JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Valordning på fjell, myr og skog

Noreg er det einaste landet i verda der fjell, myr og skog er med på å avgjere kor stor vekt ei røyst skal ha ved val til nasjonalforsamlinga. Det er også slik at det står over dobbelt så mange veljarar bak stortingsmandata til MDG og KrF enn for dei andre partia.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5996
20210917
5996
20210917

I land med allmenn røysterett er det eit ideal at alle røyster skal telje like mykje same kvar ein bur, og same kva parti ein røystar på. Slik er det ikkje i praksis. Valordningar er politiske kompromiss mellom kryssande omsyn. I den norske valordninga kryssar idealet om lik røystevekt klinge med distrikts- og styringsomsyn. La meg presentere arealfaktoren og sperregrensa.

Dei fleste valordningar deler landet inn i valdistrikt for å gi større nærleik mellom veljarane og representantane i nasjonalforsamlinga. Den norske valordninga går eit steg vidare og gir røystene til veljarar i utkantstrok større vekt. Dette skjer ved den såkalla arealfaktoren. Mandata blir ikkje fordelte mellom valdistrikta etter innbyggjartal åleine.

Også flatevidda til valdistriktet spelar inn i utrekninga. Mykje fjell, myr og skog er grunnen til at Finnmark med sine vel 75.000 innbyggjarar får fem mandat, medan det geografisk mindre, men meir folkerike Aust-Agder med vel 117.000 innbyggjarar, berre får fire mandat. Utan arealfaktoren skulle Finnmark berre hatt to mandat.

Styringsdyktig fleirtal

Demokrati handlar om fleirtal, som helst bør vere styringsdyktig. Dersom mange små parti med ulike interesser kjem inn på Stortinget, kan det verte vanskeleg å skipe ei regjering som får gjort noko. Difor er det vanleg at valordningar har sperregrenser som bestemmer den minste oppslutnaden eit parti kan ha for å bli representert i nasjonalforsamlinga.

I Noreg har vi ei sperregrense på 4 prosent av røystene på landsbasis for å få tildelt eitt eller fleire av dei 19 utjamningsmandata. For dei 150 mandata som vert valde direkte frå dei 19 valdistrikta, er det ikkje sperregrense.

Verknaden av sperregrensa er dramatisk. Venstre, KrF og MDG fekk alle tre direktemandat kvar. Likevel fekk Venstre fem mandat ekstra av di dei med 4,6 prosent av røystene kom over sperregrensa og fekk utjamningsmandat. MDG med 3,9 prosent og KrF med 3,8 prosent kom akkurat under streken og fekk berre direktemandat. Røysta du MDG eller KrF i andre valdistrikt enn der dei fekk direktemandat, gjekk røysta di tapt.

Idealet vert ofra

Samla stod om lag 17.100 veljarar bak kvart av dei åtte Venstre-mandata, mot om lag 39.100 og 37.700 for kvart av dei tre mandata til respektive MDG og KrF. Her ser vi klårt korleis idealet om lik røystevekt vert ofra på styringseffektivitetens alter.

Dersom Noreg var eitt valdistrikt og utan sperregrense, ville det vore tilstrekkeleg med om lag 0,4 prosent oppslutnad for å vinne eit mandat. Om det var tilfelle, ville både Demokratane, Pensjonistpartiet og kanskje også Partiet Dei Kristne ha blitt representerte på Stortinget ved årets stortingsval. Nokre mandat til desse partia ville neppe ha gjort det vanskelegare å skipe regjering etter årets val.

Det kom likevel av at norske veljarar støttar opp om dei etablerte partia. Ein meir fragmentert veljarmasse vil gi eit meir fragmentert parlament. Sjå berre til Nederland, som har éin valkrins utan sperregrense. Ved parlamentsvalet i vår kom det inn 16 parti og fleire uavhengige representantar. Du skal vere hestehandlar av rang for å skipe regjering i Nederland.

Ny vallov

Eg var medlem av vallovutvalet som i fjor leverte framlegg til ny vallov. Vi var samde om mykje, men ikkje om desse sentrale delane av valordninga. Her har partia ulike interesser, og det er ulike syn på styringseffektivitet og distriktsomsyn. Sjølv meiner eg at både styringseffektivitet og distriktsomsyn spelar ei for stor rolle i valordninga vår.

Difor høyrde eg til fleirtalet i utvalet som går inn for å senke sperregrensa til 3 prosent for å gi betre samhøve mellom røystene til partia og mandatfordelinga og for at færre røyster skal gå tapt. Eit mindretal ville halde på 4 prosent, nokre medlemmer ville også heve sperregrensa til 5 prosent av omsyn til styringseffektiviteten.

Eg høyrde også til fleirtalet som gjekk inn for å skrote arealfaktoren av di fjell, myr og skog ikkje bør vere relevant for mandatfordelinga, og av di han i for stor grad skiplar idealet om lik røystevekt. I staden føreslår vi å garantere alle valkrinsar minst fire mandat for å gi ei viss breidde i representasjonen over heile landet. Slik vil Finnmark framleis vere overrepresentert, men i mindre grad enn no.

Valdistrikt

Heller ikkje talet på og grunnlaget for valdistrikta klarte vallovutvalet å einast om. Skal dei elleve nye fylka vere valdistrikt, eller skal vi halde på dei 19 gamle fylka? Fleirtalet gjekk inn for å halde på 19. Problemet med elleve heiter Viken. Med 39 mandat vil Viken få nær ein fjerdedel av stortingsrepresentantane og vere nesten like stort som dei to nest største valdistrikta til saman.

Vegen til fleirtal for samferdselsprosjekt og anna vil då gå gjennom Viken. Eg meiner ei slik inndeling av valdistrikta vil samle for mykje makt på éin fylkesbenk.

Delinga av vallovutvalet gir ein peikepinn om at dei føreslåtte endringane i valordninga neppe glir gjennom Stortinget utan endringar. Samstundes er ikkje dei praktiske konsekvensane så store. Om vi held på 19 valkrinsar, vil valordninga framleis sikre brei representasjon over heile landet. Utan arealfaktoren, men med minimumstal på mandat, vil Finnmark og Nordland måtte gi frå seg eitt mandat kvar til Akershus og Vestfold.

Ei sperregrense på 3 prosent ville heller ikkje gitt fleire parti inn på Stortinget ved årets stortingsval, men vi ville ha fått ei meir proporsjonal mandatfordeling mellom partia. Ei slik moderat endring vil ikkje svekke styringa av landet, men gjere både partia og veljarane likare.

Eirik Holmøyvik er professor i rettsvitskap ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om vi held på 19 valkrinsar, vil valordninga framleis sikre brei representasjon over heile landet.

Fleire artiklar

President Putin flankert av forsvarsminister Sergej Sjojgu til høgre og viseforsvarsminister Timur Ivanov til venstre. Foto frå 2018. Sjojgu er no avsett, Ivanov sit i arresten.

Foto: Aleksej Nikolskij / Sputnik / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Nytt frå den russiske klankampen

Under overflata går det føre seg ein bitter maktkamp i Putin-regimet. Verda har fått eit sjeldan innblikk i denne kampen dei siste vekene.

Halvor Tjønn

Foto: Terje Pedersen / NTB

Ordskifte
Gunhild AlvikNyborg

FHI svikter sitt samfunnsoppdrag

«Det er svært viktig at FHI er tydelig overfor publikum på at de ikke jobber med årsaken til long covid.»

Eirik Holmøyvik har trekt seg trekt seg som forskingsleiar ved Det juridiske fakultet i Bergen.

Foto: Kim E. Andreassen / UiB

Samfunn
Eva Aalberg Undheim

Israel-boikott splittar akademia

Jussprofessor Eirik Holmøyvik prøvde å få omgjort vedtaket om Israel-boikott ved Det juridiske fakultetet i Bergen, men vart røysta ned. No har han trekt seg som forskingsleiar ved fakultetet.

Anne Kalvig er religionsvitar og tidlegare professor ved Universitetet i Stavanger. I fjor etablerte ho Medvit forlag.

Foto: Anja Bakken

BokMeldingar
CathrineHolst

Tru og tvil

Vi må framleis snakke om kvinner og menn. Men kan vi ikkje samstundes ta rimeleg omsyn til dei andre?

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

Frå det nasjonale sirkuset i Kyiv.

KrigSamfunn

Klovnar i kamp

Humor og sirkus er viktig for å overleve i ein krig. I Ukraina er 14 nasjonale sirkusarbeidarar fritekne frå mobilisering.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis