JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Politikk som realityshow

Dag for dag var vi inviterte til å leve med eit dramatisk spel der veljarane var utelukka i starten.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
KrFs nestleiar Kjell Ingolf Ropstad (t.v.), Olaug Bollestad og partileiar Knut Arild Hareide på det ekstraordinære landsmøtet på Gardermoen fredag 2. november.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

5494
20181123
5494
20181123

Det er rart å sjå to månader attende i tid: Forhandlingane mellom fire parti i Stortinget handlar om pikyrande små saker, forutan nokre prinsipp alle har gløymt. Stemninga frå då det heile starta, heng enno igjen, men dåmen er innestengd, om ikkje enno heilt muggen.

Liksom ei karismatisk vekking var det. Overalt las og høyrde vi jubel over at Kristeleg Folkeparti kunne kome til å endre makttilhøva i norsk politikk, ved å «gå til venstre». Altså at dei kunne kome til å samarbeide med Ap og Sp – men ikkje med SV. Det får vere måte på.

Borte var Ap-skepsisen til ideologien for sosialpolitisk engasjement i KrF; borte var minnet om at tusenvis av Ap-medlemer i fjor såg unådig på flørten med KrF. Gleda over eit mogleg regjeringsskifte utan sak var så stor at Knut Arild Hareide, heilt merittlaust, stod fram som statsmann og stor strateg.

Keisam politikk

Norsk politikk er vorten keisam. Det er kome så mange forlik om dei viktigaste politikkområda i Stortinget; mange reguleringar av politikken er lagde til instansar utanfor Stortinget (direktorat, føretak, stiftingar, internasjonale avtaleverk og så bortetter). Lite kan Tinget stridast om – utanom konkurransane i moralisme, då, især om skulen, der har alle vore –?og er –?ekspertar.

For kynikarane mellom oss var ikkje Hareide-planen ei Damaskus-oppleving, eit kerygma, ei openberring, om enn mangfaldige journalistar og samfunnsdebattantar opplevde det slik. Vi såg tidleg at Hareide forrekna seg på oppslutninga i partiet. Eg trong inga profetisk nådegåve for å sjå for meg eit «hareidkiri».

Guten minte granngiveleg om hovudpersonen i Alexander Kiellands roman Sankt Hans Fest (1887), ei god innføring i ei side ved rogalandsk kristendom. Ein ung katedralskulelektor, teolog, ynskjer brennande å sameine alle gode kristne krefter i Stavanger, i sorg over kiv og strid. Han oppnår i staden å sameine alle tidlegare stridande partar i kyrkje, frikyrkje, indremisjon og sektvesen mot seg, og står blakk, oppråd og utstøytt igjen på dagen for den store forsoningsfesten.

Motaksjon

På same viset stimla desse som meiner religionen er noko dei kan manipulere til eigen føremon («dei kristeliøse»), stillsleg saman til innsats mot kuppforsøket. Motaksjonen vart utførd med strålande smil, som, for dei som ikkje var merksame på at det å vise tenner er ei krigserklæring i visse kulturar, verka gemyttleg og som ei fornying av tonen i norsk politikk. Di breiare Ropstad smilte, di meir Bollestad tala forsamlingar i senk om nestekjærleg varme, di klårare skjøna vestlendingar vane med bedehus og soknerådsval at no vart det mobilisert til nådelaus krig, slagmarka ville ikkje vere utan falne.

Det var ikkje noko sjokk at nett årsmøtet i Rogaland vart merke på korleis ein kunne utmanøvrere hareidistane. Ein heimelsmann kunne då òg sidan fortelje Stavanger Aftenblad at hadde det ikkje gått i Rogaland, så hadde det gått i Agder eller ein annan stad. Visseleg var dette ei fornying av tonen. Andre parti har òg ofra leiarar og andre, men sonofferet er betre ideologisk fundert i KrF; ein treng ikkje krossfeste folk når ein kan sende dei ut i ein politisk ørken. At Hareide lét seg lokke ut på galeien av Bollestad og Ropstad, at han ikkje tidsnok merka at dei drog teppet vekk under han, vitnar om ei truskuldig drøymeverd. Vel, det er trass alt av sine eigne ein skal ha det. Når Hareide har virra ikring i førti dagar, skjønar vi kan hende kva mannen seier, igjen. Men vi vil hugse han som forvirra.

Symbolverdiar

Det er vel ikkje så nytt heller å vilje velte ei regjering utan strid om verkelege saker. Sidan semja i Tinget er så stor, er freistinga til å manipulere fram kunstige skifte òg stor. Det nye er at ein gjer alt dette ut frå pure symbolverdiar. Det KrF har oppnådd så langt, er for skodebrød å rekne. 1000 kroner meir i barnetrygd tilsvarar ein halvkilo brunost og ein liter mjølk meir i familiebudsjettet i månaden, men vert framstilt som «et historisk gjennomslag» i kampen mot fattigdom av ein manisk smilande Ropstad. Merkeleg var det òg at Bollestad skulle kunne lage semje med Ap på Tinget om dei to vinflaskene, noko FrP føreseieleg vart fly forbanna for.

Vilkårleg tolking

To saker er langt verre. Fyrst og fremst sjølvsagt spelet med paragraf 2c i abortlova. Her har statsministeren gått imot landsmøtevedtak i eige parti, og Ropstad har systematisk misframstilt kva paragrafen heimlar. Vi kan ikkje leve med slik vilkårleg omtolking av vedtak og lover. Heller ikkje at ein på amerikansk vis nyttar oppnemningar i Bioteknologirådet som forhandlingskort.

Vi har meint å kunne lite på prosedyredemokratiet. Måten vedtak vert til på, skal vere føreseieleg, vi vil ikkje overfallast av lure triks som set oss ut av spel. Statsminister Erna Solberg har gått langt i å premiere løyndespel. Ap-leiar Jonas Gahr Støre har stilt seg open for stortingstaktikkeri med ein liten mindretalsgjeng som ter seg på éin måte i det offentlege rommet og på ein heilt annan måte på bakromma.

Vi er forventa å lære ungdommane i skulen kritisk tenking, seier politikarane våre. Dei bør leve som dei meiner vi skal lære. Om ikkje vil vi ta til å forakte det underlege, ufruktbare spelet dei no har erstatta opne politiske drøftingar med.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Det KrF har oppnådd så langt, er for skodebrød å rekne.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) la nyleg fram ei stortingsmelding for 5. til 10. trinn i grunnskulen. Der opnar ho for eit ordskifte om språkfaga i ungdomsskulen.

Foto: Lise Åserud / NTB

Samfunn

Språkfag i spel

Kunnskapsministeren vil gje fleire elevar høve til å velje arbeidslivsfag. Lærarar åtvarar mot å la det gå på kostnad av språkopplæringa.

Christiane Jordheim Larsen

Foto: Baard Henriksen

LitteraturKultur

Sorg og sjølvutsletting

Kva kan djup, djup sorg gjere med eit menneske? I den nye romanen sin freistar Terje Holtet Larsen gi nokre svar.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis