Utanriks
Kor ekstrem er Björn Höcke?
Universitetsfolk kan bruke eit heilt yrkesliv på å diskutere kva ekstremisme er. I Tyskland er det Verfassungsschutz som avgjer det.
Alternativ for Tyskland-politikaren Björn Höcke i retten i Halle i 2024. Han er bøtelagd to gonger for å nytta nazislagordet «Alles für Deutschland».
Foto: Jens Schlueter / AP / NTB
Det har vore ei ekstremveke i tysk politikk. Björn Höcke og partiet Alternativ for Tyskland (AfD) vann delstatsvalet i Thüringen og fekk 32,8 prosent av stemmene. I nabodelstaten Sachsen fekk partiet 30,6 prosent i delstatsvalet.
Ingen stader i Tyskland har det omstridde ytre høgre-partiet så mange veljarar som i desse to austlege delstatane. Det er også i Sachsen og Thüringen ein finn AfD i sin aller mest ytterleggåande variant. Delstatspartia er kategoriserte som høgreekstremistar av Bundesamt für Verfassungsschutz (BfV). På nasjonalt plan er partiet rekna som «delvis ekstremistisk», så langt iallfall.
Brannmur mot Höcke
Björn Höckes valsiger vart nyhendestoff verda over. Denne veka er det mange som lurer på kva valsigeren til AfD vil få å seie for tysk politikk, og kor ekstrem denne Höcke eigentleg er. Det korte svaret på det første spørsmålet er at valsigeren vil skape meir konflikt i det alt svært konfliktfylte tyske politiske livet.
I Thüringen, Höckes delstat, er det parlamentarisk praksis at valvinnaren kallar inn til regjeringssamtalar. Dei kommande vekene vil vise om brannmuren, lovnaden frå alle dei andre partia om aldri under nokon omstende å samarbeide med AfD, blir ståande, eller om det er mogleg å stable på beina eit politisk fleirtal slik at Höcke får sleppe til.
På spørsmålet om kor ekstrem Höcke er, finst det fleire svar. Om ein spør nettlesaren Google, vil ein ikkje berre finne karakteristikkar som byrjar på e, men også på f og n. Om ein spør Verfassungsschutz, som er ei av tre tyske tryggingstenester, og som har ansvar for den indre tryggleiken i Tyskland, er svaret at Björn Höcke «heilt klart» er ein høgreekstremist.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.