Kommentar
Nytt lys på dugnadsnoreg
Lat oss heidre dugnadsånda gjennom å gjere frivilligåret til noko meir enn ein festtale.
Nytt år, nye festar: Kva skal vi feire i 2022? Sjølv vert eg førti om nokre månader og skulle aller helst feira med å brenne munnbindsamlinga mi alt i dag. Den olympiske flammen brenn seg nærare og nærare ein stor fest i Beijing, men før han vert tent – ja, kvar einaste dag heile år – skal vi feire det frivillige Noreg.
2022 er frivilligår. Nett kvifor er ikkje heilt definert, men paraplyorganisasjonen Frivillighet Norge har spurt, og den førre regjeringa sa ja, og no har vi fått ei nettside der frivillige organisasjonar kan søke om opp til 25.000 kroner for å arrangere «Vår dag» – ein kva som helst slags dag dei kan bruke på å arrangere noko som gjer dei synlege.
Og kvifor skulle vi ikkje feire at dugnad framleis er noko meir enn å halde seg inne i karantene. Ja, kanskje er det fyrst og fremst det heilt motsette, sidan den frivillige arbeidsinnsatsen i Noreg kvart år utgjer 142.000 årsverk, ifylgje Statistisk sentralbyrå, ei verdiskaping tilsvarande 78 milliardar kroner?
Folk trenar fotballag, vitjar vilt framande fengselsinnsette, pussar opp bedehus, køyrer ut mat til eldre og bergar endåtil liv i Noreg utan å tene ei einaste krone på det. Applaus! Men likevel: Er det ein synleggjeringsdag norske organisasjonar aller mest treng pengar til?
Driftsmidlar
Dei fleste som driv organisasjonar i Noreg, veit at det er i prosjekta pengane ligg. Å få pengar til å gjere noko utanom det vanlege, eller til å kjøpe ein ballbinge, ei ny vaskemaskin til kjøkkenet eller noko anna heilt nytt, er relativt lett – i det minste om ein samanliknar med å skaffe pengar til det som til sjuande og siste er det aller viktigaste: pengar til den daglege drifta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.