JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Russland invaderte Ukraina i 2014

– Avgjerda til Den europeiske menneskerettsdomstolen er truleg den grundigaste gjennomgangen av Russlands involvering i konflikten i Aust-Ukraina sidan april 2014, skriv Eirik Holmøyvik.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Separatisar, prorussiske, russiskstøtta – eller russarar? Russiske offiserar har kommandert oppreisten i Aust-Ukraina heilt sidan 2014, konkluderer Den europeiske menneskerettsdomstolen.

Foto: Efrem Lukatsky / AP / NTB

5926
20230224

EMD

Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) er ein internasjonal domstol som avgjer tvistar når medlemsland i Europarådet vert klaga inn for brot på Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).

Domstolen, som har sete i Strasbourg, har dommarar frå kvart av medlemslanda.

KOMMENTAR

eirik.holmoyvik@uib.no

For dei fleste av oss er datoen 24. februar 2022 klistra til minnet. Bileta av russiske helikopter og panserkolonnar på veg mot Kyiv fjerna all tvil om at Russland hadde invadert Ukraina og starta ein storkrig i Europa. Men når invaderte Russland Ukraina, eigentleg? Ei fersk avgjerd frå Den europeiske menneskerettsdomstolen den 25. januar gjer det klårt at Russland invaderte Ukraina alt i april 2014.

Russland har heile tida nekta for at russiske styrkar hadde vore utplasserte i Aust-Ukraina før 24. februar 2022. I staden har forteljinga til dei russiske styresmaktene vore at det i mars–april 2014 braut ut eit folkeleg opprør mot undertrykkinga av dei russiskspråklege innbyggjarane i Aust-Ukraina. Dette opprøret førte til opprettinga av dei såkalla folkerepublikkane Donetsk og Luhansk.

Russland har heile tida hevda at kamphandlingane i Aust-Ukraina dei påfølgjande åra var mellom separatistar og styresmaktene i Kyiv. Gjennom denne forteljinga har Russland freista å måle eit bilete av ein undertrykt russiskspråkleg minoritet i Aust-Ukraina, som eigentleg ønskjer å vere ein del av Russland.

Mål og makt

Sjølv om få har trudd fullt ut på denne forteljinga, fekk ho delvis gjennomslag i norsk og internasjonal media. Kamphandlingane i Aust-Ukraina har blitt omtala som ein konflikt mellom Ukraina og «prorussiske» eller «russiskstøtta separatistar». Så seint som i midten av februar i år omtala Dagbladet den russiske offiseren Igor Girkin som tidlegare leiar for «separatistene som har kontrollert deler av Donetsk fylke siden 2014» og har spelt ei viktig rolle «i den russiskstøttede krigføringen i Ukraina».

I kampen om sanninga betyr terminologien noko. Ord som «separatistar», «russiskstøtta» og «prorussisk» gjev inntrykk av ei djup kulturell og etnisk splitting i det ukrainske samfunnet. Samstundes bidreg ordbruken til å legitimere russisk innblanding i Ukraina for å hjelpe språk- og kulturfrendar.

Det er denne forteljinga som Den europeiske menneskerettsdomstolen slår beina under i eit søksmål Ukraina og Nederland har reist mot Russland. Det søksmålet handlar om, er om Russland kan haldast ansvarleg for menneskerettsbrot i dei såkalla folkerepublikkane i Aust-Ukraina. Dette omfattar også nedskytinga av flyet MH17, der 298 menneske vart drepne, mellom dei 193 nederlandske statsborgarar.

Domstolen som vitne

Det kan verke litt rart å bruke ein domstol som eit sanningsvitne på historiske hendingar. Domstolsprosessen er likevel godt eigna til å avklare omstridde faktiske hendingar. Grunnen er at påstandar må dokumenterast av saksøkarane, og motparten har høve til å leggje fram eigne bevis. Det heile vert så vurdert av uavhengige og upartiske dommarar.

Det er også juridiske grunnar til at nettopp Den europeiske menneskerettsdomstolen er særleg godt eigna til å skjere igjennom den russiske forteljinga. Etter folkeretten kan det vere krevjande å gjere ein stat ansvarleg for krigshandlingar utanfor eige territorium når staten ikkje ope står fram som deltakar i konflikten med soldatar på bakken.

Her er ansvaret under Den europeiske menn­eskeretts­konvensjonen enklare. For at ein stat skal bli ansvarleg for menneskerettskrenkingar utanfor eige territorium, er det tilstrekkeleg at staten har effektiv kontroll der. Menneskerettsdomstolen ser altså på realitetane på bakken. Til dømes har menneskerettsdomstolen tidlegare halde Storbritannia ansvarleg for drap og ulovlege fengslingar i Irak under den britiske okkupasjonen der.

Så kva var realitetane på bakken i Aust-Ukraina frå våren 2014?

Regissert oppreist

Menneskerettsdomstolen finn det bevist ut over all rimeleg tvil at russiske militære styrkar har kriga på ukrainsk jord, og at russiske offiserar har kommandert såkalla separatistgrupper sidan våren 2014. Alt i august 2014 kjempa fleire tusen russiske soldatar på ukrainsk jord, mellom anna i det blodige slaget om Ilovaisk. Russisk artilleri bombarderte også ukrainske styrkar frå stillingar over grensa.

Domstolen finn det òg bevist at fleire av leiarane av dei såkalla folkerepublikkane var russiske militære som handla på instruks av russiske styresmakter. Mellom desse var den såkalla separatistleiaren Igor Girkin, som domstolen fann det bevist å ha handla på ordre frå russiske styresmakter. Vidare finn domstolen det bevist at Russland frå byrjinga av forsynte dei såkalla separatistane med våpen og utstyr, trena soldatane deira og finansierte dei såkalla folkerepublikkane.

Konklusjonen til menneskerettsdomstolen er at frå dei to såkalla folkerepublikkane heldt folkerøystingar om lausriving 11. mai 2014, var heile separatistoperasjonen koordinert og styrt av den russiske staten. Avgjerda etterlét ingen tvil om at Russland i praksis invaderte Ukraina alt i 2014. Det som skjedde 24. februar i fjor, var ei eskalering av konflikten frå russisk side.

Røvarhistorie

Avgjerda til menneskerettsdomstolen er truleg den grundigaste gjennomgangen av Russlands involvering i konflikten i Aust-Ukraina sidan 2014. Sjølve avgjerda tel 230 sider og har eit vedlegg på 811 sider med dokumentasjon. Europeiske dommarar frå 17 ulike land har vurdert og forkasta den russiske forteljinga.

Frå no av bør styresmakter, media og andre slutte å snakke om «prorussiske» eller «russiskstøtta separatistar» i Aust-Ukraina. Det var Russland heile tida.

Eirik Holmøyvik er professor på juridisk fakultet ved Universitetet i Bergen.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis