JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Når barndomen vert kjønnsforvirra

Det gjeld å skilje den konkrete utfordringa frå det ideologiske minefeltet.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5628
20220218
5628
20220218

«Vern våre barn mot kjønnsforvirrende undervisning», er tittelen på eit opprop på nettet. Oppropet er laga av fedrar som er engasjerte i den pågåande kjønnsdebatten, og det peikar hovudsakeleg på éin ting, nemleg at den undervisninga barn og unge skal få i skule og barnehage no, legg til grunn ei uvitskapeleg forståing av kjønn.

Dei siktar særleg til Fri – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfolds prosjekt Rosa kompetanse, som får millionstøtte av staten. Med Rosa kompetanse ynskjer Fri å vere hovudleverandør av kjønnsforståing i den offentlege oppsedinga av barn og unge i Noreg. Intensjonen er god; å auke forståinga for mangfald og inkludere alle.

Identitet

Det er få som er i tvil om at det kan vere eit gode å utvide normer for kjønnsroller. Spørsmålet er derimot kva grunnlag ein byggjer på. Kritikken av Fri og Rosa kompetanse handlar om at grunnlaget er ideologisk, ikkje vitskapleg. Hos Fri er utgangspunktet at det finst eit mangfald av kjønn, og at ein skal ha retten til å definere kjønnet sitt sjølv, utan å verte avgrensa av forventningar frå samfunnet. Med andre ord, kjønn er ein identitet som er frigjord frå kroppen.

På heilt basalt nivå er dette utgangspunktet i konflikt med det vi veit frå biologien. Biologisk finst det berre to kjønn. At menneska bør kunne uttrykke kjønnet sitt på mange ulike vis, er ei anna sak som få er usamde i.

Det er ikkje berre foreininga Fri som pressar ny kjønnsteori på barna våre. Presset er også politisk. I ein film frå Utdanningsdirektoratet om kjønn og likestilling i barnehagen, til dømes, er poenget å dekonstruere normene for kjønn som finst i samfunnet vårt. Også her er intensjonen god. Poenget er å opne opp for meir variasjon i kjønnsuttrykk, slik at barna kan tore «å være seg selv, uavhengig av kjønn».

Kjønnsnormer

Eg spør meg: Er det mogleg å vere seg sjølv uavhengig av kjønn? Er ikkje kjønnet ein del av kroppen din, ein del av deg? Her har også Utdanningsdirektoratet hive seg på bølgja med å frigjere identiteten frå kroppen. Og er ikkje kjønnsidentitet noko vi skal utvikle i samspel med kulturen? Vil ikkje det seie at vi også treng kjønnsnormer?

Kritikken og åtvaringane mot ny kjønnsideologi kjem med solid kompetanse frå fagfelt som medisin, psykologi og biologi, utan at det gjer nemneverdig inntrykk på politikarane. Det er kanskje føreseieleg, men det burde vere oppsiktsvekkjande.

«Helsedirektoratet står overfor et fagfelt som domineres av aktivisme og radikal kjønnsteori», hevda biologiprofessor Glenn Peter Sætre og forskar i medisin Henrik Vogt i Aftenposten 3. august 2020. Då handla det om korleis ein skulle behandle kjønnsinkongruens.

Det same kan ein seie om skulen og barnehagen. Også her står ein overfor aktivisme og radikal kjønnsteori. Barnelege Pål Surén, som òg er forskar ved avdelinga for barns helse og utvikling ved Folkehelseinstituttet, kalla materialet frå Rosa kompetanse for ein meiningslaus og giftig bodskap i eit intervju i Minerva (12. oktober 2021).

Spesialist i klinisk psykologi Marit Bruset, som har lang klinisk erfaring med barn, meiner at barn og unge er gjorde til målskive for ein transideologi som ynskjer å oppnå eigne politiske mål. I eit viktig bidrag i Agenda Magasin (8. februar 2022) synte ho korleis omgrepet «kjønnsidentitet» har fått uvitskapleg og total tyding som tilslører komplekse årsakssamanhengar. Hennar viktigaste bodskap er at transaktivismen kan gjere skade på barn, noko ho underbyggjer med utviklingspsykologi.

Barn, som er under utvikling av eigen identitet, vert utrygge av å verte presenterte for sjansen for at ein kan verte «fødde i feil kropp». I staden for å verte presenterte for denne type informasjon, seier Bruset, treng barn hjelp til å verte trygge i eigen kropp. «Å introdusere ein slik body–mind split er elles noko vi assosierar med traumeerfaringar», seier ho.

Dramatisk auke

No er det ingen grunn til å bagatellisere den kjønnsdysforien enkelte barn og unge kjenner på, og den lidinga som kan verte konsekvensen. Difor er dette viktige spørsmål: Kva er det med vår kultur som gjer at førekomsten av kjønnsdysfori aukar dramatisk? Kvifor er det stadig fleire jenter som ynskjer å vere gutar? Og korleis kan vi hjelpe dei som kjenner det på kroppen?

Dette er spørsmål som angår samfunnet, men det er ikkje gitt at det er svaret frå kjønnsidentitetsaktivistane som er det rette. Her gjeld det å skilje den konkrete utfordringa frå det ideologiske minefeltet.

Ideologien handlar om ein abstraksjon, ikkje om det konkrete livet til menneska og røyndommen deira. Det er abstraksjonen som seier at ein person kan bestemme om og når han skal vere mann eller kvinne, medan det er det konkrete livet til mennesket som er viktig i ei terapeutisk tilnærming.

Poenget er viktig, for kritikk av kjønnsidentitetsaktivisme vert fort tolka som kritikk av menneske med kjønnsdysfori. Men den slutninga er feil.

Når det gjeld den norske barnehagen og skulen, og barneprogramma på statskanalen, for den del, treng vi ein fri debatt som tar det konkrete livet på alvor, men som er lausriven frå ein abstrakt og lammande ideologi.

Lobbyen har styrt skuta lenge nok. Politikarane, og då meiner eg fleire enn Jenny Klinge, lyt finne fram motet, ta ansvar og vende øyret mot fagfolket.

Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Barn, som er under utvikling av eigen identitet, vert utrygge av å verte presenterte for sjansen for at ein kan verte «fødde i feil kropp».

Fleire artiklar

Eugenio Derbez spelar hovudrolla som den nye læraren Sergio på ein mexikansk skule.

Foto: AS Fidalgo

FilmMeldingar

Simpatico

Radical er ein søt, håpefull film og ei rørande hyllest til kunnskap og pedagogikk.

Brit Aksnes

Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.

Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Krigen mellom kjønna

Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.

Kina fyrer på alle sylindrane: Ingen bygger ut så mykje kolkraft som kinesarane gjer. Biletet viser eit kolkraftverk i Dingzhou  i Hebei-provinsen.

Foto: Ng Han Guan / AP / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Ein straum av problem

Straumforbruket i verda aukar framleis raskare enn fornybar kraftproduksjon. Kolkraftverk skal varme kloden i mange år enno.

Nana rise-Lynum er redaktør i Norsk Barneblad.

Foto: Per Anders Todal

Kultur
Hilde Vesaas

Å gi barn det dei ikkje veit at dei vil ha

Norsk Barneblad vart skipa i 1887 og har kome ut kvart år sidan. Sist helg fekk Nana Rise-Lynum Målprisen frå Noregs Mållag for innsatsen som redaktør.

Ludmila Shabelnyk syner bilete av sonen Ivan i landsbyen Kapitolivka ved Izium i Ukraina, 25. september 2022. Russiske okkupasjonsstyrkar mishandla Ivan grovt før dei drap han. Landsbyen vart seinare gjenerobra av ukrainske styrkar.

Foto: Evgeniy Maloletka / AP / NTB

KommentarSamfunn

Overgrep som skakar folkeretten

Okkupasjonsmakta Russland viser ingen respekt for konvensjonen som skal verne sivile i krig.

Cecilie Hellestveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis