Statskaos: vaudevillar, intrigar og skrukketroll
Franske veljarar græt, freser og ler i full forvirring.
«Der er for mange skrukketroll i Elyséepalasset; dei krafsar i undergrunnen og gnafsar i veg.» Cloporte heiter det vesle krepsdyret på fransk. Vi støyter på det under steinar og blomepotter i hagen. Uroa krøllar dyret seg saman, vert mest usynleg, eller kravlar vekk i faderleg fart. Nemninga greip raskt om seg på folkemunne for «alle presidentens menn».
Ikkje kven som helst, men den totalt Macron-trugne Bruno Le Maire, finansminister sidan 2017, kom med utbrotet om den store mengda konsulentar og løynde rådgjevarar Emmanuel Macron omgjev seg med. Le Maire hevda såleis at det var les cloportes som kviskra Macron dårlege råd i øyra då han oppløyste nasjonalforsamlinga (Assemblée nationale).
Kaotisk rikspolitikk
Le Maire oppnådde berre å fôre karikaturteiknarar og folkeskjemtorda med nytt stoff. Der var nok å ta av frå før. Aldri tidlegare i den femte republikken (altså sidan 1958) har rikspolitikken sett så kaotisk ut, med paradoksal høgare intrigologi og hauk over hauk-spel overalt.
Nære rådgjevarar av Macron har ikkje ord harde nok om kva Macron stelte i stand. Som éin sa: «På to veker har han teke livet av to års politisk arbeid og påverknad.»
Norske medium melder om optimisme på den såkalla venstresida etter at ein del sosialdemokratar (frå Parti Socialiste) slo seg saman med ytrevenstrepartiet Ukuelege Frankrike (La France Insoumise, LFI), Dei grøne (Les Verts) og somme andre grupper.
«Dei små elitegruppene i Paris som vil avgjere korleis folk skal ha det, utan å spørje folk, kan no ha det så godt.»
Jamvel François Hollande, presidenten før Macron i 2017, er med. Alliansen heiter Nouveau Front Populaire (Nye Folkefronten, NFP), etter samlinga i 1936 av sosialistar og kommunistar i Front Populaire. Namnet er meint som eit dystert hint om kva tilstandane no liknar.
Optimismen fordunsta raskt. I valplattforma står eit punkt om kamp mot antisemittismen. På grunn av jamt aukande åtak på jødar og jødiske institusjonar, flyr no oppunder 20.000 jødar landet kvart år. Ein LFI-parlamentarikar erklærte brått at støtte til jødane var rein islamofobi – mange fylgde opp. Sidan er LFI naturleg nok skulda for antisemittisme og jødehat. Det hjelper ikkje at mange i partiet forsvarar talspersonen sin med stygge skuldingar mot jødar.
Som om det ikkje var nok, gjekk LFI-general Jean-Luc Mélenchon utan førevarsel ut og erklærte seg som statsministerkandidat for NFP. Mange partimedlemmer protesterte iherdig, især dei yngre; dei er glade i han slik ein er i ein krakilsk bestefar, men så langt vil dei ikkje sleppe han.
Sosialdemokratane mumlar at når gamle Hollande no har meldt seg til teneste, må han få vere statsminister. Noverande statsminister Gabriel Attal, som har skipa endå eit nytt parti, Ensemble! (Saman!), i protest mot Macron er heilt imot. Han oppmodar derimot sterkt om å røyste slik at Attal sjølv får halde fram som statsminister og berge landet.
Samling av høgreparti
Eit sjølvtrygt utspel kom så frå Nasjonal samling (RN, Rassemblement National) og leiaren Jordan Bardella. Han meiner det er liten grunn til å tru at noka fløy som støttar Macrons politikk, vil få fleirtal, ikkje minst sidan republikanarleiaren Éric Ciotti går saman med RN mot at Ciotti sjølv blir minister i regjeringa der Bardella blir statsminister.
Manøvreringane til Ciotti kunne vore klassiske vaudevillar, med usamanhengande komiske scener i vill fart og med song og dans. Men det kan seiast at han endeleg oppnådde samling av eit kranglete høgreparti der fraksjonane hata kvarandre, etter at dei samla seg om å ekskludere leiaren sin. Ciotti nekta å gå av, stengde seg inne i partihovudkvarteret og vinka smilande til pressa frå balkongen.
Ekstranøkkel vart funnen og Ciotti jaga ut. Men så dømde ein domstol at det var ulovleg å ekskludere Ciotti. Dermed fann gammalgaullistar, gammalfeministar, hyperliberalistar og kven elles som i dag utgjer det mottetne Republikanar-partiet, saman i ein anti-Ciotti-resolusjon («mottetne»: eit bilete som har vore brukt, er at det før berre var borebiller som heldt kvarandre i hendene som sikra at trevirket framleis heldt saman). Aldri så gale at det ikkje er godt for noko, altså; Ciotti gav ei samling av partiet. Partiapparatet rår likevel dei over som har slått seg saman med kyniske Ciotti og organiserer partilistene mange stader.
Dåm av kamferkiste
Søndag 23. juni offentleggjorde Macron eit brev til franske veljarar. Teksten har sterk dåm av kamferkiste og forgangen stordom, med uttrykk frå Charles de Gaulle, og kan samanfattast slik: Eg høyrer dykk, eg forstår dykk, landsmenn og -kvinner, lit på meg og fylg mine råd, så går det bra.
Bodskapen er at no må bergast alt som bergast kan, slik som alt no eingong er, irekna alle dei upopulære reformene som gule vestar og andre laga bråk om. Det er ingen vanskar for TV-reporterar å finne gamle og unge sosialistar og høgrefolk som vitnar at dei røystar Nasjonal samling.
Jean-Luc Mélenchon har stelt seg slik at den nye sosialistalliansen, NFP, virrar ikring og kranglar heller enn å drive valkamp. Høgrefolk som no fann saman i ulukka, sver dyrt og heilagt at same kva, så går dei aldri i koalisjon med NFP så lenge Mélenchon og antisemittane er der. Aldri stør dei heller forrædaren, renegaten Ciotti.
Den folkelege reaksjonen tykkjest vere, ut frå media og også tilfeldige samtalar eg har hatt siste dagane, slik: Dei små elitegruppene i Paris som vil avgjere korleis folk skal ha det, utan å spørje folk, kan no ha det så godt.
Ny tid i emning
Det kan nok vere at den apokalyptiske tonen i Bardella-valkampen skremmer vekk enkelte; valkampmøta brukar til dømes motiv frå filmar som Dagen etter i morgon for å illustrere kor annleis Frankrike skal verte med RN ved styringa. Partiet får ei mektigare parlamentsgruppe enn i dag. Det er alt forkynt at Marine Le Pen held fram som leiar i påvente av nytt presidentval om tre år.
Parlamentet kan nok verte ute av stand til å forme fleirtal for ein regjeringskoalisjon. Eitt er likevel sikkert: Den femte republikken nærmar seg ytterpunktet for funksjonsevna si, ei ny tid er i emning. Vi ser om litt moglegvis unnfanginga av ein sjette republikk, slik både ytrevenstre og ytrehøgre har ønskt seg lenge. Det er langt frå visst at det vert noko vakkert syn.
Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Mange vil nok finne ein feil på dette biletet. Men la meg forklare.
Foto: Dagfinn Nordbø
«Mange vil miste munn og mæle når eg slår frampå om kvitlauk i fårikålen.»
Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.
Foto: Filmweb.no
Det andre blikket
Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.
Tormod Haugland, frå Radøy i Hordaland, forfattardebuterte som 32-åring og har sidan gitt ut ei lang rekke romanar, noveller, dikt og dramatikk.
Foto: Helge Skodvin
Livets dropar
Hauglands fabel pendlar mellom draum og røynd.
«Moren» blir løfta på plass utanfor Munch-museet i 2022.
Foto: Heiko Junge / NTB
Hvor original er «Moren» foran Munchmuseet?
Anna Fesun, «Guds moder», gjev «magisk hjelp» til hjelpelause og medvitslause ukrainarar – mot eit verdsleg vederlag.
Krig og psyke
Det er vanskeleg å vite om den nye «sigersplanen» som president Zelenskyj nyleg varsla, er ein verkeleg sigersplan eller berre ein ny freistnad på å kurere tungsinn i det ukrainske samfunnet.