JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Vesten kan tapa i Ukraina

Ukraina står føre ein ny krigsvinter. Ukrainas allierte – dei vestlege landa – må ta nokre smertefulle val.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eit bolighus vart råka under eit åtak i Donetsk 30. november.

Foto: Valery Melnikov / NTB

6342
20231201
6342
20231201

«Om ikkje Vesten kan vinna denne krigen, kva for ein krig kan Vesten vinna då?»

Denne utsegna kom frå den ukrainske utanriksministeren Dmytro Kuleba då han nyleg blei intervjua av den tyske avisa Die Welt. Utsegna til Kuleba var meint å stramma opp alle dei i Vesten som meiner at militærhjelpa til Ukraina kan venta – til vinteren, til våren eller til ein gong utpå sommaren 2024 eller 2025.

Men går ein nærmare inn på orda til Kuleba, seier dei mykje om tida me lever i: Mens Ukraina har motteke massiv militær hjelp frå Vesten, held Vladimir Putin stadig om lag ein femdel av Ukraina okkupert. Etter nokre sigrar, men også mange nederlag, er den russiske hæren framleis ein av dei mest slagkraftige i verda.

Inne i Russland er det ro. På toppen av alt dette ser det ut til at den russiske krigsøkonomien fungerer rimeleg bra, trass i den vestlege boikotten.

Postvestleg verd

Om ein ser det heile frå ein pessimistisk synsstad, kan ein samanfatta stoda slik: Velkomen til den postvestlege verda!

Den postvestlege verda ter seg slik at ei meir eller mindre samla gruppe av alle demokratiske nasjonar i verda gjennom meir enn halvtanna år ikkje har vore i stand til å straffa ein stat som utfordrar konsensusen etter avsluttinga av den kalde krigen.

Denne konsensusen bygde på at frie, helst demokratiske nasjonar hadde sikre grenser, samstundes som ein kunne handla fritt med kvarandre. Over det heile svevde den amerikanske militærmakta som garanterte fred og stabilitet. Dei fleste av oss trudde at dette byggverket ville vera så sterkt at det kom til å halda seg i alle fall i heile vår tid.

Difor var det ikkje nokon særleg stor grunn til å verkeleg uroa seg då Vladimir Putin gav signalet til invasjonen av Ukraina i februar i fjor. Han ville kanskje på kort sikt vera i stand til å okkupera delar av Ukraina, men den vestlege overmakta ville tvinga Russland i kne innan ikkje altfor lang tid.

Arbeider tungt

No syner det seg at denne vestlege overmakta i beste fall arbeider tungt. Ho har korkje vore i stand til å driva Russland ut av Ukraina eller knekkja den russiske økonomien. Dei fleste av oss som trudde at det ville skje, og her må ein inkludera underteikna, har vakna opp til ein skikkeleg blåmåndag.

Ei av årsakene til denne blåmåndagen ser ut til å vera eit tidsskifte i militær teknologi. På forsommaren i år gjekk ukrainske styrkar i gang med ein lenge varsla storoffensiv. Det synte seg at dei bokstaveleg talt stanga hovudet mot veggen.

For det fyrste hadde den russiske krigsleiinga nytta vinteren og våren til å byggja djupe forsvarsliner med minefelt og bunkerar der soldatane blir verna mot det ukrainske artilleriet. Men aller viktigast er det nok at moderne drone- og overvakingsteknologi gjer at båe partane kan sjå nesten alt av det som skjer på den andre sida.

Russarane har heile tida vore i stand til å sjå kva ukrainarane legg planar om, og vice versa. Resultatet er at når ein fyrst har grave seg ned i skyttargraver, blir partane sittande og skyta på kvarandre utan at frontlina endrar seg. Det som har skjedd, er at dei defensive våpena har fått forrang framfor dei offensive. Me såg det under fyrste verdskrigen, der oppfinninga av maskingeværet gjorde nesten kvar framrykking til ein kostbar, blodig affære. No har eit anna teknologisk sprang den same verknaden for krigføringa. Båe gongene ser det ut til at generalane blei tekne på senga.

Skal ukrainarane koma nokon veg, anten til vinteren eller neste vår, er dei avhengige av at dei får nye, kraftige offensive våpen frå vest som kan bryta den stillstanden dei har hamna i. Fram til no har regelen vore at ukrainarane har fått for lite, for seint. Det aller meste tyder dessutan på at dei vestlege våpenfabrikkane har problem med å framstilla fort nok den enkle artilleriammunisjonen som ukrainarane framleis er så avhengige av.

Slår sprekkar

Det gjer ikkje situasjonen betre at det er alvorlege teikn til at den vestlege fronten slår sprekkar. Ungarn og Tyrkia har alt gått sin eigen veg bort frå den vestlege fellesskapen. Slovakia fekk nyleg ein ny statsminister, Robert Fico, som er mot å gje fleire våpen til Ukraina.

I valet i Nederland i slutten av november gjekk Gert Wilders av med sigeren. Også han har sagt at han er mot å gje ukrainarane militær hjelp. I Tyskland har AfD blitt monaleg større enn det sosialdemokratiske SPD. Om AfD kom til makta, ville Tyskland likna på ein Putin-alliert. Det same kan ein gå ut ifrå om partiet til Marine Le Pen tek over i Frankrike.

Men alt dette bleiknar mot moglegheita av at Donald Trump vinn presidentvalet i USA neste haust. Berre tanken om at han blir den neste presidenten i USA, kan til våren og sommaren neste år leggja seg som ei klam hand over Ukraina. Om Trump leier på meiningsmålingane til dømes i august 2024, vil det løysa ut ei krise i heile Nato.

Om lag 60 prosent av den militære hjelpa Ukraina har fått til no, er komen frå USA. Om Trump blir vald til president, er det mest sannsynleg at denne hjelpa heilt eller delvis fell bort. Ukraina vil etter noka tid sleppa opp for våpen og ammunisjon, og dei russiske styrkane kan halda fram marsjen mot vest. I så tilfelle vil dei neppe stansa før dei står langs heile det lange løpet til elva Dnipro, som delar Ukraina i to tilnærma like delar. Kanskje vil dei gå endå lenger.

Ei amerikansk tilbaketrekking frå Europa, kombinert med ein heil eller halv russisk siger i Ukraina, vil endra det politiske landskapet i Europa. Russland vil, slik landet var etter Napoleonskrigane, vera den dominerande militærmakta i verdsdelen vår. For Europa vil det vera ein katastrofe. No er det ingen som seier at det må gå slik. Men berre tanken om at det kan gå slik, bør få europeiske politikarar til å koma saman til krisemøte alt no.

Mest sannsynleg er det likevel at europeiske politikarar ikkje tek dei grepa som er naudsynte. Dei fleste vil håpa at Donald Trump ikkje blir amerikansk president, og om han blir det, vil europearane i det lengste tru at han ikkje set dei mest ytterleggåande delane av politikken sin ut i livet. Nato-landa vil halda fram med å lena seg på USAs militærmakt, heilt til det blir for seint.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis