Kommentar

Farvel til Facebook

Det verste er ikkje kva selskapet veit om meg, men kven dei fortel det til.

Etter eit halvt liv og 20 gigabyte med Facebook og Instagram fekk eg nok og sletta alle kontoane mine i Meta. Noko av grunnen er at eg er uroa for personvernet mitt i tenestene deira, noko anna er at tenestene deira er avleggs og livstrøytte.
Publisert Sist oppdatert

Som alle andre med kontoar i Meta sine tenester – Facebook- og Instagram – blei eg møtt med ein mur då eg logga inn ein dag i sommar. For å få tilgang til Meta-tenestene Facebook og Instagram måtte eg samtykke i at dei private samtalane på tenestene blei brukte til å trene KI-modellar, eller betale ein månadleg sum for å sleppe.

Eg godtok KI-treninga denne sommardagen, men magekjensla gnog på at noko var feil. Det gjorde at eg i september i år sende ein førespurnad til Meta om å eksportere ut all informasjonen dei har om meg, for å gå gjennom kva eg har lagt igjen som eg veit om, og kva eg ikkje visste eg la igjen.

Eksporteringa skjedde i Facebook. Frå innstillingar kom eg inn i «Kontosenter», vidare til informasjon og løyve, der valde eg ut kva eg ville ha eksportert – alt – og kva tidsperiode – alltid.

Halvt liv med Meta

Eg oppretta Facebook-kontoen min i 2008, 16 år gammal. Eg er 33 i dag. Det vil seie at eg har brukt Facebook i meir enn halve livet. Og kor mykje er eit halvt liv med Meta-bruk? To dagar etter at eg hadde sendt eksporteringsførespurnaden, låg 20 gigabyte klar til nedlasting.

Til samanlikning er ein film på Netflix om lag 1–3 gigabyte stor, avhengig av bildekvalitet og lengde. Men bilde, video og lyd bruker meir plass. Nokre bilde, videoar og gif-ar var der, men mine 20 gigabyte var for det meste mapper og hundrevis av tekstdokument, som i utgangspunktet tek mykje mindre plass.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement