JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Konfirmasjonsdressur

Kjøpepresset på bunad til konfirmasjon har vorte så stort at ein forbrukarøkonom bed familiar om å stå imot.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Drakta som skulle vise at ein var frå ulike, individuelle stader i landet, har vorte redusert til eit merkeplagg.

Foto: Solveig Vikene / NTB scanpix

3260
20190510
3260
20190510

Det blæs rundt veggene på eit hus på Sunnmøre. I stova står eg, stiv som eit fugleskremsel, med hendene rakt ut i lufta.

– Så kan du snu deg, seier ei eldre kvinne og festar knappenål nummer hundre i stakkelivet på det som skal verte bunaden min.

Bestemor mi har brodert bunaden til meg, på same måte som ho har brodert bunaden til veslesyster mi og til syskenborna mine.

Eg snur meg, seint, så eg ikkje skal møte same nålete lagnad som stakkelivet. Svart ull duvar rundt oklene mine. Det er første bunadsprøve før konfirmasjonen.

Denne veka fortalde NRK om ei mor som valde å leige bunad i to timar til dottera, som var den einaste i konfirmantgruppa utan nasjonaldrakt. Jens Brun-Pedersen, som er pressesjef for Human-Etisk Forbund, stadfesta at bunaden kan verke belastande på familiar som har dårleg råd.

Når eg høyrer om bunadspresset, ler eg hjelpelaust. Har bunaden vorte den nye Canada Goose-jakka, tenkjer eg.

Sjølve tradisjons- og nasjonalsymbolet, drakta som skulle vise at ein var frå ulike, individuelle stader i landet, har vorte redusert til eit merkeplagg.

I 2016 sa forbrukarøkonom Silje Sandmæl til NRK at konfirmasjonen har vorte eit slags minibryllaup. Foreldre er nemleg redde for at borna skal føle seg utanfor, meinte ho. Denne veka minte forbrukarøkonomen på nytt foreldre om å ikkje late seg presse, og i same sak gjekk det fram at konfirmantane sjølve, særskilt jentene, òg følte at dei måtte ha bunad. Eg får ufrivillig opp eit bilete av meg sjølv på netthinna, som barn, eit par steg opp i trappa i barndomsheimen min, med knytte nevar og høg, fortvila røyst.

– Ja, men alle andre har! ropar eg.

For det kan vere flautt, vondt og vanskeleg å vere den einaste som ikkje har, eller har, råd. Men, tenkjer eg, kvifor er det så vanskeleg å snu dette perspektivet? Kvifor kan ein ikkje lære ungdommen at det er greitt, og fint, å skilje seg ut? Det ser òg ut til at gutane har sloppe unna problemstillinga. Ein hevar ikkje bryna dersom dei kjem i dress og ikkje i bunad, nett fordi ein tradisjonelt har venta til gutane har vore ferdige med å vekse. Så kvifor kan ikkje jentene ha kjole, eller dress, for den del?

Eg forstår likevel at eg står i rosemåla glashus. Bunaden min har eg nemleg fått, bit for bit, frå eg var fødd og fram til dagen eg stod konfirmant. Bunadssølvet har eg fått til utvalde markeringar, og eg kan framleis hugse då eg oppdaga at eg hadde fått ein veskelås til bursdagen. Men eg visste alltid at når eg hadde fått bunaden til konfirmasjonen, hadde eg ikkje fått han for å bere han i to timar slik at eg kunne likne på dei andre på konfirmasjonsfotoet.

Attende i det forblåste huset har kvinna flytta seg framom meg. Ho festar hempene på stakkevesten og legg forkleet over alle knappenålene i stakken. Og medan eg dreg inn magen for å få bunaden så trong som mogleg, tenkjer eg at om vi no skal insistere på å uniformere ungdommen på konfirmasjonsdagen, treng vi eit fullverdig alternativ til konfirmasjonsdressen, for jenter.

Mone Celin Skrede er frilansjournalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg kan framleis hugse då eg oppdaga at eg hadde fått ein veskelås til bursdagen.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis