JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Politiseringa av skulen

Regjeringa vil laga eit kunstig «fag» som neppe
kan oppnå noko anna enn å servere elevane politiske dogme.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kunnskaps- og integreringsminister Guri Melby var hoppande glad over å presentere den nye stortingsmeldinga om vidaregåande opplæring fredag før påske.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

8246
20210409
8246
20210409

Kommentar

kajskagen@icloud.com

Rett før påske la kunnskapsminister Guri Melby fram den såkalla «fullføringsreforma» av vidaregåande opplæring i form av ei eiga stortingsmelding. Reformene skal gjere det lettare for fleire elevar å fullføre og bestå vidaregåande skule.

Eit viktig verkemiddel er å utvide opplæringsretten, truleg eit godt tiltak med tanke på kor mange elevar som for seint oppdagar at ein god vidaregåande eksamen er billetten til å kome seg vidare i livet.

Slik som det no er, særleg etter at ein i 2015 nesten tredobla gebyra for å gå opp til privatisteksamen for å forbetra karakterar, kan unge menneske som mislukkast i å fullføre eller oppnå ein brukbar vidaregåande eksamen på fyrste forsøk, vere sett utanfor sosialt for godt berre på grunn av utgiftene til ekstra opplæring og eksamen.

Meir problematisk er det at regjeringa, for å styrke motiveringa hos elevane og dermed få fleire til å stå løpet ut, vil ha ned talet på obligatoriske fag for å gje plass til fleire valfag. Av dei sju gamle fellesfaga føreslår no regjeringa at berre matematikk, engelsk og norsk skal stå att, medan det andre framandspråket, kroppsøving, samfunnsfag, geografi, historie og naturfag skal verte valfag.

Nytt fag

Men denne løysinga, om ho då er noka løysing, skaper eit nytt problem, fordi tapet av fellesfag som historie, samfunnsfag, framandspråk og religion svekkjer allmenndanninga i skulen, noko som strir mot føremålsparagrafen.

Dette vil stortingsmeldinga bøte på ved at dei elevane som ønsker det, kan ta tapte fellesfag som valfag, og ved at delar av dei gamle valfaga hamnar i «et nytt fag som ivaretar andre sentrale sider ved formålet til opplæringen». I pressemeldinga kallar regjeringa dette «et fag for fremtiden». Her har dei orda sine i behald i den meininga at faget førbels er mest ein idé og skal utformast i framtida ein gong.

Stortingsmeldinga legg mykje vekt på dette nye og uforma faget og strekar under at «dette er første gang på flere tiår at det legges opp til å lage et nytt fag som skal være felles for alle i VGO». Det nye faget, meiner meldinga, «vil kunne svare på nye utfordringer og gjenspeile samfunnsutviklingen».

Men er det så visst at elevane vil få innsikt og kritisk medvit av at regjeringa gjer dei til spegel for «samfunnsutviklingen»? Er det ikkje heller slik at dei nye generasjonane sjølve skal få styre denne utviklinga, enn å verte danna og styrt av henne?

Flatlegginga

Då stortingsmeldinga vart presentert, la kunnskapsministeren ut ein videosnutt av seg sjølv på Facebook, der ho hoppa i lufta med storingsmeldinga i hendene, «hoppende glad» for å kunne leggja fram «de største endringene i norsk skole på mange år». Det var inga overraskande glede, for knapt noko gler skulestatsrådar meir enn å signera ei skulereform.

Men ikkje alle lærarar gler seg like mykje over denne reformiveren. Det synte seg særleg i eit intervju med Guri Melby i VG 26. mars der ho skildra fellesfaga historie, religion, samfunnsfag, naturfag og geografi som «mindre fag som vi vurderer som nyttige hver for seg, men vi vil heller prioritere fag som er nyttige for alle å ha med seg».

Dette vart sjølvsagt oppfatta som eit åtak på dei tradisjonelle fellesfaga. Leiar for Norsk Lektorlag, Rita Helgesen, «reagerte kraftig» på statsrådens utsegner. På sosiale medium var kritikken særleg hard. Men også Høgres skulepolitiske talsperson Turid Kristensen fekk «kaffen i halsen» då ho leste intervjuet med Melby. Ein kunne få inntrykk av at regjeringa ikkje stod samla bak reformene.

Guri Melby la seg no flat på Facebook, med eit bilete av seg sjølv liggande på golvet, og sa at debatten var komen «helt feil ut». Det vil seie at det var ikkje noko gale med reforma, berre med kommunikasjonen. I eit nytt intervju orsaka ho «klønete uttalelser» og at mange lærarar hadde oppfatta henne slik at ho gav faga deira lægre status.

Ho orsaka altså ikkje at regjeringa vil redusere talet på fellesfag. Ho beklaga ikkje det lærarane klaga over, men at ho hadde såra kjenslene deira. I Politisk kvarter på NRK sa både Melby og Kristensen at framlegga i stortingsmeldinga ligg fast. Regjeringa vil kutte i talet på fellesfag for vidaregåande skule. Flatlegginga på Facebook og kaffien i halsen var berre omgåande manøvrar for å dempe reaksjonane, slik at reforma vert lettare å gjennomføre.

Dogmatikken

Når eg les denne stortings­meldinga, vert eg slått av korleis reformframlegga slåst med kvarandre og slår kvarandre i hel. Ein innskrenkar allmenndannande fag som historie, framandspråk og religion for å gjere skulen enklare å fullføre, men samstundes skal det leggjast større vekt på «ferdigheter som kritisk tenkning og akademisk skriving og lesing».

Kor mykje Lettare?

Her høyrest det ikkje ut som om den høgre handa veit kva den venstre gjer, for kor mykje lettare kan faga verte ved å verte meir akademiske? Ein vil gje elevane tid og plass til å studere fag som er knytte til «de planene og drømmene de har om fremtiden», i von om at valfridomen alt i sekstenårsalderen er yrkesretta og langsiktig, samstundes som vi veit kor kortsiktige draumane ofte er i denne aldersgruppa.

Ein vil ta vare på allmenndanninga og lagar difor dette heilt nye faget, der elevane «får utvikle kompetanse om demokrati, likestilling og vitenskapelig tenkemåte» og «lære å tenke kritisk, og få historisk og kulturell innsikt». I eitt fag! Som ikkje er eit fag eingong. I det heile står det som sagt lite i stortingsmeldinga om dette nye faget.

Det vert sagt at dette nye faget skal føre til kritisk tenkjemåte og historisk og kulturell innsikt. Men dette vinn vi jo nett gjennom dei faga regjeringa no vil innskrenke, og berre gjennom dei. Vi tenkjer med språket, og med dugleik i framandspråk lærer vi å tenkje på framandt vis.

Kritisk tenking

Gjennom historiske kunnskapar og innleving i andre tider lærer vi å sjå vår eiga tid utanfrå, og dermed tenkjer vi friare òg om framtida. Religionsfaget lærer oss korleis menneske trur ulikt og på ulike vis, noko som er naudsynt for ein toleranse som er basert på innsikt og ikkje berre likesæle.

Geografi og samfunnsfag fortel om skilnadene i politisk ordning, samfunnslag og naturtilhøve; atter er dette fag som kan flytte posisjonane våre og late oss sjå oss sjølve og andre i fleire perspektiv enn det medfødde. Alt dette går inn i grunnlaget for kritisk tenking og idear om likestilling og folkestyre.

Det nye «framtidsfaget» er dødfødt utan dette faglege grunnlaget, og overflødig med det. Kritisk tenkjemåte og «historisk og kulturell innsikt» veks som sjølvsagde frukter ut av dei faga som regjeringa ikkje lenger vil gjere obligatoriske. I staden vil ein laga eit kunstig «fag» som neppe kan oppnå noko anna enn å servere ferdigtygd for elevane det som skulle vere fruktene av deira eige faglege strev. Då misser elevane den eine modninga og vert i staden overlevert politiske dogme.

nytt religionsfag

I røynda er Guri Melbys «framtidsfag» eit nytt religionsfag der ein vil oppsede ungdomane i ein politisk kvasireligion. Dei gamle verdiane som skule og samfunn var tufta på, er fordampa. Historia og nasjonen, som tok over som berande verdiar etter at Gud døydde, hamna på sotteseng frå 1970-åra av.

Vi har gått vekk frå at skulen skal levere ferdige livssyn henta frå Bibelen, men her vert det lagt opp til nettopp ei slik levering, men no i ei sekulær utgåve som «demokrati, likestilling og vitenskapelig tenkemåte».

Det er dette regjeringa vil dei unge skal tru på og hente livsmeininga si frå. Dette er i og for seg ei naturleg utvikling. Moralske idear om rettferd, utjamning, antinasjonalisme, økologi, toleranse og sjølvrealisering har sidan 1970-åra stadig sterkare gjennomsyra alle dei gamle fellesfaga som samfunnsfag, historie og religion. Så kvifor ikkje gjere som kunnskapsminister Melby og samla alt dette i eitt stort nytt livssynsfag. Også i Kina har dei eit slikt fag om nasjonal patriotisme som innprentar borna statens verdiar.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I røynda er Guri Melbys «framtidsfag» eit nytt religionsfag der ein vil oppsede ungdommane i ein politisk kvasireligion.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis