JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Panikkrepublikk

Fridomsplassen, Midan tahrir, er rydda og endra for å hindre at nokon skal la seg inspirere att. Ein tidlegare presidentkandidat, no omdøypt til «terrorist», kallar Egypt for ein panikkrepublikk.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
President Abdel Fattah al-Sisi vitjar Sinai-halvøya og helsar på egyptiske tryggingsstyrkar.

Foto: APA / REX / NTB

10388
20210226
10388
20210226

I 2011 rakna makta til militæret i dei arabiske republikkane. Egypt, den største og viktigaste nasjonen i arabarverda, har i alle år har vore staden der politisk utvikling tek til. Egyptarane skulle ta steget inn i det 21. hundreåret og vise veg. Ti år seinare ligg Egypt nede med broten rygg.

Då europeiske kolonimakter trekte seg attende frå arabarverda, fekk dei militære raskt kontroll i dei unge arabarrepublikkane. I Egypt tok obersten Gamal Abdel Nasser makta i 1950-åra. Dei neste egyptiske statsleiarane, Sadat og Mubarak, kom òg frå militære rekkjer. I dei andre arabiske republikkane kuppa den kakikledde regjeringsmakta i 1970-åra. Likevel var det først etter den kalde krigen det vart snakk om «arabarverdas autoritære eksepsjonalisme».

For då demokratitoget feia over heile verda etter glasnost, vart arabarane ståande att på perrongen. Den viktigaste politiske motstandaren til den arabiske sosialismen som dei kakikledde og venene deira smykka seg med, var Den muslimske brorskapen. Brorskapen gjekk av med valsiger i Algerie i desember 1991.

Makthavarane mobiliserte då i tospann med franskmennene. Argumentet var at brorskapen truleg ville vere «ei stemme, ein mann, ein gong». For å hindre kupp måtte militæret ty til kupp. Algerie drukna i blod og la ein blytung dempar på demokratiiveren i mang ein arabisk republikk. I Egypt sat president Mubarak no trygt og kunne bruke harde metodar mot både brorskapskrefter og radikale jihadistar. Og var ikkje dei to sider av same sak, forresten?

Væpna for fred

Presset frå vestlege land om demokratiske reformer var ikkje påtrengjande. Nordamerikanarane var opptekne av å halde freden mellom Egypt og Israel frå 1976 og betalte i dyre dommar for å setje det egyptiske militæret i stand til å sikre stabilitet. Det gjekk fint heilt til radikale sunnimuslimske jihadistar frå arabarverda gjekk til åtak på USA i 2001. Då vart plutseleg den arabiske eksepsjonalismen heile verda sitt problem. Han var grobotn for (altfor) radikale ideologiar.

I vestlege krinsar der ein tenkte på berekraft, menneskerettar og arbeid mot radikalisering, var dei samde om at jarngrepet som dei kakikledde hadde om arabarstatane, måtte vekk. For deira eiga skuld, men òg for alle oss andre.

Sosiale skilnader, arbeidsløyse og korrupsjon kunne forklarast med at nokre få familiar sat på nær heile kaka. Det fanst ingen heis for talentfull ungdom her. Dei arabiske sosialistrørslene hadde ikkje levert det dei hadde lova, og islamistideologien frå Den muslimske brorskapen var i vinden.

Då Europa og USA kvar på sin måte pressa på for demokratiske val på 2000-talet, gjorde brorskapspartia reint bord. Etter fem slike val på midten av 2000-talet toppa det seg då Hamas vann det EU-støtta valet hjå palestinarane i januar 2006. Det var ikkje heilt slik demokratisering ein hadde sett for seg.

Kanskje var økonomiske reformer ein meir eigna måte å lyfte arabarane på? Men i 2010 var resultata nedslåande. Alle forsøk på å endre dei økonomiske strukturane gjekk i vasken. Tilskot utanfrå hamna i dei same lommene, hjå dei få som hadde tette band til dei same familiane, og ikkje hjå dei mange, som var tanken. Program mot fattigdom eller økonomisk endring for å redusere rekrutteringsbonanza for dei ytterleggåande muslimske ideologiane, verka ikkje etter planen. Dei kakikledde stod i vegen her òg. Militærstyret såg no ut til å vere den viktigaste hindringa for politisk og økonomisk utvikling.

Tunisia-effekten

I 2011 brast det. I vesle Tunisia hadde dei militære halde seg i brakkene sine. Her var det politiet som var støttespelarane til presidenten. Då blodet flaut i gatene, var det derfor militæret som greip inn og verna folk i Tunisia mot politi og president. Nokre veker seinare signaliserte det egyptiske militæret at no var òg Mubarak si tid over. Årsaka var særleg at militæret vart overmanna av forventningar frå egyptarar flest om å kome folket i møte. Dei kakikledde i Egypt skifta side. Inntil vidare.

Ei ny grunnlov kom raskt på plass. I Tunisia tok dei seg god tid, og alle fekk plass ved bordet. I Egypt vart prosessen pressa igjennom av utolmodige politikarar, utspekulerte juristar og kakikledde bakmenn. Den muslimske brorskapen fekk alle politiske verv i fanget, og sat utan erfaring med ansvar for både utøvande og lovgjevande makt. Embetsverket i Egypt var ikkje imponert, og domstolane hadde open kanal til dei gamle venene sine. Den fyrste demokratisk valde sivile presidenten i Egypt, Muhammad Morsi, hadde statsmakta mot seg.

Sommaren 2013 var misnøya djup både blant folk flest og hjå dei rike familiane. Kairo var full av demonstrantar med krav om ein annan type revolusjon enn det vanstyret dei nye klutane leverte.

Like før president Morsi skulle gå laus på selskapa til dei kakikledde og dei gode venene deira i rettsvesenet, nytta militæret høvet til å fjerne den sivile presidenten. Dette vart for mykje amatørskap. Var ikkje alle einige om at det var betre før?

For hjelpa var nær. Dei rike golf­monarkia stod parat til å «få litt skikk på Egypt att». Kor mange milliardar dollar var det forsvarsminister og general Abdel Fattah al-Sisi trong for å få Egypt på fote igjen, eigentleg? Golfstatane stod til teneste for dei egyptiske militære. Al-Sisi kunne no trygt erklære at «Mursi ikkje lenger hadde legitimitet».

Etter to år var dei kakikledde attende i presidentstolen i Egypt. No strøymde det òg på med pengar. Men det var ikkje lenger USA som var økonomisk garantist for det militære styret i Kairo. No var det Saudi-Arabia og Dei sameinte arabiske emirata. Og der i garden er det litt andre forventningar til styresett og metodar. Riyadh og Abu Dhabi var òg klare på at brorskapen måtte ryddast inn i skapet att.

General al-Sisi

På seinsommaren i 2013 var det demonstrasjonar mot militærkuppet. Det egyptiske militæret fekk vide fullmakter og enda med 800 drepne demonstrantar i den såkalla Raba-massakren. Men våren var no vorten sur og kald, og verda såg annleis på saka.

Syria og Libya stod i brann, og ingen ville at slik uro skulle spreie seg i Egypt, arabarverdas kjempe, med 100 millionar innbyggjarar og ein halv million soldatar. Dei neste månadene vart rundt 40.000 fengsla i Egypt. Året etter vart general al-Sisi vald til president på klassisk kakivis med 97 prosent av røystene.

Nok ein gong var det militæret som styrte Egypt. Men no var Egypt prisgjeven ein ny type herrar. Saudi-Arabia truga til dømes i 2018 med å stoppe alle utbetalingar til det egyptiske militæret på dagen. Riyadhs meiningar måtte tilleggjast vekt både i Kairo og i viktige vestlege hovudstader.

General og president al-Sisi har i stor grad militarisert det egyptiske politiske systemet dei siste åra. I 2015 innførte han ei lov som gjev styresmaktene høve til å setje mistenkte på ei «terrorismeliste». Hamnar ein her, kan ein bli råka av reiseforbod, miste passet og få blokkert tilgang på eigne finansar. Lova har vorte kalla «hemnheimelen» og har vore nytta til å redusere rørslefridomen og blokkere lønsutbetalingar for journalistar, akademikarar og aktivistar.

Påtalemakta nominerer personar eller organisasjonar som «uroar offentleg ro, utgjer ein fare for tryggleiken, interessene til samfunnet, motarbeider grunnlov eller lov, eller er til skade for nasjonal sameining, sosial fred eller nasjonal tryggleik».

Terrorismelista til styresmaktene har over 6400 namn. Her finn ein nokre av dei farlegaste valdsideologane i Egypt. Men dei fleste på lista er fredeleg politikarar, menneskerettsforkjemparar eller journalistar og slektningane deira. På lista finn ein òg fotballspelarar, forretningsfolk, parlamentarikarar og tidlegare ungdomsleiarar frå den arabiske våren.

Terrorlovgjevinga vert nytta for å halde politisk opposisjon i sjakk. Samanlikna med al-Sisi-veldet er det brei semje om at politisk undertrykking under den militære presidenten Hosni Mubarak var som ein dans på roser. Human Rights Watch reknar med at talet på politiske fangar dei siste åra har lege på 60.000.

Favorittdiktatoren

Vestlege land har ikkje vore spesielt vanskelege. For Donald Trump var al-Sisi «my favourite dictator». Men heller ikkje europearane vil leggje seg ut med egyptarane.

I 2019, då det fyrste toppmøtet gjekk føre seg mellom EU og Den arabiske ligaen i al-Sisis Egypt, blant anna for å diskutere migrasjon, kvitterte egyptarane med å hengje 15 «terroristar» rett i åsynet på statsleiarar frå 24 europeiske land. Ingen reaksjon. Litt seinare same året kunne al-Sisi trygt innleie ein storoffensiv mot politisk opposisjon, som han skulda for terrorisme.

Al-Sisi har samstundes teke tak i egyptisk islam. I 2015 proklamerte han at «islam treng ein revolusjon», og nyleg foreslo presidenten å fjerne koranvers frå egyptiske skulebøker som ikkje handlar om religion. Samstundes prøver generalen å få kontroll med den muslimske lærestaden al-Azhar i Kairo.

I 2011 vart al-Azhar gjeven stor fridom av dei militære for å hindre at brorskapsrørsla skulle få kloa i institusjonen. No treng al-Sisi å kontrollere dei lærde sjølv for å kunne styre islam i ei retning som tener styresmaktene. Slikt vert ein ikkje populær av i Egypt.

Derimot vert ein gjerne helt i Frankrike. Al-Sisi er ein alliert for Macron i møte med ein stadig meir offensiv Erdogan i Tyrkia. Og Frankrike veit å verdsetje slikt. Hausten 2020 vart al-Sisi slått til Legionnaire d’honneur. Egypt er krigførande nasjon i Libya og støttar Haftar saman med Emirata (og Frankrike i bakre rekkje) mot Tyrkia.

I Jemen har Egypt vore krigførande nasjon sidan 2015, utkommandert av golfstatane, også her saman med Frankrike. På toppen av flyktningar, islam og krig er det likevel energi som er hovudårsaka til at al-Sisi vert kurtisert i Europa. For Egypts nye og store gassfelt Zohr kan endre mykje. Det kan diversifisere gassen til Europa utan Putin, og på sikt er det her utsiktene ligg til større egyptisk sjølvstende, djupare stabilitet og kanskje nye ideologiske plattformer. Førebels held Europa seg for nasen.

Cecilie Hellestveit

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett, og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hjelpa var nær. Dei rike golf­monarkia stod parat til å «få litt skikk på Egypt att».

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis