JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Putin vart redda, denne gongen

Nesten-kuppet i Russland sist helg syner kor svakt fundert den russiske statsleiinga er. Kaos kan bli resultatet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6073
20230630
6073
20230630

Det skulle berre ein eksentrisk entreprenør med nokre titusen mann under våpen til før heile den russiske staten vart gripen av panikk. Dei spesielle hendingane kring laurdag den 24. juni, då Wagner-sjefen Jevgenij Prigozjin sende delar av den private hæren sin mot Moskva, kastar eit grelt ljos over Putin-regimet og den russiske staten.

For kva var det eigentleg som skjedde det kaotiske lange døgnet då Russland såg ut til å ha vore truga av borgarkrig? Jevgenij Prigozjin okkuperte fyrst éin storby i Sør-Russland, Rostov-na-Donu. Deretter sende han om lag 5000 mann dei 1000 kilometrane mot Moskva. På vegen tok dei kontroll over endå ein storby, Voronezj. Utanfor byen blei Wagner-hæren angripen av ein styrke med militære helikopter. Seks av helikoptera og eit kommandofly blei skotne ned av luftvernet til Wagner og mange russiske soldatar drepne.

Samstundes som det skjer, står Putin fram på russisk fjernsyn og held ein tale. Ein kan sjå at han er rasande. Han snakkar om at landet er stukke i ryggen, at fedrelandet er i fare og at forrædarane skal få si straff. Sagt på ein annan måte: Det var alvor.

Samling ved Oka

På det tidspunktet tok panikken til å breia seg i Moskva. Gravemaskinar gjekk i gang med å øydeleggja innfartsvegane mot byen. Ved breidda av elva Oka tok statlege styrkar oppstilling for å møta Wagner.

Forsvarslina ved Oka, som går sør for Moskva, var paradoksalt nok den same som russarane forskansa seg langs på 1400- og 1500-talet då dei skulle stansa invaderande tartarar på veg mot det russiske kjernelandet.

Me kjem aldri til å få vita kva som ville ha hendt om Wagner-
soldatane hadde teke seg heilt inn mot Moskva. Dei snudde 20 mil sør for byen, om lag 10 mil før dei kom til Oka.

Ettersom på langt nær heile Wagner-hæren var i aksjon, ville antakeleg dei få tusen soldatane som Prigozjin hadde sendt, blitt eliminerte då dei nærma seg elva. Om Prigozjin på den andre sida hadde bestemt seg for å setja inn heile hæren sin, kunne resultatet ha blitt eit anna, nemleg full borgarkrig. Skal ein døma etter korleis Putin såg ut då han heldt talen sin den kritiske laurdagen, var det nett det han frykta.

I staden for ein full militær konfrontasjon nokre mil sør for Moskva, blei det inngått ein avtale som tydelegvis gjorde det mogleg for Prigozjin og ein del tusen mann frå Wagner-hæren å gå i eksil til Belarus. Dei som eitt døgn i førevegen hadde vore forrædarar mot fedrelandet, blei plutseleg soldatar som fekk lov til å trekkja seg ærefullt attende til det allierte nabolandet.

Mens folk som skriv «Nei til krig» med tusj på veggane i Moskva, blir arresterte og banka opp av politiet, fekk dei som hadde okkupert to russiske byar og skote ned sju luftfartøy, ros for at dei i ein kritisk augneblink ikkje hadde fullført eit statskupp.

Godt for Ukraina

Konklusjonen som ein kan trekkja av det som skjedde dei dramatiske dagane, er at Putin og regimet hans er svekt. Om det går slik avtalen set føre, er no den mest effektive delen av den russiske krigsmakta trekt ut av krigen og send i eksil.

Det er godt nytt for Ukraina og godt for oss i Vesten, men negativt for Putin. Ironisk nok hadde Prigozjin rett i mange av klagene sine mot forsvarsminister Sergej Sjojgu og hærleiinga. Dei er korrupte og udugelege, og dei fell så fort dei kan sine eigne i ryggen. Ein skal aldri undervurdera kor mange fleire unge liv den russiske militærleiinga er viljug til å kasta inn i kjøtkverna i Ukraina. Men med bortfallet av den profesjonelle, private hæren til Prigozjin, som har vore ute i aktiv krig meir eller mindre sidan 2014, er det russisk håpet om å vinna krigen i Ukraina endå mindre enn før.

Og då kjem me til neste trinn, nemleg sjølve den russiske statsleiinga. For å halda seg ved makta er Putin avhengig av at han har kontrollen over dei ulike væpna maktgruppene i hæren og i tryggingstenestene som held staten oppe. I tida kring den 24. juni 2023 mista han makta over ei av desse gruppene. Eit diktatur av den typen som Putin står i spissen for, vil normalt berre overleva så lenge maktapparatet står samla. Skjer det splittingar i toppen, slik det gjorde i tsar-Russland i 1917 og i Sovjetunionen i 1991, er vegen til undergangen ganske kort.

Noko som særskilt må uroa Putin, er kor lett det gjekk for Prigozjins private hær å ta over viktige, strategiske byar i Russland. Her fekk Putin smaka sin eigen medisin: Gjennom eit kvart hundreår har han gjort mesteparten av folket i Russland til umælande undersåttar. Den dagen ein som ser ut til å vera sterkare enn Putin, set seg på toppen av maktpyramiden, vil mange – men ikkje alle – russarar fylgja den nye, sterke mannen.

Tap er katalysator

Kva tid kjem det så ei ny splitting på toppen av det russiske hierarkiet? Nokså sjeldan kjem slike splittingar som ei direkte fylgje av folkelege protestar, ettersom berre nokre få menneske er modige nok til å gå ut på gata og utfordra eit monolittisk diktatur.

Nederlag i krig ser ut til å vera ein meir effektiv katalysator. Når ein stat og eit militærapparat lir nederlag, vil delar av det etablerte regimet av rein eigeninteresse sjå seg om etter ein annan mann på toppen. Å byta ut toppleiaren står fram som den einaste løysinga om ein vil berga stumpane gjennom nederlaget. Fyrst når denne splittinga tek til å manifestera seg, kan den delen av folket som vågar, gå ut og demonstrera. I neste omgangen forsterkar eit militært nederlag og folkelege protestar splittinga i toppen. Når splittinga er stor nok, fell diktatoren.

Dette inneber ikkje at Putin fell i morgon eller i neste månad. Sjølv om Putin såg svak ut sist laurdag, har han heilt sidan Sovjetunionens fall synt seg som ein dyktig maktpolitikar. Og dessutan veit me ikkje kven som tek over etter Putin.

Kan hende vil me lengta etter tida då det var Putin, og ikkje ein mann som liknar meir på Jevgenij Prigozjin, som sat med makta i Kreml.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Dette biletet av ei jødisk jente og ein palestinsk gut er kunstig generert, men spreidd vidt i sosiale medium som eit symbol. Biletet er laga av ei gruppe som kallar seg «Visions of Peace», som stiller spørsmålet: «Om KI kan sjå for seg fred, kvifor kan ikkje vi?»

Samfunn

Krig i ein biletkarusell

Krig, propaganda og kunstig intelligens set dokumentarfotografiet under stadig kraftigare press. Det er krigen i Gaza eit døme på.

Christiane Jordheim Larsen

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis