JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Vi visste, såg på og let det skje

Vi er vitne til ein katastrofe i Gaza.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Utanriksminister Espen Barth Eide og statsminister Jonas Gahr Støre heldt pressekonferanse om evakueringa av norske borgarar frå Gaza onsdag 15. november.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

6307
20231117
6307
20231117

Ja, vi visste at det ville bli ein kraftig reaksjon etter at Israel den 7. oktober opplevde det største terroråtaket nokon gong, med 1200 drepne og 239 israelarar tatt med som gislar til Gaza. Åtaket var grufullt og må fordømmast på det sterkaste. Men det skjedde ikkje i eit vakuum, det har ei årsak. Når undertrykkinga når ei smertegrense, endar det i ekstremisme.

«Israel har rett til å forsvare seg», sa Espen Barth Eide på toppmøtet i Kairo medan bombinga gjekk føre seg. Han la til: «Det må skje innan folkeretten.»

Men vi veit at Israel ikkje held seg til internasjonale lover og reglar, eller FN-resolusjonar. Kvifor da så vag formulering? Statsminister Jonas Gahr Støre gjentok det same. Kvifor var ikkje Noreg, kalla «ei humanitær stormakt», tydelegare, krassare og tok internasjonale initiativ denne gongen, slik Noreg har gjort så mange gonger før i krisesituasjonar, for å hindre denne krigen?

Siste oppdateringa frå helsedepartementet i Gaza viser 11.078 drepne, av desse er 4506 barn. 2700 er sakna i ruinane av sundbomba bygningar, av desse er 1500 barn. 27.490 er skadde, og 1,5 millionar har flykta frå heimane sine. Tala er frå 10. november, før kommunikasjonen braut saman, og kan naturleg nok ikkje verifiserast. Al-Shifa-sjukehuset skal ha lagt 179 pasientar i ei massegrav.

At verdssamfunnet ikkje har klart å stoppe krigen i Gaza, er ikkje berre eit svik mot det palestinske folket, men eit svik mot oss alle.

Da Russland invaderte Ukraina, var Noreg med på å fremje resolusjon i FN om fordømming av Russland og slutta seg til EUs omfattande sanksjonar. Noreg har ikkje fordømt at Israel gjekk til krig i Gaza, og vil ikkje innføre sanksjonar. Heller ikkje vil regjeringa tilbakekalle den norske ambassadøren eller utvise den israelske. Likevel har Noreg gjort meir enn dei fleste og var det einaste nordiske landet som stemde for FN-resolusjonen om våpenkvile.

Krigens gru er kringkasta på direktesend TV. Det er eit brutalt paradoks over det heile. Okkupanten, som er verdas femte sterkaste militærmakt, går til krig mot folket dei har okkupert og stengt inne på eit bitte lite område, der halvparten er barn. Det er eit umogleg scenario, og likevel skjer det.

Kva skal til for å vekke verda til handling? Mange peikar på vestens dobbeltmoral. Verdas leiarar klarte raskt å gå saman om ein FN-resolusjon for å gripe inn i Libya, etter alt å døme for å sikre menneskerettar, og verdas leiarar gjekk arm i arm i gatene i Paris etter drapet på åtte journalistar i Charlie Hebdo. Men verdas leiarar er tilsynelatande handlingslamma i å stå samla og ta konstruktive initiativ etter at over 11.000 er drepne i Gaza – av dei 36 palestinske journalistar. Kvifor?

Når NRK-journalist Yama Wolasmal pressar Jonas Gahr Støre på kvifor han ikkje har vore tydelegare, svarer Støre avslutningsvis: «Norge er en venn av Israel som er en utsatt stat i en region. Hele historien med det jødiske folks historie krever også en aktsomhet i forhold til det.»

«Aldri meir» må ha eit levande innhald når vi skal ta lærdom av holocaust. Kritikk av statsminister Benjamin Netanyahu og regjeringa hans er naudsynt. Det er ei plikt for verdssamfunnet å få stoppa den brutale krigen i Gaza og få slutt på blokaden.

Israel har no den mest høgreekstreme regjeringa landet nokon gong har hatt. Gideon Levy, den legendariske israelske forfattaren og journalisten i Haaretz, seier: «Regjeringsmedlemmar er fascistar, og i Europa ville nokon av dei blitt rekna som nynazistar.»

«Vi vil ikkje råke sivile», seier den israelske ambassadøren når han vert intervjua av Dagsrevyen.

Men kvifor stenger Israel da av for vatn, mat, straum, drivstoff til aggregat (som mellom anna driv kuvøser og respiratorar), medisin og medisinsk utstyr for eit innestengt folk på 2,3 millionar, der halvparten er barn? For så å bombe dette tett befolka området der det ikkje finst tilfluktsrom? For i neste omgang å bombe sjukehusa der skadde og kvinner i barsel er innlagde, og der innbyggjarar har søkt tilflukt?

Det israelske forsvaret (IDF) hevdar at Hamas har kommandosentral på Al-Shifa-sjukehuset. Storminga av sjukehuset denne veka har skaka ei heil verd. Etter storminga er det så langt ikkje lagt fram prov på at Hamas har kommandosentral på sjukehuset, og det er heller ikkje funne gislar der.

IDF hevdar at Hamas gøymer seg i tunellar, under mellom anna sjukehus, og har lagt fram bilde av ei luke ved Qatar-sjukehuset som skal prove dette, og meiner det er Hamas sitt ansvar at sjukehus blir råka.

Faktisk.no har undersøkt saka og seier at bilda provar ingenting. Når det gjeld omsyn til sivile, så finst det reglar og prinsipp i krigføring som er absolutte, sjølv om dei ein kjemper mot, ikkje overheld dei. Og sjukehus har eit særskilt vern.

Kva kunne Israel ha gjort for å verne seg mot Hamas etter åtaket 7. oktober?

Israel kunne ha enda okkupasjonen, bede om internasjonal hjelp til å få på plass fredsbevarande styrkar frå FN og bede om hjelp til å starte forhandlingar. Det har blitt forhandla med terrorgrupper før.

FN kunne ha mekla fram ei avtale om fangeutveksling for å redde livet til gislane. Krig løyser ikkje denne konflikten. Ekstremistane i Hamas kan ikkje bombast vekk, heller ikkje sveltast, tørstast i hel eller fordrivast. Ein kan ikkje bombe vekk ein ideologi – han vil dessverre berre bli styrkt gjennom den brutaliteten vi no ser, og det vil bli rekruttert nye Hamas-tilhengarar.

Dersom det berre var Hamas den israelske regjeringa var ute etter, kvifor går israelske soldatar til åtak på Vestbreidda? Sidan 7. oktober er 187 personar drepne, og 1000 er arresterte på Vestbreidda og i Aust-Jerusalem, der Hamas ikkje er.

Ifølgje ein fersk rapport frå Amnesty International vert folk fengsla utan tiltale og dom, også barn, og det er utstrakt bruk av tortur. Fangar blir nekta vatn eller mat i lange periodar. Sidan 7. oktober har fire palestinarar døydd i israelsk fangenskap, ifølgje Amnesty.

Den internasjonale straffedomstolen (ICC) har opna etterforsking av krigsbrotsverka i Gaza. Innbyggjarane på Gaza-stripa er bedne om å trekke sørover. Den gamle mannen på flukt frå heimen sin ropar inn i TV-kameraet og slår ut med armane: «Kvar skal vi gå? Kvar skal vi gå?»

Marianne Sunde er frilansjournalist.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis