JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Ramadan på norsk

Lat oss få ein open diskusjon om offentleg sponsa ramadangate i Oslo før lysa vert tende.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I London var Ramadangata i Piccadilly Circus, som opna 21. mars i fjor med 30.000 lys, finansiert av private givarar.

I London var Ramadangata i Piccadilly Circus, som opna 21. mars i fjor med 30.000 lys, finansiert av private givarar.

Foto: Anna Gordon / Reuters / NTB

I London var Ramadangata i Piccadilly Circus, som opna 21. mars i fjor med 30.000 lys, finansiert av private givarar.

I London var Ramadangata i Piccadilly Circus, som opna 21. mars i fjor med 30.000 lys, finansiert av private givarar.

Foto: Anna Gordon / Reuters / NTB

7853
20240126
7853
20240126

Samandrag

Oppsummeringa er laga av AI-vertkøyet ChatGTP

Vis mer
Vis mindre

Fyrste påskedag vil klokkespelet i Oslo rådhus venteleg stemme i med påskesalmar, kanskje «Påskemorgen slukker sorgen». Samstundes vil oslogater vere pynta til ramadan, den muslimske fastemånaden, viss byrådsleiar Eirik Lae Solberg får det slik han vil.

Han er inspirert av London, der dei i fjor for fyrste gong tende ramadanlysa på Piccadilly Circus. I London er ramadangata finansiert av private givarar. I Oslo vil Solberg at kommunen skal ta initiativ og ansvar – noko som fort kan bety eit millionbeløp til ramadanpynt og rigging.

Fyrst, berre for å ha det sagt: Det hadde vore noko anna om det var moskeane sjølve som søkte om lov til å gå ut i gata og feire eid-al-fitr, og gjerne inviterte oss andre med om dei ville det. Spørsmålet i denne teksten handlar om det offentlege si rolle.

Initiativet til Eirik Lae Solberg, som viss det vert innført, antakeleg vert ei årleg markering, er ein dårleg idé av fleire grunnar. Éin grunn er at det prioriterer den muslimske feiringa. For ein tenker vel ikkje at alle feiringar skal sponsast? I så fall føreslår eg katolsk Kristi lekamsfest-pynting av Akersgata siste veka i mai. Det kan fort koste 500.000 berre for blometeppet som skal dekke gata.

Det økonomiske er likevel ein debatt som eg overlèt til andre. Det eg vil ta tak i her, er diskusjonen om religion i det offentlege rommet, på bakgrunn av ei forståing av kva religion er. Eg meiner at den forståinga av religion som byrådet legg til grunn, er problematisk.

Solberg hevdar det er fint at det offentlege markerer høgtider i ein mangfaldig by som Oslo, der folk trur på ulike ting. For han handlar det om å vere inkluderande og vise at vi som by set pris på mangfaldet.

Antakeleg tenker han at viss det offentlege tenner julegater, kan dei også tenne ramadangater. Her er initiativet hans i tråd med den statlege føringa, nemleg «det livssynsopne samfunnet», der berebjelkane er at staten går inn og aktivt støttar trus- og livssyn, med likebehandling som premiss.

Eit eige spørsmål er kvifor det offentlege skal gå aktivt inn med støtte. Det neste, som eg diskuterer her, er kva forståing av religion det er som fører til prinsippet om at alle livssyn skal behandlast likt (og no: at ramadan skal prioriterast) i byrommet?

Eit utgangspunktet for det livssynsopne samfunnet, slik det vart meisla av Stålsett-ut­valet (NOU) 2013, var ein stat som ikkje møter borgarane «med bestemte normative preferanser når det gjelder tro og livssyn, men behandler alle sine borgere med samme åpenhet og respekt».

Dette utgangspunktet føreset at det å likebehandle tru og livssyn er det same som å likebehandle borgarar.. Det vil seie at tru og livssyn er noko som berre er personleg og eit spørsmål om identitet. Det stemmer ikkje. Eg kjem tilbake til det.

Det er ikkje vanskeleg å finne opplagde døme på at denne tilnærminga til religion er problematisk. I fjor såg politikarane seg nøydde til å seie ja til at Islam Net, ei salafistisk, misjonerande muslimsk gruppering, skal få bygge eit gigantisk fritidssenter og forsamlingslokale i Groruddalen.

Det er svært uklart kva det vil føre til. Det har ikkje mangla på motstand, og politikarar frå Raudt til Frp åtvara og la hovudet i bløyt for å finne omvegar. Men så vart dei bundne på hender og føter av eit likebehandlingsprinsipp. Ønsker fleirtalet verkeleg ei politisk tilnærming som har slike konsekvensar?

Tilnærminga er også problematisk fordi ho bygger på ei avgrensa forståing av religion. Det inneber at ho berre fangar opp noko av det religion er. Ho ser vekk frå andre sider, sider som i eit samfunnsperspektiv er langt viktigare enn religion som personleg identitet.

Religion er nemleg ikkje berre ein personleg praksis. Det er det også, men ser vi attende på historia, så er religiøse tradisjonar noko som i høgste grad har prega samfunnet aktivt, gjennomgripande og fundamentalt gjennom menneskesyn og samfunnssyn. Det vil seie at religionens kulturelle funksjon bør vektast tyngre enn religionens funksjon for individa når det gjeld kva det offentlege skal engasjere seg i.

«Eirik Lae Solbergs initiativ, som viss det vert innført, antakeleg vert ei årleg markering, er ein dårleg idé av fleire grunnar.»

For å få auge på korleis religion og kultur heng saman, kan vi sjå til land der islam har prega kulturen, men vi kan også sjå tilbake i vår eiga historie. Korleis prega kristendomen vår sivilisasjon og vart eit fundament i samfunnet?

Nett dette har vi eit framifrå høve til å studere akkurat no, når vi samstundes feirar 1000-årsjubileum for kristenretten på Moster i 1024 og 750-årsjubileum for Magnus Lagabøtes landslov frå 1274. Begge delar er nasjonale jubileum som peiker på korleis kristendomen prega lovar, institusjonar og livsformer som har gitt samfunnet vårt eit verdigrunnlag.

Det handla ikkje om kristendomen som personleg tru og identitet, men nettopp om kristninga av det offentlege rommet. Kristninga av det offentlege rommet bana veg for eit samfunn der alle menneske hadde verdi. Vi gjekk – med små skritt – frå eit klansamfunn til ein rettsstat. I byrjinga var det berre spede forsøk, men det var frø som fekk vokster. Etter kvart vart kvardagen ikkje berre ramma inn, men også erobra av nye verdiar. Det vart slutt på trælevesen og hemnrett, og kvinner og fattige fekk rettar.

Med kong Magnus Lagabøtes landslov av 1274 vart prosessen som tok til med kristenretten, ført vidare.

Jørn Øyrehagen Sunde viser i si bok om denne makelause kongen, Kongen, lova og landet (2023), korleis Magnus ikkje berre tok inn kristne verdiar frå Europa, men også var inspirert av Frans av Assisi og fransiskanarane, til dømes i lovgivinga som gjaldt dei fattige.

Historia syner korleis samfunnets verdiar ikkje er abstrakte prinsipp som svevar laust i lufta, men er ei heilt konkret og langsam forming av eit samfunn, vårt samfunn, gjennom kristninga av lovar og praksisar.

Dersom byrådet no sidestiller alle religiøse tradisjonar med aktiv tilrettelegging og finansiering, er det sikkert med dei beste intensjonar. Men eg trur dette er ei naiv tilnærming, basert på religions­sosiologiens innsnevra forståing av kva religion handlar om. For religion er ikkje ein personleg fritidssyssel utan kraft til å forme eit samfunn. At det offentlege vil prioritere ramadan nett i påsketida, spissar berre til problemet.

Når byrådsleiaren opnar ramadangata i mars, vil eg som kristen og katolikk førebu meg på å feire Jesu oppstode frå dei døde. Det er for meg ein personleg og kollektiv praksis knytt til det trussamfunnet eg høyrer til. Her treng eg ikkje involvering frå politikarane.

Samstundes veit eg at påska er bygd inn i dei fundamentale strukturane i vår eigen sivilisasjon. Påskeforteljinga grunngir dei kristne verdiane som òg ligg bak dei sekulære europeiske verdiane. Og utrekninga av kva tid feiringa skal vere, er grunnlag for vår eigen kalender. Difor markerer det offentlege Noreg framleis påske – i det minste med å gi fri til å reise på valfart til fjellheimen, og med klokkespel frå rådhuset i Oslo.

Vi skal vere rause og opne for andre religionar og kulturar, men kva vi finansierer og markerer i det offentlege rommet, som samfunn, bør henge saman med religionens, for vår del kristendomens, samfunnsbyggande rolle. I eit kulturarvsperspektiv, og ut frå religionens påverknad på samfunnet, er det 1000 års forskjell på jul og ramadan, noko som er grunn nok til forskjellsbehandling.

Eg trur ikkje eg er aleine om å meine dette. Difor vil eg oppmode byrådet til ein open diskusjon om ramadangate i Oslo før pynten vert bestilt. Eirik Lae Solberg, vi kan gjerne gå på besøk på eidfesten, men lat oss droppe kommunal ramadangate i byrommet.

Eivor Andersen Oftestad er professor ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Emneknaggar

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis