Meiningsløysa i byråkratiet
Styresmaktene gjer det ikkje lett å driva ei lita privat verksemd.
Bonden Lars Selheim ventar på at Dag og Tid-kua Symra skal inn på slakteriet. No må Lars, som har vore bonde sidan 1992, ta eit kurs i å leia kyr.
Foto: Svein Gjerdåker
Kommentar
svein@dagogtid.no
Hugsar du agurkdirektivet? EUs regulering nr. 1277 frå 1988 sa at berre agurkar som bøyer seg mindre enn 1 centimeter per 10 centimeter vart godkjende som fyrstesortering. Krumma agurken meir, hamna han i andresorteringa og kom i praksis ikkje ut i butikken. Regelen er no avvikla, men det finst enno nok av «agurkdirektiv» både i Noreg og i EU. Som at bønder med agronomutdanning må ha eigne kurs for å leia dyr fram til eige gardslakteri.
Gjennom Dag og Tid-stølen har vi fått god innsikt i drifta på garden Selheim, som har mjølkekyr, griser og eige slakteri. I vinter fekk bøndene på garden, Hilde og Lars Selheim, eit brev frå Mattilsynet: «Vedtak om pålegg. Voss Gardsslakteri SA må sørgje for at alle som handterer levande dyr før og ved fiksering, og som bedøver/avlivar, har eit kompetansebevis for desse oppgåvene godkjent av Mattilsynet.»
Teoretisk tilnærming
Vedtaket høyrest greitt ut. Skal ein driva profesjonelt med slakting, må ein ha kunnskap om og røynsle med handsaming av dyr. Så kvifor ikkje då krevja eit «kompetansebevis»?
Problemet er, som så ofte elles, at styresmaktene har ei teoretisk og byråkratisk tilnærming til saka og ikkje ei praktisk, pragmatisk tilnærming. Ved slakteriet på Selheim har slaktaren Jonny Bøe kompetanseprov i massevis, både formelt og reelt. Han har slakta i 40 år. Men Mattilsynet klagar ikkje på slaktaren Bøe, men på bonden og slakterieigaren, Lars Selheim. Oppgåva hans under slaktinga er å få dyra – kyrne, grisene og sauene – dei 50 metrane frå fjøset deira til slakteriet, eller, når dyra kjem frå gardar i området, dei 20 metrane frå oppstallingsplassen til slakteriet.
Lars har laga til ei stor kasse på traktoren som han tek dyra inn i, før han køyrer dei roleg frå fjøset og bort på slakterirampen. Der vert dyra førte rett inn i avlivingsbåsen av slaktaren Jonny, medan Lars står bak og hjelper til. Så lukkar Lars døra og hentar eit nytt dyr. Han har ingenting med avlivinga eller slaktinga å gjera.
Sjølvsagt arbeid
Arbeidet til Lars er eit enkelt og sjølvsagt arbeid for ein husdyrbonde. Likevel krev altså Mattilsynet at han tek eit kurs og skaffar seg eit «kompetansebevis». Det hjelper ikkje at Lars er utdanna agronom frå 1988, har vore bonde sidan 1994 og altså har leidd og flytta på kyr og griser i tide og utide i 28 år.
Det lokale mattilsynet er uskuldig i dette vedtaket, dei må fylgja reglane som er fastsette. Ansvaret ligg hjå dei statlege styresmaktene som lagar byråkratiske regelverk som ikkje kan tillempast den lokale røyndomen. At ein bonde må ta eit kurs i å leia dyr, er som om ein elektrikar må ta eit kurs i å skifta sikringar.
Pålegget er formelt vedteke av Nærings- og fiskeridepartementet og Landbruks- og matdepartementet i 2013, men utgangspunktet er sjølvsagt ein av dei mange tusen EØS-reglane som Stortinget har godkjent utan skikkeleg debatt, og som no regulerer det meste i dette landet.
Den konkrete heimelen er henta frå forordning (EF) nr. 1099/2009 artikkel 7 og forordning (EF) nr. 1099/2009 vedlegg IV.
Må oppmuntrast
Vi har 141.000 små verksemder med mellom éin og ni tilsette i Noreg. Desse skaper arbeidsplassar og liv og røre i lokalsamfunna. Felles for dei fleste er at dei har lite tid til å driva med administrasjon og papirarbeid. Difor bør reglane dei må ta omsyn til, vera enkle, pragmatiske og fornuftige. Dei må altså oppmuntrast snarare enn dyngjast ned med direktiv, skjema og stadige krav om nye kurs.
Kurset Lars er pålagd, er overkomeleg. Det kostar 3750 kroner og kan gjennomførast på nettet. Slik sett kunne han ha bite det i seg og teke testen. Men medan ein stats- eller kommunetilsett kan ta kurs i arbeidstida, må ein bonde eller lastebilsjåfør ta att tapt arbeidstid på kveldstid. Verst er det at krav om kompetanseprov går på sjølvrespekten og æra laus – som om ein ikkje kan sitt eige fag.
Kravet om kurset skal no klagast inn til hovudkontoret i Mattilsynet, med tilvising til at kompetanseprovet må kunne godkjennast på bakgrunn av realkompetansen til Lars Selheim. Svaret frå Mattilsynet vert referert i Dag og Tid når det ligg føre.
Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

At ein bonde må ta eit kurs i å leia dyr, er som om ein elektrikar må ta eit kurs i å skifta sikringar.
Fleire artiklar
Cecilie Grundt med Vigleik Storaas, David Andersson og Fredrik Villmow.
Foto: Sigbjørn Berven
Solide røter
Cecilie Grundt har sett saman eit lojalt lyttande band.
Eivind Trædal har sete i Oslo bystyre for MDG sidan 2015. I vår kom det fram at han stiller seg til disposisjon for stortingslista til MDG.
Foto: Cappelen Damm
Den tunge kampen mot bileufori
Eivind Trædal viser fram politikkens fallitt på transportfeltet i boka På ville veier.
Donald Trump talar til tilhengarane i Traverse i Michigan 25. oktober.
Foto: Jim Watson / AFP / NTB
Trump ord for ord
Kva seier Trump på folkemøta? For å få eit inntrykk av kva han vil formidla til møtelyden, trykkjer vi den første delen av talen han heldt i vippestaten Michigan førre helg.
Una og Diddi er to storforelska studentar som må halde forholdet skjult, fordi Diddi alt har ein kjærast.
Foto: Arthaus
Gjennombrotet
Elín Hall herjar i dette vakre, velskrivne dramaet av Rúnar Rúnarsson.
Stian Jenssen (t.v.) var alt på plass i Nato då Jens Stoltenberg tok til i jobben som generalsekretær i 2014. Dei neste ti åra skulle dei arbeide tett i lag. Her er dei fotograferte i Kongressen i Washington i januar i år.
Foto: Mandel Ngan / AFP / NTB
Nato-toppen som sa det han tenkte
Stian Jenssen fekk kritikk då han som stabssjef i Nato skisserte ei fredsløysing der Ukraina gjev opp territorium i byte mot Nato-medlemskap. – På eit tidspunkt må ein ta innover seg situasjonen på bakken, seier han.