Kommunane får køyre på i arealplanlegginga
Etter instruks frå regjeringa vert kommunale plansaker som kan truge naturmangfaldet, sjeldnare stoppa. – Dette går ikkje vegen for naturen, seier biolog Dag O. Hessen.
Sidan Erna Solberg overtok regjeringsmakta, er prosentdelen av kommuneplanar og reguleringsplanar som vert møtte med motsegner, nær halvert.
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix
«Naturmangfoldet og livsgrunnlaget må sikres for kommende generasjoner slik at vi overlater naturen og miljøet til våre barn i minst like god stand som vi overtok det fra våre foreldre.» Denne lovnaden har alle Erna Solbergs regjeringar stilt seg bak.
I praksis har Solberg-regjeringane gjeve kommunane så stor handlefridom i arealplanlegginga at det er fare for at naturmangfald og andre overordna omsyn ikkje vert godt nok sikra. Det varslar Riksrevisjonen i ein rapport som nyleg er send til Stortinget.
Riksrevisjonen har undersøkt bruken av såkalla motsegner, som skal vareta omsyn som naturmangfald, jordvern, folkehelse, strandsone, kulturminne, reindrift og trafikktryggleik i kommunal arealplanlegging. Grip til dømes ei planlagd vegbygging inn i store samanhengande natur- og kulturlandskap med viktige landbruks-, natur- og friluftsverdiar, kan Fylkesmannen krevje endring i planane.
Motsegner frå statlege eller regionale styresmakter må følgjast opp for at det kommunale planvedtaket skal vere juridisk bindande.
Sidan Erna Solberg overtok regjeringsmakta, er prosentdelen av kommuneplanar og reguleringsplanar som vert møtte med motsegner, nær halvert. «Det er risiko for at praktiseringen av innsigelsesinstituttet ikke i tilstrekkelig grad sikrer at nasjonale og vesentlige regionale interesser blir ivaretatt i planprosessene», åtvarar Riksrevisjonen.
Endra etter kritikk
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.