Sideblikk
Kor lenge kan Vedum vera tjora?
Senterpartiet balanserer på ein knivsegg mellom europavegen og krav frå eiga grasrot.
Finansminister Trygve Slagsvold Vedum har mykje å tenkje på.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Det er ikkje lett for Vedum å balansera på Besseggen. Før valet var han høgt oppe. Motstandarane meinte han var ein skrønemakar som fantaserte like livleg som Peer Gynt, og at han gjekk utanom bøygane. Men mange veljarar var like godtruande som mor Åse; Vertinna lét seg også lokka til ein kort visitt hos mot-partiet som lova å ta heile det desentraliserte landet i bruk
SENTERPARTIET BLEI valvinnar og regjeringsmakar, men det dristige bukkerittet er over: «Bukk fra oven, bukk fra bunnen, stangedes i samme stunden.» Nå ligg Vedum og plaskar i Finansdepartementet, der han er domestisert av eliteøkonomane som han snakkar med og drikk kaffi med. Då han heldt offentleg prøveførelesing før den siste regjeringskonferansen om statsbudsjettet, var det med realitetsorientert resignasjon, men ikkje med nyomvend glød. Han har slutta å flira og gjøgla; han har bytt til ei alvorleg maske som ikkje passar.
«Stø kurs i ruskete farvatn», er bodskapen. Regjeringa har vore uheldige med nedbøren og fått Putins krig på si vakt. Brottsjøane har kome utanfrå, men regjeringa må ta straumrekninga. Veljarar er dårlege til å lønna, men snare til å straffa.
VEDUMS LAGNAD er å dempa forventingar han sjølv har stort medansvar for å ha skapt. Utgiftspartiet er tvinga inn i sparemodus, og det må Vedum fronta i dyrtider der stadig fleire folk flest er verdig trengande med rettvise krav på krisestøtte.
Byråsjefen meiner Vedum må ta til seg jungelordet frå ein tidlegare departementsråd: «Man kan ikke både holde og love; det får holde med å love.» Vedums refreng er at det gjeld å halda igjen, for jobb nummer éin er økonomisk tryggleik. Det viktigaste er å unngå inflasjon og renteeksplosjon som endar i reine barkebrødstider.
SENTERPARTIET HAR GÅTT frå offensiv opposisjon til ein posisjon i baksetet. På eit drygt år har dei mista innpå to tredelar av veljarane. Nær 100.000 har sett seg på gjerdet, og like mange har bytt til Høgre og Framstegspartiet. Partiet har kurs mot sperregrensa, og dei har ingen heimfallsrett til tapte veljarar. Vedum får ikkje æra for det Senterpartiet har fått på plass, men kjeft for det som ikkje er oppnådd.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.