Korfor står tyrkiske styrkar framleis i Syria?Krig og terror har i fleire år rive sund staten Syria. Og det er fleire krigar, dels innblanda i kvarandre. Éin av dei blir knapt nemnd i norske medium.
Krig og terror har i fleire år rive sund staten Syria. Og det er fleire krigar, dels innblanda i kvarandre. Éin av dei blir knapt nemnd i norske medium.
Før skolestart i 2009 sende Utdanningsdirektoratet i Istanbul ut ein CD-rom med dette kartet til bruk i grunnskolen. Kypros, delar av Syria, Irak, Bulgaria, Georgia og Armenia er fargelagde som delar av Tyrkia, i samsvar med Den nasjonale pakta frå 1920. Da saka vart offentleg kjend, sa sjefen for utdanningsdirektoratet at det var ein glipp. Han sa at kartet ikkje skulle brukast i undervisninga.
President Recep Tayyip Erdogan i Tyrkia sende for eit år sidan den nest største NATO-hæren over grensa. Amerikanske fly var med. Dei heldt det syriske flyvåpenet på avstand. Den lovlege regjeringa i Syria hevda at Tyrkia braut folkeretten. Tryggingsrådet gjorde ingenting.
Ein fredeleg invasjon
Byen Jarablus, som Daesh hadde styrt i to år, var det første krigsmålet. På invasjonsdagen sende Anadolu, det statseigde pressebyrået i Tyrkia, ut meldingar frå time til time:
Kl. 18.20: Dei tyrkiske styrkane står i utkanten av byen og rykker no fram mot sentrum.
Kl. 19.00: Tyrkisk kontroll over halve byen.
Kl. 19.50: Heile byen er under tyrkisk kontroll.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.