JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Skolen er statens hjerte»

Kva er målet med skulen i dag? Vi har ein formålsparagraf fylt av vakre ord, men eg vil påstå at målet, slik det vert utøvd, er langt frå samlande.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6200
20221028
6200
20221028

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Den versjonen av kommentaren som står på trykk i papiravisa, er dessvere ein gammal versjon. Kommentaren vart oppdatert fredag 28. oktober kl. 12.00.

Kva vil vi eigentleg med skulen? Det er spørsmålet som ligg under alle dei andre spørsmåla vi diskuterer når skulen står på agendaen. Og det gjer han jo stort sett heile tida. Eg ville skrive ein kommentar med utgangspunkt i dette spørsmålet, men så støytte eg straks på ein stor elefant. For kven er «vi»? Eller, kven sitt «vi» kjem fram i læreplanane til skulen?

For å få eit perspektiv på dette spørsmålet gjekk eg til skulehistoria og fann fram eit programskrift frå 1835, skrive av skulemannen Frederik Moltke Bugge. Forutan å sørgje for at Ivar Aasen fekk stipend til å forske på dialektar, var Bugge ein dyktig pioner som blant anna forvandla Trondheim katedralskule frå berykta anstalt til mønsterskule.

Med sine klare visjonar om kva skulen skulle vere, prega han skuledebattane på 1800-talet. Kan han kaste ljos over vår eiga tid?

Statens hjarte

«Skolen er statens hjerte». Slik lyder opninga i Bugges traktat. Hjartet dunkar i veg, medan dei andre organa i kroppen, slik Bugge skildrar dei, har i oppgåve å førebu «stoffet» som går til hjartet, før det derifrå blir pumpa ut som liv og næring til dei finaste kara i lekamen.

Biletet er jo berre fantastisk. Skulen som hjarte i ein sydande og levande kropp syner den heilt sentrale rolla skulen har i samfunnet. Kva meinte så Bugge var vesentleg i skuledebatten? Det handla om korleis skulen skulle stå imot tidsånda der det var naudsynt.

Det var vesentleg for kvar tidsepoke å ha eit kritisk blikk på tidsånda, meinte Bugge. (Eg kunne ikkje vore meir einig.) For alle dei kreftene staten utviklar, avheng av tidsånda. Det er difor av aller største naudsyn å forstå korleis dei verkar tilbake på skulen. Tidsånda legg nemleg ned frø som over tid skal bere anten god eller dårleg frukt. Viss det syner seg at tidsånda motverkar skulens eige mål, ja då er det duka for kamp mot tidsåndas innverknad.

Resultatstyring

Kvar frø vert sådde i skulen i dag? Noko er lett å peike på. Resultatstyring og New Public Management er ein stad der frøa frå konkurransesamfunnets individualisme og syn på mennesket som human resources vert sådde. Eit anna frø vert sådd gjennom digitalisering der barnehjernane vert programmerte om og abstraherte både frå konsentrasjon og det menneskelege livet generelt. Og så har vi den heite poteten radikal kjønnsideologi, som ikkje berre sår før, men som set knollar i heile utdanningsløpet frå barnehage til høgskule.

For å avgjere om desse frøa, og knollane, er bra eller dårleg samvirke mellom skule og samfunn, må vi eit hakk djupare, ifølgje Bugge. Vi må vite kva vi vil med skulen, kva som er målet for skulen?

Her kan eg berre misunne Frederik Bugge som kunne stå med begge beina trygt planta i eit ideal meisla ut av renessansens store humanistar. Eg får mest stjerner i augo når eg les teksten hans. For Bugge var målet for skulen humanitet, noko som romma alle dei eigenskapar som gjer menneske til menneske, nemleg å vere eit vesen midt mellom det endelege og det uendelege.

Skulen skulle fostre både dugleik i dei timelege tinga og ei klar oppfatning av det ibuande uendelege, og dimed ein nødvendig «lengt og streven». Lærarane var ikkje anna enn denne humanismens prestar. Dei skulle kjempe mot dårleg påverknad frå tidsånda – mot manglande konsentrasjon, det overflatiske og nyttetenking, som var tre av dei trugsmåla Bugge identifiserte. Dette kravde ein sterk lærarstand med medvit om eige kall. Styrk lærarane, gje dei høgare løn, sats på lærarseminara, var bodskapen til Bugge.

Målet er endra

Korleis kastar desse tankane ljos over vår eiga tid? Kva er annleis no frå då? Fyrst og fremst er det målet. Kva er målet med skulen i dag? Vi har ein formålsparagraf fylt av vakre ord, men eg vil påstå at målet, slik det vert utøvd, er langt frå samlande. Medan «humanitet» tidlegare streva mot «det ibuande uendelege», er det no redusert til anerkjenning, inkludering og sjølvrealisering med klare ideologiske tolkingar av kva det skal innebere.

No er det sjølvsagt ikkje slik at skulen var fri frå ideologiske grep på Bugges tid. Skulen var grunngjeven i trusopplæringa til statskyrkja. Men når vi ikkje lenger har eit slikt einskapssamfunn, og når korkje statskyrkja eller kristendomsfaget finst meir, kvifor då erstatte dei med ny ideologi, og attpåtil ideologiar som synast å vere tidsånda sjølv?

Sjølv om skulen hegnar om eit fleirkulturelt samfunn, er det ikkje difor gitt at vi skal byggje oppsedinga på ein multikulturalistisk ideologi der rettane til individet fort vert undergravne av grupperettar, eller der ein relativ - eller totalitær - sekularisme vert lagd til grunn. Og sjølv om vi byggjer på menneskeverd og likeverd, er ikkje oppløysinga av kjønnskategoriar ein naudsynt konsekvens. Det er heller ikkje alle som tenkjer at digitalisering er løysinga på alt. Det er sterke motsetnader i kva vi ønskjer som mål for skulen i dag, men det som vert tydeleg – det som vinn – er den sterke statlege styringa. Dei overordna måla for kva og kor vi vil med skulen, kjem ovanifrå. Det er statens «vi» som kjem fram i skulens læreplanar.

Ei slik overstyring trædd ned over skulane var Bugge sterkt imot. For utan at skulen og lærarane sjølve fekk innverknad på kva som skulle lærast, var inngrep frå overordna autoritetar ikkje anna enn «odiøst». Det kunne han seie, for han hadde skulen ein kjerne, forankra i dei høgste oppgåvene til lærarane. Om skulen ikkje har nokon eigen kjerne, vert skulen fort slukt av tidsånda. Skulen vert tidsånda. Korleis kjempe mot tidsånda når ein ikkje veit kva som er målet, eller – kanskje meir presist – når tidsånda er blitt målet? Og viss læraren i dag er redusert til ein som iverkset den ideologien staten pålegg, med rektorar som mellomleiarar med rapporteringsplikt til staten, kven skal då kjempe når skadeleg tidsånd bles på skulen?

Eivor Andersen Oftestad er professor i kristendomshistorie ved Høgskolen i Innlandet.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro
Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Christine Hope, Thomas Bye og Gisle Børge Styve står på scenen i revyen om E16.

Foto: Andreas Roksvåg

TeaterMeldingar

Syltynt

E16 Dødsvegen er ei framsyning som har lite å melde – og som melder det i over halvannan time.

Jan H. Landro
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov
Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis