Krig
Kor fullt er det i himmelen over Ukraina?
Om du gjev bort eit gamalt piano eller sel det billig, og militæret kjem og hentar det, er det eit dårleg teikn. Ikkje fordi militæret heller skulle kjempe enn å spele på musikkinstrument. Grunnen er ein heilt annan.
Eit brennande piano på flystripa har sidan andre verdskrigen vore del av gravferdsritualet for drepne pilotar.
Foto via Wikimedia Commons
Pianoet har nyleg blitt ein viktig del av ritualet knytt til at kameratar seier farvel til døde militærflygarar. Det ukrainske militæret tok opp denne tradisjonen frå USA. Tradisjonen kjem opphavleg frå andre verdskrigen.
For nokre dagar sidan var det ein slik avskilsseremoni der eit piano vart brukt, på ein hemmeleg stad. Kameratane til tre militærflygarar som døydde i ein kollisjon under trening i Zjytomyr-regionen, samla seg. Blant pilotane som døydde i kollisjonen, var den legendariske unge offiseren med kallenamnet «Juice». Han tok noko av flygarutdanninga i USA, og ettersom han ikkje drakk alkohol, vart han kalla Juice av dei amerikanske kameratane sine.
Eit gamalt piano vart frakta til seremonien på ein militær lastebil og plassert på rullebanen. Kallesignala til dei døde flygaressa var skrivne med store bokstavar på pianoet. Så spela ein mann i sivil ein melodi til farvel på pianoet, og det vart sett fyr på instrumentet. Både musikken og sjelene til dei døde flygarane forsvann opp i himmelen saman med flammar og røyk. I det minste er det slik militærflygarar skildrar seremonien.
Himmelen har alt blitt som eit slags Ukraina nummer to. Det blir sagt at dei døde soldatane fer til himmelen og finn saman med kameratane sine, og ettersom det ukrainske ordet for den religiøse himmelen kjem frå same rot som ordet for den atmosfæriske himmelen, høyrest det ut som om himmelen er blitt ein annan ukrainsk røyndom.
Ingen veit kor mange ukrainarar denne krigen har «omplassert» til den ukrainske himmelen. Det ukrainske forsvarsdepartementet kjenner til eit meir eller mindre eksakt tal på tapte soldatar, men dette talet vil bli halde hemmeleg til krigen er slutt. Det vil bli halde hemmeleg – og vekse kvar dag.
Det same forsvarsdepartementet informerer ukrainarane om at det ukrainske militæret drep mellom 450 og 560 russiske soldatar kvar dag. Under ein offensiv mistar ein militærstyrke fleire enn den styrken som forsvarar eit territorium, og no driv ukrainarane forsvar i Kharkov-regionen og Donbas, samstundes med offensive operasjonar i sør. Ein kan dermed gå ut frå at våre militære tap er minst like store som dei russiske.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.