JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Om Putin

Putin er ingen Hitler. Eg skreiv dette sjølv i Dag og Tid etter annekteringa av Krim i 2014. Tok eg feil?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Medan presidentane i den andre supermakta kjem og går, er det alltid den same som vinn i Russland. Her møter Putin Clinton i Brunei i 2000.

Foto: Rick Bowmer / AP / NTB

10517
20220708
10517
20220708

Putin er ein fascistisk diktator, skreiv den amerikanske historikaren Timothy Snyder i The New York Times 18. mai i år. Fascismen døydde ikkje ut som ideologi etter Hitler og Mussolini, ifylgje Snyder. Den ideologien som no held Putin ved makta i Russland, har så stor likskap med den historiske fascismen at han må seiast å vere den same.

Snyder vart snøgt motsagd. Historikarar er jamt over skeptiske til bruk av «fascisme» som eit abstrakt omgrep heva over tid og stad. Berre Hitler var Hitler. Og om ein ynskjer å bruke fascisme som eit statsvitskapleg omgrep på ideologiar og regime i samtida, vert det ein diskusjon om kva kriterium som må oppfyllast for at noko skal kunne falle inn under omgrepet.

Snyder kryssa av tre på lista: Det første kriteriet er kulten av Putin som leiar nærmar seg den historiske Hitler-dyrkinga i Nazi-Tyskland. Det andre er dyrkinga av dei daude – i Putins ideologi dei falne i «den store fedrelandskrigen» (andre verdskrigen), motsvarande Hitler-Tysklands dyrking av dei falne i første verdskrigen. Og det tredje er myten om gullalderen i det tidlegare imperiet som no kan verte atterreist gjennom ein heilande bruk av vald. I dette finn vi forklaringa på Putins brutale erobringskrig i Ukraina og trugsmåla mot andre statar som tidlegare var under det russiske og seinare sovjetiske imperiet, og vi veit kva vi må vente oss.

Snyders kritikarar har påpeika at lista over kriterium som må til for at noko meiningsfullt skal kallast fascisme, er mykje lengre, og at det vert vanskeleg å få alt til å passe på Putin-Russland, om ein ynskjer ei korrekt vitskapleg klassifisering. Men om ynsket er å diskreditere Putin-regimet og forklare kvifor det er naudsynt for den frie verda å ta opp kampen mot det, kan merkelappen «fascisme» likevel vere nyttig nok, utan nærare presisering.

Vi veit kva dei fascistiske diktatura førte til, og vi har lært kva som må til for å stogge dei. Ettergjevnad og forhandlingar nyttar ikkje. Dei må stoggast og helst knusast med makt. Snyders artikkel må helst forståast som ein politisk bodskap til amerikanske veljarar og folkevalde, har fleire kommentatorar påpeika: Putin er ikkje som andre autoritære statsleiarar som ein meir eller mindre kan tolerera. Det Snyder ville ha fram, er at vi må møte Putin på same måte som vi i si tid møtte og uskadeleggjorde Hitler.

Ironisk nok har Putin sjølv demonstrert krafta i denne bruken av fascisme-/nazismeomgrepet når han insisterer på at eit av føremåla med den «militære spesialoperasjonen» i Ukraina er å knuse «nynazistane som har teke makta i Kyiv». Putin har for sin del ikkje funne det naudsynt med noka nærare presisering. Merkelappen er sjølvforklarande. Minnet om kampen mot nazistane er levande i Russland, og oppslutnad om dette målet er sikra. Nazisme er vondskap som må knusast med vald.

Men om Putin framleis ikkje er nokon Hitler, er det mogleg, gjennom nærare analyse av strukturelle og ideologiske trekk i regimet hans, å nå fram til ei ny forståing som kan vere nyttig? Debatten som følgde etter Snyders artikkel, har fått ei rad russlandsekspertar på banen.

Ein av dei er den russiske statsvitaren Grigorij Golosov. I artikkelen med tittelen «Not quite reich», publisert på nettsida Theins.ru 21. juni, påpeikar han at Putins regime manglar noko som var heilt vesentleg for dei fascistiske regima, nemleg den breie massemobiliseringa, fyrst gjennom partia og dinest ei heil rad av organisasjonar – frå Hitler-Jugend til idrettslag, kvinneforeiningar og yrkessamband – som vart aktive reiskapar for partiets radikale ideologi.

Partiet til Putin – Sameint Russland – spelar ikkje noka stor rolle for regimet, hevdar Golosov, og ikkje ber det på nokon tydeleg ideologi heller. Andre av dei nemnde organisasjonane er mest fråverande i dagens Russland, i skrikande kontrast til det fascistiske Italia og Hitlers Tyskland.

Dette betyr ikkje at oppslutnad frå folket ikkje er viktig for Putin. Men regimet må analyserast strukturelt og ikkje ideologisk, er Golosovs poeng. Putins Russland er eit personleg diktatur som Hitlers og Mussolinis, men utan å vere institusjonalisert som partiregime som desse. Putins regime er institusjonalisert som eit valregime. Det er eit autoritært statsstyre som hentar legitimiteten sin frå oppslutnad i val. Skal vi forstå kvifor Putin handlar som han gjer, må vi forstå korleis han førebur seg på neste val.

Ikkje noko val i Russland er «fritt» eller demokratisk. Regimet har full kontroll. Putin kan ikkje tape. Statsapparat og rettsvesen sørger for at motkandidatar vert eliminerte og at røystetala vert slik det passar. Men val er noko regimet er nøydd til å halde med jamne mellomrom, med dei føremoner og ulemper dei fører med seg.

For at val skal ha nokon verdi for regimet, er føresetnaden at dei viser massiv oppslutnad om makthavarane. Samstundes er dei ritual som opnar for ein viss grad av debatt og protest, som det viste seg i omfattande demonstrasjonar i åra 2011–13 etter det grovt manipulerte parlamentsvalet i 2011.

Anneksjonen av Krim og okkupasjonen av Aust-Ukraina i 2014 må helst forståast som tiltak frå Putins side for å styrke legitimiteten av regimet etter uroa, hevdar Golosov. Og for dette føremålet verka det godt. Putin vart attvald i 2018 med 77 prosent av røystene og lite protest mot nok eit manipulert val.

Med lite anna å kunne skryte av, og utan materiell framgang for folket i Russland å vise til, håpte Putin i år på å ta opp att suksessoppskrifta frå 2014: Ein rask innmarsj i Ukraina, venteleg utan store tap, og innsetjing av eit russiskvenleg regime i Kyiv skulle sikre ny oppslutnad framfor valet i 2024. Når det ikkje gjekk slik, kom det av katastrofale feilvurderingar av eigen militær styrke og særleg av tilhøva i Ukraina.

Golosovs analyse av Putins regime kan hjelpe til med å forklare det som Putin forsøkjer på no: på den eine sida å presse vidare det militære åtaket på Ukraina trass i store tap, heller enn å innrømme nederlag, og samstundes utan å gå til full krigsmobilisering, som vil kunne vekkje uro internt. På den andre sida å stramme grepet på ytringsfridom og informasjonsflyt i Russland for å hindre at folket – veljarane – får eit sant bilete av det som går føre seg. Krigen i Ukraina er eit middel til å halde på makta i Russland. Andre strategiske mål er underordna.

Så langt Golosov. Det trengst andre forklaringar på kvifor militær ekspansjon inn i tidlegare sovjetrepublikkar (Ukraina og Georgia) skulle vere særleg veleigna til å samle oppslutnad frå veljarar i Russland som har mange andre og nærare problem å vere opptekne av.

Her kan eg anbefale ei lita bok som kom ut i 2019, skriven av Keir Giles, Russlandsekspert ved Chatham House i London: Moscow Rules. What drives Russia to confront the West? Fyrst og fremst er Putin russar, skriv Giles. For å forstå han må vi setje han inn i fleire hundreårs russisk historie.

Dei djupare strukturane i Russland har endra seg lite frå tsartida til i dag, er hovudbodskapen til Giles. Kampen mot Vesten har alltid vore eigna til å samle oppslutnad om herskarane, uansett kor brutale dei har synt seg overfor sine eigne. Samanlikna med dei fleste forgjengarane har Putins styre hittil vore eit mildt diktatur og ikkje eit despoti på line med dei mest brutale tsar- eller kommunistpartistyre.

Men å vente at Putin skal te seg «rasjonelt» etter vestlege mål, er fånyttes. Skal vi forstå Putin, må vi forstå at han handlar innanfor eit meiningsunivers som er grunnleggjande forskjellig frå Vestens. Ein herskar som er sterk og set seg i respekt i tilhøve til andre land, er etter russisk tenkjemåte ein god statsleiar. Meiningsmålingar viser at russarane sluttar opp om Putin som statsleiar sjølv om dei samstundes meiner at utviklinga i deira eige land går i galen lei.

Om Putin har noko overordna strategisk mål for konfrontasjonen med Vesten som han no har provosert fram, er det å bli teken på alvor av USA som ein likeverdig supermakt. Dei andre Nato-landa og EU er vasallar under USA, slik Putin ser på verda. Ein ny Jalta-avtale med USA – og Kina – er truleg noko han ynskjer: der verda vert delt opp i maktsfærar mellom supermaktene, som sikrar «stabilitet» og «sikkerheit». Små og svake land vil alltid vere dominerte av store og sterke makter, og slik vil det alltid vere. Nasjonal suverenitet er ein illusjon for «småstatar» som Ukraina eller Noreg, i Putins augo.

Skal vi retteleg forstå Putin, skriv den tsjekkiske historikaren Jaroslav Simov i ein kommentar til Snyder, må vi sjå han som herskaren over eit imperium. Den russiske føderasjonen er den siste store kolonimakta. Ukraina-krigen er ein kolonikrig. Ein tidlegare koloni kjempar for nasjonalt sjølvstende, medan kolonimakta brukar militær overmakt til å presse dei til lydnad, i tillegg til å freiste å ta frå dei eitkvart legitimt grunnlag for sjølvstendig nasjonal identitet.

Det er ikkje berre Putins regime i Russland det står om. Det er heile det russiske koloniimperiets eksistens som er i spel. Simovs påpeiking gjev meining om vi samanliknar med brutale kolonikrigar som tidlegare koloniimperium utkjempa gjennom det siste hundreåret, til dømes Frankrike i Vietnam og Algerie. Eit tap i Ukraina står for Putin og leiarskapet i Kreml som ein katastrofe, som i si tid for regjeringane i Paris.

Kan vi nytte desse innsiktene til å spå sikrare om kva som vidare vil hende i høvet mellom Russland og Ukraina og mellom Russland og Vesten? Få vil våge seg til å spå om denne framtida, og aller minst eg. Men at Putin vil gje opp planane om å få dominans over Ukraina og trekkje seg ut friviljug, er lite truleg.

Freistnader på å hindre at Putin vert audmjuka, har venteleg negativ verknad. Det er fyrst når Putin sjølv innser at han står i ein svak posisjon, at han vil vere innstilt på forhandlingar. Putin gjev seg for overmakta, og berre for den, åtvara Keir Giles i 2019.

Til no ser Putin truleg optimistisk på utviklinga i Ukraina. Trugsmål om atomvåpen har skremt USA og Nato til å love å la vere å intervenere militært, og slik Putin kjenner landa i vest, er det berre eit spørsmål om tid før lovnadene om militær og økonomisk støtte til Ukraina vert ofra til føremon for andre ting som ligg innbyggjarane nærare på hjarta, som matprisar og energikostnader. Demokrati som må ta omsyn til si eiga befolkning, er svake, slik Putin ser på verda.

John Peter Collett er professor emeritus i historie og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Andrev Walden er journalist og illustratør. Debutromanen frå i fjor kom på norsk i vår.

Foto: Jessica Gow / TT / NTB

LitteraturKultur

Livet med ein flaum av stefedrar

I mange år tenkte Andrev Walden at han skulle skrive om oppveksten sin, men han visste ikkje korleis. Då han omsider fann den rette tonen, blei romandebuten ein internasjonal suksess.

Jan H. Landro

NTNU, Noregs teknisk-naturvitskaplege universitet, med hovudsete i Trondheim, er det største universitetet i Noreg, med campusar i Gjøvik og Ålesund.

Foto: Gorm Kallestad / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Universiteta treng ei realitetsorientering

Me bør ikkje ha studietilbod som ingen etterspør, meiner Ola Borten Moe.

Feature
Svein Gjerdåker

Bønder i krigstid

UKRAINA: Ukraina har noko av den mest grøderike jorda i verda. Svartjorda deira er fascinerande. Denne djupe, humusfylte jorda som går milevis innover dei ukrainske steppene. Eg reiste til Ukraina for å møta bønder i dette enorme jordbrukslandet.

Teikning: May Linn Clement

KommentarSamfunn
Eivor Andersen Oftestad

Menneskeverdet er ikkje så sjølvsagt som vi trur

Sjølv om den sekulariserte versjonen av menneskeverdet framleis vert forstått som retten til liv og omsorg, er det noko som har vorte borte på vegen.

«Lodderáidaras / Melkeveien» (2022), detalj.

KunstMeldingar

Som ein trojansk hest

I utstillinga til Britta Marakatt-Labba, Sylkvasse sting, er dei fleste verka broderi, men her er ingen søte blomar. Sting for sting får me ei sirleg framstilling av blodig alvor. Museumsvaktene står for ei eiga absurd framsyning som dessverre ikkje er dagens performance.

Mona Louise Dysvik Mørk

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis