JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Russisk gaffel

Vladimir Putin driv med høgt spel i Ukraina. Det kan vise seg å vere eit sjakktrekk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Vladimir Putin på den årlege pressekonferansen i Moskva 23. desember i fjor.

Foto: Alexander Zemlianichenko / AP / NTB

11578
20220128
11578
20220128

Store ting skjer i verda. Det kan gje oss krig i Ukraina i ein skala vi neppe har vore vitne til i Europa sidan den andre verdskrigen. Men det er altså ikkje risiko for krig i Ukraina med Russland på ei side og USA, med Storbritannia som støttespelar, på den andre som er det store som skjer. Det er endringane i verda som er det store.

Om det vert krig, er det fordi nokon har feilkalkulert. Trusselen om krig er eit teikn på kor viktige strategiske interesser som no står på spel og står mot kvarandre. Krigsfaren er eit symptom.

Verda er raskt på veg mot ein ny orden. Frå ei unipolar verd med eit suverent USA i spissen har vi lenge vore på veg mot noko anna: ei multipolar verd med fleire maktsentra eller ein bipolar verdsorden med USA og Kina i kvar sin ende.

Covid-19 har ført til at strukturelle endringar i verda går raskare. Ei anna årsak til at utviklinga har skote fart, finn vi i etterdønningane av fire år med Donald Trump i sjefsstolen i USA. Som tidlegare sjef for CIA Michael Hayden uttrykte det i 2019: «Den mest destabiliserande krafta i verda i dag er USA».

Donald Trumps epoke i Det kvite huset har gjort at dei som søkjer nye tryggleiksstrukturar i verda, har hastverk. Ingen veit kva som skjer etter 2024.

I Donald Trumps presidentperiode klarte Vladimir Putin å opparbeide seg ein sterk posisjon. Det er denne Putin no spelar ut. Det er høgt spel, men Putins politikk i Ukraina kan vise seg å vere eit sjakktrekk. Det minner om ein gaffel. I sjakkverda er gaffel ei felle der ein spelar trugar to av spelarane til motstandaren samstundes, med den verknaden at motstandaren må ofre ei brikke. Taktikaren Putin har plassert motspelaren USA i gaffel. Biden kan velje mellom å gi Putin siger i vest (Ukraina) eller i sør (Kaspia).

Kva går så «siger» ut på for Putin? Han ønskjer seg ei multipolar verd der Russland ikkje er pressa inn i folden til Kina, men er ei sjølvstendig stormakt å rekne med, helst i midten. Med gaffelen sin ønskjer Putin å sikre seg (minst) ein av to viktige posisjonar for Russland. Den eine er garantiar om eit nøytralt Ukraina og dermed sikring av Russlands sørvestlege flanke med Svartehavsflåten på (russiskokkuperte) Krim.

Putin ser for seg at eit nøytralt Ukraina vil kunne normalisere Russlands forhold til EU. Det andre er garantiar om at Kaspia vert demilitarisert for alle andre enn Kaspia-statane (mellom anna Aserbajdsjan, Kasakhstan og Iran), og dermed sikrar Russland sin sørlege flanke. Dette vil kunne halde både USA og Kina ute og betre Moskvas grep om Kaukasus og Sentral-Asia. Putin satsar på at minst éin kan hankast inn i 2022. Med eller utan krigar.

For våren 2022 skal mange viktige prosessar i hamn. I det større biletet heng dei alle saman med at rivaliseringa mellom USA og Kina dreg seg til. Tildragingane i geopolitikken set både EU og Russland i skvis mellom USA og Kina. Det er framleis ope korleis den nye geopolitiske røynda vil spelast ut for Europa og Russland. Truleg vil mykje bli avgjort i 2022.

Nato skal i løpet av våren lande på det nye strategiske konseptet sitt. Det skal godkjennast i juni. Det førre er frå 2010 og laga for ei heilt anna verd. Kina vert heilt sentral. Russlands rolle er det mindre semje om internt i Nato. Ei sentral skiljeline går attende til Nato-møtet i Bucuresti i 2008.

Då ville USA at Ukraina og Georgia skulle få søkje om medlemskap i Nato. Tyskland og Frankrike var imot. Dei hadde ei anna forståing av lovnadene som vart gjevne då Ukraina gav opp atomvåpena sine på 1990-talet. Kompromisset på Nato-møtet i 2008 var at Ukraina og Georgia kunne få søkje om Nato-medlemskap «seinare». Berre veker etter starta Putin prosessen som førte til Georgia-krigen og enda med russiske styrkar på georgisk jord.

Natos forhold til Ukraina er altså eit tema der USA og Storbritannia tradisjonelt har stått for éi line, medan dei kontinentale stormaktene Tyskland og Frankrike har stått for ei litt anna tilnærming. Kjernen i den tyske politikken er at Tyskland nektar å risikere krig med Russland. I 2015 sa Tyskland nei til Tyrkia då Russland vart med i krigen i Syria (og tok imot 1 million flyktningar i staden). I 2022 seier Tyskland nei til Ukraina. Britiske fly får ikkje nytte tysk luftrom for å frakte våpen til Ukraina, og tyske våpen skal ikkje seljast til Ukraina. Frankrike har litt andre motiv for ikkje å risikere Moskvas vreide for å tekkjast Kiev.

Det sentrale er at det ikkje er semje i Nato om korleis forholdet til Russland skal sjå ut framover. Ukraina er truleg der «splitten i Nato om Russland» går djupast. Derfor har Putin det siste året auka spenninga i og rundt Ukraina jamt og trutt. Det har toppa seg i desember med russisk utkast til rettsleg bindande avtalar mellom USA og Russland og mellom Nato og Russland formulert i svært omfattande ordelag. Samstundes har Putin plassert krigsklare troppar rundt Ukraina. Putins krav (eller snarare forhandlingsutspel) om Ukraina og hans vilje til eskalering har som mål å verke inn på dei strategiske diskusjonane som no går føre seg i Nato.

Det er særleg Tyskland og Frankrike som er adressatar for Putins brusing med fjørene i aust.

For alt i mars skal EU-landa ta stilling til EUs «strategiske kompass» – ein franskdriven plan om å gje Europa strategisk autonomi – eit kodeord for sjølvråderett frå Kina, frå Russland og frå USA. Macron vil gje EU evne til å føre ein tryggingspolitikk basert på europeiske interesser i nærområda til EU uavhengig av tøvêret mellom USA og Kina. Med Frankrike og Tyskland i spissen søkjer EU eit sjølvstendig forhold til Russland i saker av tung europeisk interesse, som energitryggleik, matvaretryggleik og migrasjonspress frå sør.

På EUs «austlege partnarskapsmøte» i desember fekk Ukraina, Georgia og Moldova nei frå EU til lovnader om EU-medlemskap. Det er ikkje i EUs interesse at Aust-Europa, der EU og Russland møtest, vert ein hovudfront i den aukande spenninga mellom Kina og USA. Her er Russland og dei store EU-landa samde.

Putins avtaleforslag til Nato om Ukraina (eller forhandlingsutspel) har ein ordlyd som er så vid at det synest å omfatte Sverige og Finland òg. Ingen av dei er Nato-land. Begge er derimot EU-land som no må tenkje ekstra nøye igjennom kva dei røystar for under møtet om EUs strategiske kompass i mars. I Putins utspel om «folkerettsleg bindande garantiar» om eit nøytralt Ukraina ligg ein invitasjon til EU. Kanskje Paris og Berlin vil vere interesserte i ei slik ordning?

Russlands utspel og militære oppbygging rundt Ukraina og dei påreknelege reaksjonane frå ikkje-EU-medlemmene USA og Storbritannia, har som mål å påverke korleis EU-landa vurderer behovet for europeisk autonomi i forholdet til Russland.

Men er ikkje dette reine sjølvmålet for Putin? Trussel om krig i Ukraina vil vel gje Nato og USA større innverknad i Europa og presse EU bort frå Russland og inn i USAs fold? Ja. Slik var det før. Verda etter Donald Trump ser annleis ut.

Amerikanarane har i årevis bede Europa ta større ansvar for eigen tryggleik. Men kven sine interesser skal ei europeisk finansiert militæropprusting i Europa eigentleg tene? Med Biden i Washington er det mogeleg å sjå for seg at Europa betaler meir medan USA sjefar.

Under andre presidentar, for eksempel Donald Trump 2.0, kjem det ikkje på tale. Strategisk autonomi, strategiske kompass og strategiske konsept vert alle laga med 2024 langt framme i pannebrasken. For dei gløymske sørgjer Vladimir Putin i Ukraina for å klargjere kva som står på spel. Kven tør å ha krig i Europa med Trump ved roret?

Arven etter Donald Trump heng nemleg tungt over dei impliserte. For ein viktig forhandlingsprosess i Wien skal òg i hamn våren 2022. Her sit Russland saman med Tyskland og Frankrike, medan USA sit på gangen. Forhandlingane handlar om atomavtalen med Iran, som ligg i grus etter eit trumpsk krumspring i 2018.

Redningsaksjonen for avtalen er viktig. Han skal verne Midtausten mot atomvåpenkappløp, hindre krig mellom Iran og USAs allierte i heile Midtausten-regionen, og føre til at USA endeleg kan trekkje militær slagkraft ut av Midtausten og konsentrere seg om Kina i staden.

Det som (igjen) må skje, er at Iran må gje opp atomvåpenprogrammet sitt i byte mot garantiar frå USA. Altså det same som skjedde med – nettopp! – Ukraina i 1994. Som kjent er USAs argument for ukrainsk Nato-medlemskap at lovnadene frå 1990-talet om at Ukraina skulle vere nøytral, berre var «politiske» og ikkje «folkerettsleg bindande».

Putins formuleringar til USA og Nato om folkerettslege garantiar om eit nøytralt Ukraina må òg sjåast i dette lyset. Då teiknar det seg med eitt eit helt anna bilde.

Atomavtalen mellom Iran på den eine sida og USA, Russland, Kina, Tyskland, Frankrike og Storbritannia på den andre vart inngått i 2015. Avtalen var ikkje folkerettsleg bindande fordi den amerikanske kongressen ikkje var med på notane til Obama. Dette gjorde at Donald Trump kunne gå frå atomavtalen på eit blunk, sjølv om «lovnadene» til Iran var klare og Iran ikkje hadde gjort noko gale.

Vil Biden klare å gje Iran dei «folkerettsleg forpliktande garantiane» som Obama ikkje klarte? Ingenting tyder på det. Kven skal då gje Iran dei naudsynlege garantiane for å akseptere ein ny avtale? Alle skjønar at Iran ikkje kan gå med på ein avtale som berre varer til 2024. Det har Donald Trump sytt for. Andre må garantere der USA ikkje maktar å gjere det. Kven er det, tru? Jau, det er Russland.

Og her er Putins gaffel.

Dersom USA ikkje er viljug til å gje Putin nokon handfaste garantiar om eit nøytralt Ukraina, kan USA truleg sjå langt etter ein handfast garanti frå Russland om Iran som kan få atomavtalen i hamn. Iran har få insentiv til ein «politisk avtale» med USA dersom Putin samstundes kan vise at «politiske» avtalar med USA ikkje er mykje verde. Då vert det truleg ingen ny atomavtale mellom USA og Iran.

Utan ein ny avtale med USA vil Iran måtte førebu seg på angrep frå Israel. Då vil Iran straks måtte ratifisere Kaspia-traktaten med Russland for å halde Israel og USA unna nordgrensa si. Om atomavtalen ryk, vil Putin få sikra den sørlege flanken sin. USA vil derimot truleg få ein krig mot Iran i fanget. Den vil ikkje vere avgrensa til Iran. Det er krigen frå helvete.

Vil dette høge spelet gje Putin ein storkrig i Ukraina? Det kan hende. Men skjer det, vil Biden truleg ma°tte førebu seg pa° ein enda° større krig mot Iran i Midtausten.

Utspelet frå Putin om Ukraina er nøye kalkulert og kalibrert. Det er òg den militære eskaleringa. Dei er adresserte til NATO og USA, men bodskapen rettar seg særleg mot EU og Iran.

Signala frå Putin til EU er tindande klare. Det Russland signaliserer gjennom sin Ukraina-politikk, er at det er EU som vil verte sitjande att med rekninga dersom EU-landa ikkje tek naudsynte omsyn til Russlands interesser og posisjonar i svingane om strategiske kompass og konsept. Folkerettsleg bindande garantiar er verde meir enn papiret dei er skrivne på. Alternativet er ikkje berre krig i Ukraina, men også krig mot Iran i (heile) Midtausten. Russland spelar eit høgt spel og er viljug til å ofre mykje for ikkje å verte pressa inn i Kinas klamme fold.

Om Russland taper Ukraina, vil Russland få Kaspia. Men kva vil Europa sitje att med?

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Putin spelar eit høgt spel for ikkje å verte pressa inn i folden til Kina.

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis