Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Trumps valsiger har gjeve Netanyahu ny sjølvtillit.

No kvittar han seg med dei moderate kreftene i leiinga og gjev meir spelerom til dei yttarleggåande. Det kan verta lagnadstungt.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
ALLIERTE: Benjamin Netanyahu på besøk hos daverande presidentkandidat Donald Trump på Mar-a-Lago i Florida 26. juli. i den førre presidentperioden sin gav Trump heilhjarta støtte til Netanyahu og Israel.

Foto: Alex Brandon / AP / NTB

11417
20241115
11417
20241115

Då Benyamin Netanyahu vitja den amerikanske kongressen i juli i år, gjorde den israelske statsleiaren noko uhøyrt. Han tala til «den framtidige amerikanske presidenten – og min favorittpresident, Donald Trump». Netanyahu hadde ein bodskap til Trump: Når du tek over neste år, vil du og eg sjå Abraham-alliansane komme til liv. (Abraham-avtalane er eit prosjekt for å normalisere forholdet mellom Israel og dei arabiske landa og vart innleidd i førre Trump-perioden, red. merk.) Bibi inviterte til tango for to. Men ei dryg veke etter at Trump gjorde reint bord i vippestatane, vert det stadig meir uvisst om det er ein fredsmarsj eller ein dødsdans Bibi har bydd han opp til.

Eitt år etter at bakkeoperasjonen på Gaza tok til, og israelske fraksjonar har marsjert nokolunde i takt, dreg det seg verkeleg til i Israel. Forsvarsminister Yoav Gallant (som aktor ved Den internasjonale straffedomstolen i Haag har bede om ein arrestordre på, til liks med Netanyahu og tre Hamas-leiarar som no er døde) vart denne veka kasta ut av regjeringa. Rykta vil ha det til at statsministeren ønskjer å kvitte seg med forsvarssjefen og sjefen for etterretningstenesta Shin Bet òg.

Farlege statsrådar

Årsaka er at Gallant, med støtte frå dei to andre, nyleg kom med tre ultimatum til statsministeren. Kvart krav kan truleg åleine velte Netanyahus politiske allianse med dei ytterleggåande ministrane Bezalel Smotrich (finans- og viseforsvarsminister med ansvar for ekspansjonen på Vestbreidda) og Itamar Ben-Gvir (tryggingsminister). Statsrådane frå nybyggjarrørsla er både farlege og nyttige for Netanyahu. Dei er farlege fordi dei har kunngjort at dei vil starte ein borgarkrig i Israel dersom leiarskapen nokon gong skulle akseptere ei tostatsløysing med palestinarane. Og dei er nyttige fordi dei ryddar land i det historiske Israel, som også Netanyahus del av høgrefløya vil sikre seg om Israel no skal pressast ned i tostatskverna.

«Implisitt sa amerikanarane at no er grensa nådd for kva USA kan forsvare av israelsk framferd.»

Gisselkrav

Det første kravet frå Gallant handla om rekruttering til dei israelske styrkane. Som forsvarsminister prøvde han å handheve det nye påbodet til ortodokse menn om å melde seg til teneste i dei væpna styrkane og gjere «sin del av jobben». Det er eit brot på føresetnadene om det ortodokse Shas-partiets støtte til Netanyahu (fritak frå militæret). Påbodet vil auke mannskapet i militæret, men truleg velte koalisjonen til statsministeren.

Det andre kravet handla om å få til ei løysing på Gaza som kan frigje dei 101 gislane som Hamas og andre væpna grupper framleis held fanga, og få konflikten over i ein ny fase. «Vi har ikkje meir militært å gjere på Gaza», har i det siste vore omkvedet frå forsvarsminister Gallant, med støtte frå forsvarssjef og etterretningssjef. Det har i sin tur to konsekvensar.

USAs grense nådd

Om dei militære «ikkje har meir å gjere», er forhandlingar einaste vegen å gå. Då Russland inviterte halve verda til toppmøte i Kazan i oktober, var den palestinske presidenten sjølvskriven. Hamas satt i Moskva og bad om russisk hjelp til å få til ei samlingsregjering, slik at PA vert sitjande med kontroll over alle palestinske område. I førre veke gjekk Qatar frå forhandlingane mellom partane som fylgje av «manglande vilje» frå partane til å komme fram til ein avtale. Gallant var svært kritisk til den israelske posisjonen.

Den andre verknaden er at israelske operasjonar på Gaza då framstår i eit anna lys. Om det ikkje lenger finst militære føremål, er det Israel no driv med på Nord-Gaza, truleg ulovleg utsvelting av sivile (som ICCs oppmoding om å pågripe Netanyahu og Gallant sjølv handlar om).

Samstundes vil mangel på militære føremål med operasjonane gjere at Israels handlingar på Gaza framover må vurderast annleis under folkemordkonvensjonen (som saka for Den internasjonale domstolen (ICJ) om folkemord handlar om). Men presset mot Netanyahu kjem no òg frå heilt andre hald.

Då USA kom med eit ultimatum mot Israel for nokre veker sidan i FNs tryggingsråd, var det Nord-Gaza som var temaet. Implisitt sa amerikanarane at no er grensa nådd for kva USA kan forsvare av israelsk framferd. Det kan få konsekvensar i desember, når USA tek over presidentskapet i FNs tryggingsråd.

Fjerning av spor

Det tredje kravet frå Gallant handla om å setje ned ein 7. oktober-kommisjon, som skal undersøkje kva som gjekk gale før, under og etter åtaket på Israel i fjor. Men også dette kan velte Netanyahu-regjeringa. Då forsvarssjefen gjorde forsøk på å opprette ein slik kommisjon i vår, vart det fysisk handgemeng mellom forsvarssjefen og busetjarministrane Smotrich og Ben-Gvir. Statsrådane som sat med ansvar for politikken på palestinsk okkupert område og tryggingspolitikken i Israel, ønskte seg slett ikkje nokon slik kommisjon.

Den israelske riksadvokaten har på si side føreslått at ein undersøkingskommisjon er den beste måten å halde ICC-arrestordrane mot Netanyahu og Gallant unna på. (Dette er ut frå komplimentaritetsprinsippet, som inneber at statar primært skal etterforske og straffeforfølgje brotsverk i nasjonal rett der brotsverka er utførte.)

Etter at Gallant vart sparka, har den same riksadvokaten opna etterforsking mot mellom andre stabssjefen til Netanyahu for å ha endra regjeringsreferat frå dagane før og etter 7. oktober. Somme nyttar tydelegvis høvet til å fjerne spor.

Viser fingeren

Men no ser vi ein Netanyahu med forsterka sjølvtillit etter valsigeren til Trump. Han har altså sparka forsvarsministeren og ynskjer å skifte ut leiarane for militæret og tryggingstenestene. Han vil ha nye kostar for ei ny tid under Trump 2.0, som Netanyahu skal ha snakka med tre gonger den siste veka. Dagen etter at Gallant var kasta, gjekk Bezalel Smotrich høgt på banen med oppmodingar til busetjarane på Vestbreidda om å førebu seg på annekteringa av Judea og Samaria. Det er planen frå 2020 om å annektere 30 prosent av dei såkalla C-områda på Vestbreidda som er henta fram att. No skal det moderne Israel ta full kontroll over det historiske Israel.

Ikkje berre ville dette vere eit eklatant brot på folkeretten og FN-pakta: Det er brot med alle FN-resolusjonar om området, og det er å vise fingeren til Tryggingsrådet, Generalforsamlinga i FN og ICJ. Det er også ein hån mot arabarstatane som underteikna Abraham-avtalane med Israel på det vilkår at C-områda ikkje skulle annekterast. Og då er vi tilbake til Netanyahus lovnad til Trump om tango for to frå juli i år: Kva slags type Abraham-allianse ser Netanyahu for seg dersom ingen av arabarstatane skal med?

Israelarar demonstrerer i Tel Aviv 5. november.

Foto: Ammar Awad

Forhandlingsplanar

Kuppet til Netanyahu teiknar òg til å vere sabotasje av hans eigen lovnad til Trump om Abraham-avtalane frå juli i år. Då Emirata inngjekk ein slik avtale med Israel i 2020, var det i byte mot at Israel la annekteringsplanane på hylla.

Under Biden-regjeringa har Saudi-Arabia, Israel og USA teke forhandlingane vidare. Ein amerikansk forsvarsavtale med Saudi-Arabia skulle kome i byte mot normalisering med Israel og ein palestinsk stat. Forhandlingane vart avbrotne av Hamas-angrepet 7. oktober 2023 og det som etter kvart vart Israels sjufrontskrig.

Saudi-Arabia har heile tida halde fast at «forhandlingane skal takast opp att når krigen er over». Saudi-Arabia vil då ikkje trenge atomvåpen, ein palestinsk stat vil verte fødd med jordmorhjelp frå Saudi-Arabia, og Israel og saudiarane vil kunne inngå ein forsvarsallianse – ein Abraham-allianse, som vil trygge Israel om det skulle dra seg til andre stader i verda. Det var dette Netanyahu hinta til Trump om i juli.

Atomvåpenspørsmål

Men i skuggen av alle krigane har Netanyahu late busetjarane «rydde land» på det okkuperte Nord-Vestbreidda, som òg er det bibelske Judea og Samaria. Saudi-Arabia har dei siste månadene vorte klarare i sine posisjonar. Det er heilt utelukka å inngå avtale med Israel utan ein palestinsk stat.

Dagen etter at Gallant vart kasta, viste Riyadh også kvar landet ligg. Saudi-Arabias forsvarsminister er no på veg til Iran for å diskutere forsvarssamarbeid. Kva dei skal diskutere? Det kan vere så mangt. For eksempel iranske tilbod om regional patruljering av maritime farvatn, for å sikre energitilgang for asiatiske marknader og Kina. Det vil gjere sanksjonar mot Iran langt meir kompliserte (og auke presset for at USA skal ut av basane sine). Kanskje er det regionale forsvarssamarbeid med Russland eller Kina i bakre rekkjer? Eller kanskje er Saudi-Arabia òg lysten på litt atomvåpen?

Abraham-alliansen skal hindre atomvåpenkappløp i Midtausten. Men er det noko Trump eigentleg vil, spør Muhammed bin Salman, den eigentlege statsleiaren i Saudi-Arabia denne veka.

Vandrande målskiver

Tyrkias president Erdogan heng òg med i svingane. Etter heimkomst frå Riyadh tidlegare denne veka kunne han meddele at Tyrkia no bryt diplomatiske band med Israel og pressar på for våpenembargo mot Israel i FNs tryggingsråd, saman med alle arabarstatane. USA skal ut av Irak og Syria innan oktober 2025. Då er det Tyrkia, Russland og Iran som vert sjefane her.

Og det var denne veka Trump lanserte mykje av det nye teamet sitt. President Trump veit godt kva som ventar han i Midtausten i 2025, når atomavtalen med Iran går ut på dato. Med 40.000 amerikanske soldatar i regionen som vandrande målskiver, er åleinegang med eit endetidsorientert busetjar-regime i Israel utelukka. Hans val av team gjer lite for å endre på det, med unntak av ambassadøren til Israel, Mike Huckabee, som er ein velkjend støttespelar av israelsk kontroll over Vestbreidda. Det er han som skal sende bodskapane mellom Det kvite hus og Israel framover. Han har alt gjort klart at han ikkje skal lage politikken, men utføre den som Trump lagar.

Lite lystne på storkrig

Trumps spesialrepresentant til Midtausten, jødisk forretningsmann og golf-kamerat av Trump, som har samla inn pengar til våpen til Israel når Biden-regjeringa har sett 2000-tonnsbomber på hald, vil verte Trumps «stemme for fred som vil gjere oss alle stolte». Han var òg til stades i Kongressen i juli, då Bibi inviterte til dans.

Dei andre på Trump sitt lag har eitt fellestrekk. Den norskætta forsvarsministeren Pete Hegseth med fotsoldatrundar i Irak og Afghanistan, Odni-sjef Tulsi Gabbard, ein velkjend kritikar av Midtausten-krigane, og utanriksminister Rubio er alle Iran-haukar, men lite lystne på amerikansk storkrig mot Iran i Midtausten.

Å skulle gå til «krig mot Iran» dersom Tyrkia sit på sidelinja saman med Russland og Kina, og Saudi-Arabia plutseleg er på Iran si side, vil truleg verte den ekte Um al-Mar’rik i Midtausten (arabisk for «Mor til alle krigar», som Saddam Hussein kalla den første Golfkrigen i 1990/91). Det er ikkje eingong innanfor det ei Trump/Vance-regjering slik den ligg an til å sjå ut, kjem til å vurdere.

Guds vilje

Ein kan seie mykje om den godaste Donald Trump. Narsissist, ja visst. Men spesielt entusiastisk for endetidsprofetiar er han ikkje kjend for å vere. Og om Trump skulle sjå seg sjølv som Messias, er det for Amerika. Ikkje for eit Israel kuppa av ytterleggåande krefter som kan setje alle planane hans over styr, med det siktemål å la Guds vilje skje i fjella i det indre Middelhavet. Skulle Trump få det for seg at Netanyahu no har lurt han opp i stry, vert det ein heilt annan dans.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

Stridsvogner øver på å slå attende kinesiske landgangsstyrkar på Penghu-øyane i Taiwansundet.

Foto: Taiwan Military News Agency / Taiwan's Defense Ministry / AP / NTB

UtanriksSamfunn

Starten på ein storkrig?

For tida bur eg i eit fredeleg, demokratisk og velståande land, som risikerer å utløysa den neste storkrigen i verda.

HalvorEifring

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis