Kommunar i den norske modulenDet heilage generalistprinsippet kan falla med ein mislykka regionreform som ingen elskar.

Det heilage generalistprinsippet kan falla med ein mislykka regionreform som ingen elskar.

Tidlegare kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) og KS-leiar Gunn Marit Helgesen (H) drikk i takt, men departementet er lite villig til å gje frå seg makt.
Tidlegare kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner (H) og KS-leiar Gunn Marit Helgesen (H) drikk i takt, men departementet er lite villig til å gje frå seg makt.
Publisert

Det er mykje pragmatikk og mange kompromiss og praktiske løysingar i norsk politikk og forvaltning på alle nivå. Det får det til å gå rundt. Men i festtalar til Den Norske Modellen er to truvedkjenningar like heilage som trepartssamarbeidet: universalitet og generalistprinsippet.

Universelle velferdsrettar er ein grunnstein i den skandinaviske modellen. Utan at behovet skal prøvast, har alle borgarar same krav på og rett til offentleg velferd, uavhengig av kva dei har ytt i skatt, avgift eller forsikringspremie. Sosial status og økonomi skal ikkje stenga nokon ute frå å nyta godt av offentlege velferdsgode. Det skal sikra omfordeling og utjamning av levekår, så lenge alle har tillit til systemet – både fattige og rike og alle oss i mellom.

VERTINNA liker ikkje universalitetsprinsippet. Ho synest det er merkeleg at dei som ikkje har bruk for pengane, skal få det same i barnetrygd som dei som verkeleg treng dette tilskotet. Dersom staten ikkje ausa ut pengar over dei rike, ville det vera meir til dei fattige.

Men Vertinna held det også for rettvist at dei som er høgt på strå og betaler mest i skatt, har mange føremonar. Ho veit at ein ikkje skal tala høgt om det, men veit jo at det er slik det er.

MEIR MAKT og pengar og fleire oppgåver til kommunane er første til tredje bod for Gunn Marit Helgesen og KS, men størst av alt er generalistkommunen. Alle kommunar skal ha same rettar, plikter og ansvar – uansett om dei er store eller små, robuste eller rådville, så lenge dei ikkje kjem på Robek-lista og blir sette under ein høgare administrasjon.

Byråsjefen kan når om helst greia ut om det gode, tenlege, ansvarlege og nærdemokratiske i generalistprinsippet, for han kan kommunelova og talemåtane på rams. Men i sitt stille sinn tenker han at det er mykje sjølvbedrag ute på høyring. På bakrommet i forvaltninga er dei samde om at det er mest behageleg å halda fast på A4-ordningar som tvingar alle kommunar ned i ei prokrustesseng.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement