Korleis har du det i dag?Sjansane er store for at ein nigerianar meiner han har hatt ein betre dag enn du.

Sjansane er store for at ein nigerianar meiner han har hatt ein betre dag enn du.

Vêret øydelegg dagen: Endelause bilkøar, stengde skular og straumbrot fleire stader i landet vart resultatet av snøvêret denne veka.
Vêret øydelegg dagen: Endelause bilkøar, stengde skular og straumbrot fleire stader i landet vart resultatet av snøvêret denne veka.
Publisert

– Har du hatt ein bra dag i dag? spør veninna.

Vi har ikkje sett kvarandre på ei stund.

– Eg veit ikkje heilt, svarar eg.

Eg opnar munnen og skal til å underhalde henne med ei småsarkastisk skildring av korte bein og høge snøskavlar og for lite tid til å kome seg på jobb. Men eg ser at auga hennar vert tåkete. Munnen min lukkar seg så fort at tennene gjev frå seg eit klikk. Ho var ikkje budd på at eg kunne finne på å vere misnøgd, igjen.

Forskarar ved det amerikanske instituttet Pew Research har stilt personar frå 36 land det same spørsmålet: «Korleis vil du skildre dagen din i dag? Har det vore ein typisk dag, ein særskilt god dag eller ein særskilt dårleg dag?»

Og di fattigare og meir valdeleg landet var, di større var sjansane for at svaret var at ein hadde hatt ein god dag. Tendensen går heilt motsett veg av levekårsoversynet til FN over verdas beste land å bu i. Land som skåra høgast på Pew-målinga, ligg gjerne langt nede på FN-lista. I Nigeria og Colombia sa høvesvis 72 og 61 prosent av menneska at dei hadde hatt ein god dag. Men Nigeria ligg på 152. plass på levekårslista til FN, sjølv om landet har høgast BNP i Afrika. Det er rekna at over 70 prosent lever under fattigdomsgrensa. I Polen, som ligg på 46. plass på FN-oversynet, svara 11 prosent at dei hadde hatt ein særskilt god dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement