Kommentar
Medisinsk og økonomisk uforsvarleg
Ved å flytta Ullevål sjukehus til det nye Rikshospitalet kvittar ein seg med delar av Rikshospitalets landsdekkjande funksjonar som sjukehusa rundt om i landet ikkje vil ha fagressursar til å tilby, meiner Eilif Holte.
Nye Aker og Nye Rikshospitalet i fugleperspektiv.
Illustrasjon: Prosjekteringsgruppa for Nye Rikshospitalet.
Vedtaket som Helse Sør-Aust har gjort om å leggje ned Ullevål universitetssjukehus og selje den 300 mål store tomta til eigedomsinvestorar, medan ein skal klare seg med ei altfor trong tomt på Gaustad, skjer trass i sterk motstand frå alle fagforeiningar og tilsettrepresentantar i styret. Dessutan er det uttrykt stor uro over betydeleg risiko frå så vel eigaroppnemnde styremedlemmer som frå toppsjefen i Helse Sør-Aust.
Dette vedtaket kjem til å utløyse ein investeringstrong på langt over 50.000 millionar kroner i fase 1 i prosjektet, noko som kjem til å ete opp eigenkapitalen til helseregionen og setje ein stoppar for mange andre sjukehusprosjekt.
Dette skjønar sjølvsagt òg styreleiar Svein Gjedrem, tidlegare finansråd og sjef for Noregs Bank. Likevel har han invitert styret til eit vedtak som er verken medisinskfagleg eller økonomisk forsvarleg og som dessutan føreset at staten tvingar gjennom ein reguleringsplan som ikkje er akseptabel for den byplanfaglete etaten i Oslo kommune. Riksrevisjonen ville vurdere kor haldbar utgreiinga var, men saka vart stoppa av den nytilsette riksrevisoren Karl Eirik Schjøtt-Pedersen, noko som må seiast å vere i strid med god forvaltingsskikk.
Kva kan vere grunngjevinga for å vedta noko som er verken medisinskfagleg, byplanfagleg eller økonomisk forsvarleg? Ein skulle tru at regjeringa ville setje ned foten, slik ho har gjort med mange andre vidløftige prosjekt. Særleg skulle skandalen med Follobanen mane til ettertanke.
Når ein investerer langt over 50.000 millionar kroner, må ein kunne krevje at det skal gje tilsvarande nytteverdi. Med det er ikkje mogleg. Rett nok har Helse Sør-Aust laga nokre fine reknestykke, men dei byggjer på den føresetnaden at dei store låna som er nødvendige for å finansiere prosjektet, skal betalast tilbake med renter. Det kan berre skje om ein gjennom prosjektet oppnår ei effektivisering som frigjer midlar til renter og avdrag.
Den stipulerte effektiviseringsvinsten er høgst fiktiv då han ikkje er gjord sannsynleg gjennom eksisterande driftsbudsjett. Dessutan har dei kalkulerte prosjektkostnadene auka betydeleg år for år. Kvar einaste fornuftige risikoanalyse vil vise at den stipulerte nytteverdien av planane som ligg føre, høyrer til i ei fantasiverd, noko som dei tillitsvalde representantane på sjukehuset har peika på. Det er openbert at det ikkje er råd, uansett pengebruk, å effektivisere drifta samtidig som ein skal rive og byggje nytt vegg i vegg med høgst krevjande pasientbehandling. Stakkars pasientar som skal bli utsette for noko slikt!
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.