Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Nye typar revoltar i Frankrike

Fleire er meir rasande, metodane er verre enn før.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«Saman for republikken» står det på banneret som ordføraren Vincent Jeanbrun og presidenten i det franske senatet Gerard Larcher med fleire går bak til støtte for republikken og mot opptøyane i landet.

Foto: Stephanie Lecocq / Reuters / NTB

6837
20230707
6837
20230707

Som eld i tørt gras spreidde det seg oppstandar etter politidrapet på 17 år gamle Nahel M. i Nanterre tysdag 26. juni. I 40–50 byar og i flest alle bydelar i Paris har det vore opptøyar – fyrst og fremst i forstadene, der ein etter kvart har sett storming og okkupasjon av politistasjonar. I dei siste tilfella møter politiet sitt eige utstyr i gatekamp.

Eit tusental menneske er arresterte, tredjeparten mindreårige. Hærverket på bygningar og butikkar vil gje forsikringsutbetalingar på over ein milliard euro. Dei utan forsikring får òg dekt kostnadene av staten, så summen vert langt høgare. Offentlege institusjonar er vortne symbol på makt. I Cronenbourg-kvartalet i Strasbourg har to skular brunne ned. Same stad fekk ungdommar tak i ein granatkastar søndag og råka ei kyrkje med folk i (utan personskadar). Gamle folk gret og mintest krigen.

Store politistyrkar

45.000 politifolk er utkommanderte. Utetter søndagen vart panservogner sette inn for å stagge og spreie demonstrantane i fleire byar. Det hende ikkje eingong under maiopprøret i 1968, sjølv om stridsvogner stod oppstilte i Boulogne-skogen. Dei vart heldigvis ikkje brukte.

Natt til tysdag drog president Macron, som avlyste ei statsvitjing i Berlin, ikring på politistasjonar for å mote opp politifolka og fortelje kor stolt han er over at dei ikkje vik i kampen for orden. Så har han då også sjølv lagt til 15.000 i rekkjene deira.

Desse oppreistane spreier seg raskare og er meir valdelege enn dei i 2005, etter at ein 13-åring gøymde seg for politiet i ein transformatorstasjon og omkom der. Sidan har det vore mange små og større episodar, og jamt mange skuldingar om politibrutalitet.

Somtid har det fyrt opp spontane aksjonar, såleis i 2018, då ei gruppe politifolk i St. Denis-området nord i Paris skadde ein svart unggut for livet ved å køyre ein batong opp i endetarmen på han fleire gonger. Freistnader på å skremme ungdom frå valdsverk med motvald mislukkast kvar gong, men strategien endrar seg ikkje.

Knapt sosial kontakt

Alternative dialogar er det vanskeleg å finne rom for. Det finst ikkje mange kultiverande møtestader for ungdom lenger, ingen autoritetar til å rettleie dei. Utanom religiøse forsamlingar og gjengar finst det knapt sosial kontakt.

Og medan fleirtalet av imamar er lojale mot den franske staten, kryr det av koranlærarar som ser det som ei plikt å skape uro så Mahdi, den muslimske Messias, skal openberre seg og lage dommedag.

Pengeinnsamling

Nahel var ute i den gamle gule Mercedesen sin saman med to kompisar. Ein av dei hadde ein dom på husarrest etter vinningsbrotsverk. Difor stoppa ikkje Nahel for politiet, han køyrde mot raudt og vart så forfylgd; ein politimann kom opp på sida av bilen og skaut.

Politimannen er arrestert og er nok utan jobb snart, men ingen reknar med lang fengselsstraff. Det er sett opp ein innsamlingsaksjon til støtte for han og familien på sosiale medium; på ei veke kom det inn ein million euro.

Ei tilsvarande innsamling er laga for familien til Nahel, og på same tid er det samla inn ein tiandedel av det politimannen kan trekkje seg attende med. Skilnaden syner korleis sosiale skilje regulerer medkjensle og situasjonsvurdering.

Hundrevis av menneske er skadde. Det alvorlegaste åtaket så langt var på familien til ordføraren i forstadskommunen L’Haÿ-les-Roses sør for Paris, Vincent Jeanbrun. Ein bil full av bensin vart send i stor fart inn i huset deira; kona og eine dottera til ordføraren hamna på sjukehus. Det som var tenkt som ei brannbombe, fungerte heldigvis ikkje godt nok til rask overtenning.

Sosiale medium

No har provokatørane rokke å innfinne seg frå ymse krokar og krær i Europa, liksom då dei opphavleg fredelege gule vestar-aksjonane vart til bylgjer av valdsverk. Alt då brukte ein Facebook og andre sosiale medium for å mane til samling og aksjon, såleis ved knusinga av museet i Triumfbogen.

Det heilt nye i år er funksjonen til Telegram. På dette russiske sosiale mediet vert det lagt ut bilete av politifolk med dels alvorlege skadar, såleis av ein som blødde sterkt frå hovudet. Det viste seg at han hadde kraniebrot, til stor jubel og opphissande kommentarar – frå russarar.

Gjennom Telegram vert no politistyrkar og politistasjonar med koordinerande funksjon blinka ut som mål for åtak. Resultatet er at det alltid er molotovcocktailar tilgjengeleg, fleire og fleire politifolk bryt ribbein av di dei tek kuler i den skotsikre vesten, mange vert langt alvorlegare skadde.

Gettoisering

Alle veit kvar årsakene ligg, få vedgår det: gettoiseringa av forstadene med forfall og utarming, og ein jamt aukande desperasjon i store delar av folket, der syndebukkar raskt vert utnemnde – og slår attende med vald.

Men litt av kvart har endra seg: Denne gongen dundrar gamle bestemødrer på dørene til politistasjonane i lag med barneborna sine. Aksjonane slepp ut undertrykt raseri frå mange grupper. Å ja, det ser franske intellektuelle godt, men dei møter utfordringa helst på den klassiske måten og lovprisar revolt som kimen til ideologisk revolusjon.

Men denne gongen, altså, flyktar all slag turistar frå Paris og dei andre store byane, restaurantar og hotell tømmest. Dette går ut over næringslivet i langt større omfang enn ruteknusing hjå fortvila butikkeigarar i forstadene.

For landet ser det ut til å vere éi av to løysingar: anten tek ansvarlege styresmakter endeleg alvorleg dei mange analysane som er lagde fram i meir enn 30 år over gettoiseringa og dei sosiale fylgjene den har, og tek i bruk dei grundig utgreidde oppskriftene, eller så søkk landet ned i kaos der kostbar oppbygging av statleg valdsmakt mot eige folk kjem i staden.

Forsterka Korrupsjon

Sosiale skilnader har knapt vore eit reelt tema i fransk politikk. Mitterrands regime (1981­–1995) skapte rom for kulturell og sosial deltaking. Prioriteringane fortok seg då ein skulle takle statsgjelda han opparbeidde.

68-arane gjorde lite for å få opp diskusjonar om sosiale skilje; som ny elite kritiserte dei mest den gamle. Mange motarbeidde aktivt forsking om utvikling av sosial naud, gettoisering, strid mellom grupper eller sentrum/periferi-konfliktane. Få på venstresida interesserte seg for sosial utjamning.

Landet er splitta opp i alle tenkjelege motsetnader. I botnen ligg forarming, utestenging, behov som vert ledde av i Paris, og i Paris behov som få vil snakke om, såleis forstadsutviklinga. Under Macrons regime er korrupsjonen forsterka. Presidenten har heilt slutta å tale om sosial rettferd. I staden utnemner han òg syndebukkar.

Trass i ryet for dei store tenkjarane sine har Frankrike knapt nokon lenger som kan gje truverdige råd for å få bygd ny sosial samforstand.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Den danske forfattaren Olga Ravn har skrive ein slags litterær true crime om hekseprosessane.

Foto: Sara Galbiati

BokMeldingar

Kvinner som brenn

Olga Ravn fortel om trolldomsprosessar på 1600-talet.

Hilde Vesaas

Bjørn Olaf Johannessen er manusforfattar for ei rekkje filmar og TV-seriar. Årets roman er den tredje sidan debuten i 2017.

Foto: Jacob Johannessen Maske

BokMeldingar

Inni er me like, men det er utanpå

Bjørn Olaf Johannessen skriv artig, men mest utanpå om det innvendige.

Odd W. Surén

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis