JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Sanninga og løgna

– Forferdelege overgrep går føre seg i områda som er tekne av russiske styrkar. Drap og valdtekter, sa Serhiy, ein ukrainsk menneskeretts­forsvarar til meg på telefon.
Det var veker før bileta frå Butsja vart publiserte.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Menneskerettshuset utanfor Tsjernihiv slik det ser ut etter åtak frå russiske styrkar.

Foto: Educational Human Rights House Chernihiv

6468
20220408
6468
20220408

Human Rights Watch kom søndag med ein rapport der dei dokumenterte ei rad saker frå 27. februar til 14. mars frå okkuperte område rundt Tsjernihiv, Kharkiv og Kyiv. Brotsverka talde fleire valdtekter, avrettingar, vald og trugsmål mot sivile.

«Sakene vi har dokumentert, viser ubeskriveleg, målretta vondskap og vald mot sivile ukrainarar», skreiv organisasjonen i ei pressemelding og kravde at handlingane som russiske styrkar var ansvarlege for, må bli etterforska som krigsbrotsverk.

Søndag nådde bileta frå Butsja verda, frå ein forstad til Kyiv som har vore under kontroll av russiske styrkar i ein månad, der lik vart funne avretta i gatene og fleire i massegraver. Rapporten frå Human Rights Watch var tydeleg, men det var bileta frå Butsja som førte til at fleire statar krev internasjonal gransking, og at Putin må stillast for retten for krigsbrotsverk.

Døde vitne

Andre lokale vitne til brotsverka og lidingane på ulike kjende og mindre kjende stader i Ukraina, vart sjølv offer. Hittil er seks ukrainske journalistar drepne i krigen. Ein av dei var fotograf og filmskapar Max Levin. Han blei funnen i ein landsby ikkje langt frå Kyiv etter å ha vore sakna i to veker. Han jobba ti år for Reuters, BBC og Associated Press. Han etterlét seg fire born.

Laurdag vart ein annan filmskapar drepen. Den litauiske dokumentarfilmskaparen Mantas Kvedaravicius vart ifølgje det ukrainske forsvarsdepartementet drepen medan han prøvde å flykte frå Mariupol. Han var der for å dokumentere lidingane i den kringsette byen.

Mantas kjende området godt. Han hadde tidlegare laga den prislønte dokumentfilmen Mariupolis, som han filma etter at russiske separatistar i 2014 prøvde å ta over byen. Tidlegare hadde Mantas dekt lidingane i Tsjetsjenia. Eit engasjert og raust menneske som delte av si innsikt. Dei gongene eg møtte han i Vilnius, følte eg meg klokare etter ein samtale med han.

Forsvinningar

Den ukrainske menneskerettsorganisasjonen Zmina har dokumentert minst 90 forsvinningar dei siste vekene i Kherson-, Donetsk- og Kyiv-regionen. Mellom desse er borgarmeistrar, menneskerettsforsvararar, frivillige, religiøse og politiske leiarar av lokalsamfunn. Nokre er funne, men i hovudsak veit dei framleis ikkje kor folk er. Ifølge Zmina er motiva for forsvinningane å spreie frykt i lokalsamfunnet for å bryte ned samhaldet og motstanden mot okkupasjonen.

Då redaktøren av lokalavisa Novy Den, Oleh Batyrin, frå Kherson-distriktet dukka opp att etter åtte dagars forsvinning, fortalde han om uverdige tilhøve i fangenskap.

– Dei ville vise kva som kan hende med ein journalist, sa Batyrin.

Zmina og andre som er med i kampanjen for å synleggjere sakene, viser namna og ansikta til dei forsvunne internasjonalt for å sende eit signal til Kreml om at desse folka ikkje er gløymde. Saman med andre organisasjonar i Menneskerettshuset for Krim i eksil dokumenterte Zmina liknande forsvinningar etter at Russland okkuperte Krim for åtte år sidan.

Øydelagt hus

Eit anna bilete som har festa seg hos meg, er av det øydelagde Menneskerettshuset utanfor Tsjernihiv på veg mot Kyiv. Saman med ukrainske sivilsamfunnsorganisasjonar hadde vi vore med på å etablere det.

I januar 2014, då det framleis var uvisst om Janukovitsj ville få gjennom dei drakoniske lovene som ville forby folk å samle seg eller etablere og drive organisasjonar, blei bygningen kjøpt. Demonstrantane på Majdan sytte for at dei restriktive lovene aldri blei vedtekne, og at Janukovitsj måtte flykte til Russland etter å ha skote mot eigne innbyggjarar.

Menneskerettshuset blei dei neste åra ein samlingsstad for menneskerettsforsvararar, aktivistar og advokatar frå heile Ukraina. Også russarar, kviterussarar, georgiarar og polakkar deltok på seminara for å auke forståinga for menneskerettar og demokrati.

Eg vart vitne til at russarar og ukrainarar ein sein kveld song Vysotskijs protestsongar saman. Det siste året vart huset ein stad forfølgde kviterussarar søkte tilflukt frå Lukasjenkas undertrykking. Hundrevis nytta seg av tryggingsprogrammet til huset som låg strategisk til ikkje langt frå grensa til Kviterussland.

Etter krigen blei det liggjande i frontlinja. Den 3. mars vart huset skadd i kampar, og dei tre kviterussiske familiane som heldt til i bygningen, kunne ikkje bu der lenger. Sjølv om ingen blei skadde, var det likevel vondt å sjå bilete av øydeleggingane der vi hadde vore så mange gonger.

Det skulle gå nesten tre veker til før dei og fleire tilsette endeleg kom seg ut av Tsjernihiv, som har vore hardt ramma av russiske bombenedslag under krigen. Ingen internasjonale representantar var til stades for å sikre trygge korridorar ut, så evakueringa blei koordinert av ukrainske organisasjonar. Dei tok risikoen sjølve då russarane la fram forslag om at sivile skulle evakuerast til Russland og Kviterussland.

For aktivistane i kjellarane i Tsjernihiv var det å vende attende til Kviterussland, som dei hadde flykta frå, ikkje eit alternativ. Også Serhiy, leiaren av huset, kom seg ut, og saman med andre har han bygd opp eit senter i Lviv der aktivistar kan jobbe og bu for ein periode.

Vald

– Ikkje éin einaste lokal innbyggjar har vore utsett for vald, påstod den russiske ambassaden søndag kveld.

Oppi denne ordkrigen var Morten Jentofts dekning for NRK i Butsja viktig. NRKs filming av sivile lik i gatene, nye internasjonale satellittfoto som vitnar om at lika har lege der i vekevis, men òg Human Rights Watchs og lokale menneskerettsgruppers dokumentasjon av overgrep, er avgjerande når Putins folk påstår at dette er fingert.

Sidan russarane ikkje har media att inni landet som uhindra kan vise sanninga, har ei gruppe i byen Kazan byrja skrive oppdateringar om krigen på prislappar i daglegvarebutikkane. På den måten kan folk få vite sanninga medan dei handlar.

No spreier hatet seg på nettet, og eg veit ikkje om vi nokon gong igjen vil å få høyre russarar og ukrainarar synge Vysotskij saman. Sjølv har eg funne fram Vysotskijs song «Sanninga og løgna» medan eg ser på bileta fotograf Max Levin tok dei fyrste dagane av krigen.

Ane Tusvik Bonde er seniorråd­givar i Human Rights House Foundation.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eg vart vitne til at russarar og ukrainarar ein sein kveld song Vladimir Vysotskijs protest­songar saman.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis