvaltning blir ei dårlegare forvaltning.

Derfor var Byråsjefen sjeleglad då han eit par dagar i veka fekk møta andre byråkratar i Forvaltningas trygge famn. Derfor var det ekstra tungt å bli send heim att då Raymond blei pressa til å stramma inn. Nå har veggane kome endå tettare på. Og Byråsjefen fryktar at det blir ein varig tilstand når private og offentlege arbeidsgjevarar finn ut at det er mykje å tena på å avvikla kontora og satsa på eigedomsutvikling.

HER OM DAGEN la Byråsjefen ettermiddagsturen innom universitetet på Blindern. Det var folketomt og skremmande. På den store, opne og luftige plassen såg han ein joggar, to aldrande professorar som stod og ropte til kvarandre på to meters avstand, pluss tre studentar som kom ut frå Bunnpris, der dei hadde henta pakkar frå Amazon på Post i Butikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement