JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Nansen og bolsjevikane

Kan ein hjelpe eit naudlidande folk når dei har eit styresett som bryt med alt ein sjølv står for?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ein karavane med naudhjelp kom fram til sveltande russarar 16. februar 1922.

Foto: Dr. Nansen / AP / NTB

3693
20220128
3693
20220128

Kommentar

harald.dag.jolle@npolar.no

Det er mange som ynskjer å skine i glansen av vår namngjetne polfarar, vitskapsmann, humanist og forsvarsven.

Namnet hans blir nytta når ein skal skryte av den norske fredstradisjonen, skipe eit forskingsprosjekt i det nordlege Barentshavet – eller namngje ein fregatt. Og tru meg, nemninga «arven etter Nansen» går ikkje av moten med det fyrste. I år er det 100 år sidan Fridtjof Nansen fekk Nobels fredspris.

Det er lett å bli både fascinert og imponert over alt denne vidgjetne nordmannen rakk i løpet av dei snaue 69 åra han fekk her på jorda. Men skal eg trekke fram éin ting som verkeleg imponerer meg, er det engasjementet hans for dei hungerlidande russarane i kjølvatnet av fyrste verdskrigen. Ikkje berre fordi han berga mange liv. Men fyrst og fremst fordi han ikkje lét seg stoppe av alle dei som meinte at det å hjelpe Russland vart det same som å anerkjenne dei revolusjonære maktovertakarane.

Humanitær kanal

Nansen hadde ein så framtredande posisjon hjå russarane at bolsjevikane, som ikkje anerkjente Folkeforbundet, kunne akseptere hjelp frå det som vart heitande Nansenmisjonen. Slik vart det oppretta ein humanitær kanal inn til styresmaktene – som gav høve til å hjelpe dei sveltande russarane.

Og Nansen sjølv sleppte alt han hadde i hendene, då han forstod det alvoret som utspann seg i aust. Han reiste frå land til land og heldt tallause føredrag for å samle inn pengar – samstundes som han ville overtyde europeiske statsleiarar: «Nå måtte Europas regjeringer trå til», var hans klare bodskap.

Dei måtte slutte å skulde på sovjetregimet og slutte å ri politiske kjepphestar i frykt for å anerkjenne dei kommunistiske styresmaktene i Russland. I Folkeforbundets store sal formulerte han hausten 1921 spørsmålet slik: «Er det et medlem av denne forsamling som er villig til a° si at heller enn a° hjelpe sovjetregjeringen, vil han tillate, at 20.000.000 mennesker lider hungersdøden?»

Reaksjonar

Nansen var som ein «Prest i Menneskelighed», skreiv den danske avisa Politiken, og evangeliet hans lydde: «Mæt de Hungrende! Kled de Nøgne! Hvad du gør mod en av disse mine mindste Smaa, har du ogsaa gjort mod mig.»

Den norske avisa Social-Demokraten heia også på Nansen, og trudde hans «bedske sandhetsord» ville svi for dei som meinte russarane kunne takke seg sjølve, og at svolten eigentleg var «tilpass for sovjetstyret», slik heile den «borgerlige hønsegaard kaklet med – i sin hjerteraahet».

Aftenposten, derimot, tok tydeleg avstand frå Nansen – og skipa sin eigen innsamlingsaksjon. Dei meinte nordmenn heller skulle gje pengar til sveltande fiskarar i Nord-Noreg. Den russiske hungersnauda ville bli permanent så lenge sovjetstyret vart sitjande, meinte avisa.

Det var dessutan ikkje Noregs oppgåve, med sine knappe midlar, å ta ansvar for Russland. Og kva kunne ein uansett «udrette derborte i det ukjendte land»? Så lenge Noreg hadde «nød og elendighed inden sine egne grenser», sømde det seg ikkje å sende maten inn på dei russiske steppene: «Lad os først lindre den nød, vi har i vort eget land.»

Nansen var på ingen måte kommunist – langt ifrå – og han støtta ikkje bolsjevikane. Men han stod rakrygga og talte sitt eige borgarskap og tsarvennlege russiske emigrantar midt imot. Når ein såg folk som heldt på å drukne, måtte ein plukke dei opp av vatnet. Ikkje diskutere politiske prinsipp.

Harald Dag Jølle er historikar ved Norsk Polarinstitutt i Tromsø og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Nansen sleppte alt han hadde i hendene, då han forstod alvoret som utspann seg i aust.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Olfa og døtrene i den Oscar-nominerte dokumentarfilmen som Kaouther Ben Hania har både manus og regi på.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar

Venleik og udyr

Den vakre og vonde dokumentaren til tunisiske Kaouther Ben Hania er stor filmkunst, skriv Håkon Tveit om Olfas døtre.

Håkon Tveit

Christian Treutmann-orgelet frå 1737 i stiftskyrkja St. Georg i Grauhof.

Foto via Wikimedia Commons

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Monumental pedal

Masaaki Suzukis frasering gjev rom for smertelege dissonansar.

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

St. Vincent er artistnamnet til Annie Clark.

Foto: Alex Da Corte

MusikkMeldingar

Ditt første andedrag er eit skrik

På plata All Born Screaming vender St. Vincent tilbake til, og reindyrkar, det som for mange har definert det kunstnarlege uttrykket hennar.

Øyvind Vågnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis