JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

«Russiske krigstog, dra til helvete!»

Det store spørsmålet er: Vil dei russiske styrkane nokon gong forlate Kviterussland?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Russiske stridsvogner på jernbanen i Kviterussland før invasjonen tok til i Ukraina 24. februar. No kan dei risikera å møta jernbanepartisanane som kjempar mot russarane.

Foto: Russisk forsvarsministerium

7105
20220429
7105
20220429

KOMMENTAR

redaksjonen@dagogtid.no

Vi trudde at Russland var sterkare. For to månadar sidan trudde vi at Ukraina ville kollapsa. Og vi var redde for at restane av den kviterussiske staten ville kollapsa like etter. Men den heltemodige motstanden til ukrainarane har snudd opp ned på alt. Mange kviterussarar har verva seg friviljug for å kjempa på ukrainsk side, men til no har det ukrainske forsvaret teke inn få av dei. I mangel på utstyr verte berre dei mest kampdyktige mennene rekrutterte.

I mellomtida saboterer friviljuge jarnbanenettet i Kviterussland. I fleire dagar lukkast kyberpartisanar med å blokkera det elektroniske jernbanenettverket i landet.

Kviterussarar har òg, etter oppmoding frå opposisjonssinna offiserar, delteke i ei rekkje andre meir tradisjonelle sabotasjeaksjonar. Dei har sett fyr på reléskap som fjernstyrer kvar toga går. Motstandsmennene har likevel sørgt for ikkje å kryssa den hårfine grensa. Det vart sørgt for at aksjonane ikkje førte til tap av menneskeliv. Like fullt har dei klart å stansa alle tog, inkludert tog med russiske forsyningar, ei lita stund.

Styrkar langs spora

Orda til den ukrainske grensevakta, «russisk krigsskip, dra til helvete!», har inspirert mange austeuropearar. Kviterussiske jarnbanearbeidarar har faktisk sagt det same til «det russiske krigstoget». Svaret frå kviterussiske styresmakter har vore å plassera ut styrkar langs sporlinene.

I slutten av mars vart fleire enn 30 jarnbanearbeidarar arresterte med mistanke om å ha kontakt med motstandsrørsla gjennom ei eiga nettpratgruppe på Telegram. Desse kom i tillegg til dei titals jarnbanearbeidarane som har vore fengsla ei stund.

Det ville likevel vera ein illusjon å tru at alle kviterussarar er mot krigen. Det finst trass alt eit anna Kviterussland – eit prorussisk Kviterussland som meiner at Europa degenerer, og som ser opp til Putin. Det er i denne ånda det kviterussiske tryggingsapparatet skulerer dei tilsette.

Då krigen i Ukraina braut ut, byrja dei å leggja ut videoavhøyr på internett av samvitsfangar med plakatar med bokstavane Z og V i bakgrunnen. I 2014 tok dei kviterussiske styresmaktene eit meir nyansert standpunkt, men sidan har regimet fått tydelege fascistiske trekk. Propagandaen også.

I statlege kviterussiske medium finst det ikkje eit einaste ord om missilåtaka på dei ukrainske byane, og sjølv ordet krig er forbode. I desse media bombar ikkje russarane Kharkiv og Mariupol. I den grad russiske styrkar figurerer i media, er det berre i samband med evakuering av og humanitær støtte til sivilbefolkninga. Ukraina blir framstilt som ein stat der nazistar dannar LHBT-styrkar.

Orwell ville ha gapt av overrasking over boka «2022»: Krigen vart starta for at krigen ikkje skulle ta til. Russland har ikkje gått til åtak på Ukraina, men Ukraina må leggje frå seg våpena for å stansa blodsutgytinga. Spesialoperasjonen er ikkje ein krig, men dei økonomiske sanksjonane, derimot, det er krig. Det finst ingen krig, men markeringar mot krigen er forbodne.

Samvitsfangar

Situasjonen i Kviterussland er framleis krevjande. Vi har fastslått identiteten til 1112 samvitsfangar, men vi trur det finst omtrent 2000. Av dei mest kjende er Sergej Tikhanovskij, mannen til Svetlana Tikhanovskaja. To av kollegaene mine i avisa Nasja Niva, Andrej Skurko og Jegor Martinovitsj, er òg fengsla. Solidaritetskjensla avtek når menneske rundt deg blir arresterte, arresterte og atter arresterte. Det verka som om verdas undergang var komen. Men så kom krigen saman med erkjenninga av at ting kunne bli verre.

For meg avteikna krigen seg som ei ny akt i livet og eit stort dramatisk vendepunkt for folket mitt. Rett før krigen rakk eg å flykta. Eg drog gjennom dei russiske skogane og over den ukrainske grensa for å sleppe fengsel i Kviterussland. Men på dagen for det russiske åtaket vart to av kollegaene mine att i Ukraina. Dei hadde leigd eit husvære i Butsja som brått låg i frontlina. Kollegaene mine ville ha enda opp på arrestasjonslistene dersom dei hadde vorte att i okkupasjonssona. Gåande frå bensinstasjon til bensinstasjon forlét dei Kiev til fots.

Det store spørsmålet er: Vil dei russiske styrkane nokon gong forlate Kviterussland? Frykta styrer også åtferda til Aleksandr Lukasjenko. Han kvir seg for å senda troppane sine inn i Ukraina. Åtferda hans minner om åtferda til Hitler-Tysklands satellittstatar under krigen. Dei hadde heller ikkje råd til å mista støtta frå den allierte, samtidig som dei prøvde å unngå direkte deltaking i krigen.

Kviterussarane har sin Quisling. Han heiter Aleksandr Lukasjenko. Men dei har ingen Hamsun. Nobelprisvinnaren Svetlana Aleksievitsj har ingen illusjonar om Putin og intensjonane hans. «Kviterussarar som kjempar på ukrainsk side, er heltar», seier ho. «Det er også dei som støttar dei som kjempar. Nyleg høyrde eg om nokre kviterussiske studentar i Tyskland, som sjølv om dei har lite pengar, kjøper ting og fraktar dei til grensa i Polen. Dei er alle heltar, små og store.»

Antikrigsrørsle

I den ukrainske framandlegionen finst to kviterussiske bataljonar. Kjernen er jegerar frå dei kviterussiske spesialstyrkane som har delteke i protestrørsla mot Aleksandr Lukasjenko, og som difor er nøydde til å emigrera. Dei ser eit høve til å danna væpna styrkar som kan utfordra det kviterussiske diktaturet.

«Dei kjem til å inngå i eit nytt forsvar som ein gong i framtida kjem til å frigjera Kviterussland», fortel ein tidlegare tilsett i det kviterussiske opprørspolitiet (OMON), Pavel Kulazjanka. Han klarer ikkje å leggja skjul på forhåpningane sine. «For meg som kviterussar står vi no overfor ein historisk sjanse. Dersom vi lèt han gå frå oss, er det uvisst kva tid det kjem ein ny. Ukraina er det einaste landet i heile verda som gjev oss rom til å leggja grunnen for ein ny kviterussisk frigjeringshær.»

Leiaren for den kviterussiske demokratirørsla, Svetlana Tikhanovskaja, har kunngjort at det er blitt danna ei kviterussisk antikrigsrørsle. Det var på hennar oppmoding 27. februar at tusentals menneske gjekk ut i gatene for å protestera. Skjønt, same dag vart fleire tusen arresterte.

Tikhanovskaja oppmoda land verda over om å anerkjenna Kviterussland som eit okkupert territorium på lik line med Transnistria og dei okkuperte regionane i Ukraina. På denne måten meiner ho at det vil vera mogleg å berga staten frå total likvidering. Sjølv dei minste restane som er att av Kviterussland, er verde å berga. Føniksfuglen reiser seg jo frå oska.

Vil verda klara å vaksinera Russland mot framtidig aggresjon? Dersom svaret er nei, vil det bli vanskeleg for kviterussarane. Ja, ikkje berre for dei, men for alle som bur langs dei russiske grenseområda.

Andrej Dynko er redaktør i den kviterussiske avisa Nasja Niva, men han har no flykta frå landet. Dynko vitja
Dag og Tid i 2019.

Omsett av Daniella Slabinski

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det finst ingen krig, men markeringar
mot krigen er forbodne.

Fleire artiklar

Forfattar Karin Haugane arbeider også som omsetjar.

Foto: Catharina Caprino

BokMeldingar

Draum og traume

Karin Haugane skriv dikt med ein særeigen mytisk og forheksande dåm over seg.

Sindre Ekrheim

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Kristin Vinje.

Kristin Vinje.

Foto: NOKUT

Ordskifte

Nokut alene kan ikke sjekke alle detaljer

Jeg har tillit til at de aller fleste studenter er redelige og gjør sitt eget arbeid på en skikkelig måte, skriv Kristin Vinje.

KristinVinje

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis