JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Slavehandel med migrantar

Kamuflert som hjelp til flyktningar er slavemarknaden frå gamle dagar skapt på ny.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Lastebillass etter lasterbillass med migrantar rullar inn i ein lukka leir i  Gharyan i Libya 12. oktober 2017. Mange her har rapportert om slavehandel.

Foto: Hani Amara/Reuters/NTB scanpix

8387
20180831
8387
20180831

Ei mengd organisasjonar som tilsynelatande skal hjelpe flyktningar, driv med menneskesmugling inn i Spania og Frankrike via Nord-Afrika. Onsdag 8. august slo spanske og franske medium stort opp at eit internasjonalt samarbeid mellom politistyrkar hadde sprengt ein omfattande liga for slavehandel. Eit trettitals personar vart arresterte, og kring 300 menneske frigjevne frå det som venta, nemleg ulønt slaveri som tiggarar, prostituerte og i visse høve arbeid i narkotikaproduksjon eller anna. Andre var alt vidaresende.

Avslørte liga

Politiet i den vestfranske regionen Nouvelle Aquitanie hadde notert seg tilflyt av papirlause tiggarar og prostituerte, men fekk ikkje tak i «forsyningslinene». Éin dag fekk dei rapport frå nokre mistenksame landsbybuarar som hadde lagt merke til at to personar såg ut som om dei heldt vakt og tok imot grupper av folk på togstasjonen Saint-Sébastien i den vesle byen Creuse. Politiet overvaka og analyserte trafikken, kartla saman med spansk politi rutene i Spania og rulla dermed opp eit sinnrikt transportsystem skapt av ein liga organisert i celler, oppetter frå Vest-Afrika og heilt til Paris.

Fyrst har ligaen rekruttert migrantar, med løfte om lovleg EU-opphald, i landa Senegal, Mali, Guinea og Elfenbeinskysten. Dinest er desse frakta i større grupper til Marokko, der dei er delte opp i grupper på under 30 og frakta til Spania i småbåtar. Kvar gruppe har så fått delt ut verdlause papir og er førespegla arbeid, husvære og løn. Gruppene er dinest samla i eit hemmeleg mottakssenter like nord for Pyreneane. Derifrå er dei tekne med i bussar, varebilar eller tog til mindre byar, der dei er samla igjen og frakta innesperra i containerar eller vogntog ulike vegar nordover til storbyane, fyrst og fremst Lyon, Nantes og Paris. På mottaksstadene har dei fått faste vaktarar, og dei har budd i bur, kjellarar eller på andre måtar blitt sperra inne. Alt dei har tent som tiggarar eller prostituerte, er blitt beslaglagt. I mange tilfelle er folk regelrett selde til ulike slag mottakarar. Førebels seier politiet at dei har oversyn over korleis hundretusenvis av euro har skifta hender i dei siste rundane.

Samarbeid

Heilt konkrete opplysningar har ikkje ålmenta fått om ansvarlege og geografiske punkt, for det er fyrste gong eit slikt nettverk er fullstendig rulla opp i samarbeid mellom mange land. Politiet satsar på å forfylgje spor dei har om tilsvarande opplegg. Diverre ser det ut til å verte eit Sisyfos-arbeid å halde fram, og det må store løyvingar til for å byggje ut spesialstyrkar til å ta seg av smuglinga, som er laga for å kunne forvekslast med hjelpeaksjonar for flyktningar.

Styresmaktene i Frankrike har likevel gode grunnar til å ville satse på å avgrense mengda av «underjordiske» (fransk: clandestins), altså papirlause innbyggjarar, for desse gruppene styrkjer organisasjonsformene som held oppe narkotikatrafikk og menneskehandel i strok der ein har vanskar med å halde orden ålment, og såleis risikerer ein at terrorgrupper vert finansierte av narkotikafabrikkar og prostitusjon. Truleg vil opprullinga av dette slaget gjengar få høg prioritet.

Marokko var elles, jamvel som fransk protektorat, av dei aller siste landa i vår kulturkrins til å drive slavehandel. Nyare historisk gransking har teke for seg korleis løynd slavehandel kunne gå føre seg til kring førre hundreårsskiftet. Og det finst vitnemål om at visse slike tiltak dukka opp igjen, frå folk som mintest den tida, og som franskmennene innsette som leiarar like etter krigen – noko som var med på å undergrave autoriteten til den franskvenlege pasjaen av Marrakech og andre, og som tvinga fram sjølvstendet til Marokko i 1956 på nokolunde fredeleg maner.

Konsentrasjonsleirar

Slavehandel har likevel heilt sidan 1970 vore kjent og i aukande grad registrert, i seinare år ikkje minst av organet under Dei sameinte nasjonane (SN) som blir kalla Den internasjonale organisasjonen for migrasjon, IOM på engelsk, OIM på fransk. Ein representant for IOM, Fatima Ezzahra Otaibi, la våren 2017 fram rapportar og tal som ho nyss har lyfta fram igjen, om at ein sidan 2012 har avslørt og oppløyst om lag 400 grupper som driv menneskehandel, i Marokko. Mørketala i dette store, langstrakte landet med uklåre grenser i sør og søraust er mest ikkje til å tenkje på, trass i mange nye lover som er komne dei siste åra for å stagge utviklinga.

Marokko er helst eit problem for Spania og Frankrike. Eit langt større problem for Italia, Malta og EU-politikken er dei velkjende konsentrasjonsleirane i Libya. Det ligg minst 42 slike leirar i Libya, og ingen har noko godt oversyn over kor mange menneske som er innesperra der – ein reknar med mellom 400.000 og 700.000. Fleire stader finst der reine opne slavemarknader, med utbyding og bydarar, som om ein skulle vere sett 300–400 år attende i tid.

Småherskarar rår

I november 2017 rapporterte IOM om at det ved Tripoli var internert 3800 menneske som skulle sendast som «kveg» nordover til Europa. Straks protesterte den libyske SN-ambassadøren Elmahdi S. Elmajerbi; han kalla opplysningane «skjendig bakvasking av Libya». Men CNN køyrde ut velførebudde reportasjar som òg blei viste i franske og italienske kanalar, noko som resulterte i demonstrasjonar og krav frå ulike regjeringar om at SN og dei libyske styresmaktene måtte få slutt på menneskehandelen. Visestatsminister Ahmed Metiq lova å setje ned ein kommisjon for å sjå på problemet. Kommisjonen har ikkje gjeve lyd frå seg.

Problemet med Libya er at ein fredsavtale etter borgarkrigstilstandane som fylgde av 2011-aksjonane, delte landet opp i område kontrollerte av ulike grupper. Metiq og Elmajerbi tilhøyrer den einaste anerkjende autoriteten utanlands, den nasjonale sameiningsregjeringa, og talar på vegner av Libya internasjonalt, under leiing av statsminister Fayez al-Sarraj. Problemet er berre at dei to andre fraksjonane, med nokså ulikt opphav – den eine resultat av eit statskuppforsøk frå representanthuset, den andre med militær bakgrunn – ikkje godtek overherredømmet til sameiningsregjeringa. I realiteten er landet maktmessig delt i tre «krigsherredømme», med mange blindsoner imellom, der reine Mad Max-grupper av småherskarar rår og stridest.

Dermed kan ein ikkje rekne med at den libyske sameiningsregjeringa klarar å få stopp på slavehandelen, som går føre seg under nasen på statsministeren med sete i Tripoli. Den amerikanske ambassadøren til SN, Nikki Haley, har sagt at «å sjå unge menn bydde fram som sterke arbeidsfolk med gode musklar er hjarteskjerande». Afrikanske land, jamvel Rwanda, har prøvd å hjelpe ved å både ta imot flyktningar frå slike leirar, kjøpe folk fri og love å ta fleire.

Lovlaust

Handelen held dagstøtt nådelaust fram. Dei som har pengar å betale med – det skal vere ein «takst» på 540 euro per flyktning, opplyser TV-kanalen France 2 – vert sende med eigne transportar i nettverk av same typen som den nyss sprengde spansk-franske ligaen. Flyktningar utan pengar sel seg og vert per definisjon slavar, med mindre dei vert drepne eller – i sjeldne høve – klarar å verte del av båtflyktningstraumen. Dei som ikkje kan vere til nytte for nokon, vert det gjort kort prosess med.

Libya er i praksis lovlaust. Akkurat som i Algerie kan store flokkar migrantar vere drepne og etterlatne i ørkenen i sør. Det finst få utvegar om ein fyrst har hamna i ein leir, anna enn det smuglarane avgjer, og små og store maktgrupper er med på å hauste dividendar av trafikken. Fatima Ezzahra Otaibi opplyser at av alle som kjem frå Sahel-landa (områda like sør for Sahara), er minst 60 prosent born.

Born som vaksne vert kvar dag selde til EU-land. Offisielt lèt EU att augo. Ein talar gjerne som om det ikkje er skilnad på konsentrasjonsleirar og flyktningmottak. Ein må undrast over at jamvel norske politikarar klarar å halde fast på ein slik naivitet. Den energien som skal til for å fornekte røyndomen i migrasjonsstraumane, skulle heller vore nytta til å lage internasjonale tiltak for å få stagga spekulantane som utnyttar, forverrar og aukar alle flyktningstraumar.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire stader finst der reine opne slavemarknader, med utbyding og bydarar, som om ein skulle vere sett 300–400 år attende i tid.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Som låtskrivar er Jessica Pratt meir oppteken av stemningar enn forteljingar, meiner Øyvind Vågnes.

Foto: Samuel Hess

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Mindre er meir

Den nye plata til Jessica Pratt, Here in the Pitch, er hennar beste så langt.

Blaz (Aristote Luyindula) (t.v.) har ikkje stor tiltru til systemet, men aktivisten Haby (Anta Diaw) kjempar for å forbetre tilhøva i den falleferdige bustadblokka deira.

Foto: Laurent le Crabe

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Oppussinga

Ladj Ly lenar seg mot melodrama etter ein rå debut.

Høgpatogen fugleinfluensa spreier seg stadig og har no råka mjølkekyr i USA.

Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB

DyrFeature

Influensa-alarm

I mars i år blei det slått full smittealarm i USA. Fugleinfluensa er no funne i meir enn 40 mjølkekubesetningar frå ti ulike delstatar.

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis