JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Må verte folke­lesnad

Det gjer vondt å lese om korleis folkegrupper har vorte sette på som mindre verdfulle. Difor er det så viktig at «Sannhet og forsoning» vert tilgjengeleg på offentlege bibliotek og kontor.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kapittelet «Kirkeliv, religiøsitet og åndelighet» i Sannings- og forsoningskommisjonens rapport er illustrert av Susanne Hættas kunstverk «Neon Jesus» (2014).

Foto: Susanne Hætta

7142
20230616
7142
20230616

Kommentar

redaksjonen@dagogtid.no

Når eg no skal skrive om rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen, gjer eg det klårt at eg ikkje klarer å lese 700 sider, ikkje eingong på to veker. For det gjer framleis vondt å lese om korleis kvenar, skogfinnar og samar i lange periodar har vore sette på som mindre lojale, mindre intelligente og mindre verdfulle og difor har vorte undertrykte og fornedra både på individ- og gruppenivå. For somme har det ikkje tatt slutt.

Eg har sjølvsagt lese samandraget, og eg har lese det på norsk, fordi samisk aldri vart mitt morsmål. Konsentrasjonen min for lange lesestrekk er dårleg, fordi eg alltid er på vakt, hjernen søv aldri. Det skreiv eg om til kommisjonen; noko er øydelagt i meg, etter at eg opplevde mobbing og rasisme i barndomen. Eg slapp ikkje unna i ungdomen eller som vaksen heller, sjølv om det hender sjeldnare no.

Eg har forsona meg med barndommen, og eg lever greitt med avgrensingane mine. Eg liker ikkje at folk synest synd på meg. Slik er det for meg, slik er det for dei fleste. Vi går vidare, men stadig er det nokon som pirkar på dei indre sårskorpene. Denne gongen er eg berre takksam, når det inneber ein ny sjanse til å kaste lys på delar av samisk historie som andre skribentar sjeldan rører ved.

I eit prosjekt eg har drive med dei tre siste åra om Finnmark, der finnmarkingar pratar fritt om identitet, stader, oppvekst og draumar, kjem dei alltid inn på hendingar og situasjonar som har vore relevante, kanskje tilmed livsendrande og skjebnesvangre.

Éin stod fram som transperson i sjette klasse og vart mobba for det. Éi var på vippen til å velje fiskaryrket, men ombestemte seg fordi det vart venta at ho skulle mislukkast. Éi tok det skoltesamiske språket attende som vaksen og oppdaga at kulturen hadde vore i og rundt ho heile livet. Éi kunne både samisk og morsmålet kvensk i oppveksten, sjølv om dei vart nekta å snakke det på internatskulen.

Kvifor fortelje det til ei framand forfattar som kjem rekande? Fordi finnmarkingar ønskjer å vere opne, og i små samfunn veit alle kven far og mor di er, så du må aldri tru at du kan gøyme deg. Tryggleik og konformitet går hand i hand, for slik får dei hjula til å gå rundt i samfunn med eit par hundre sjeler eller færre.

På rundreisene i mitt Finnmark har eg fått servert tallause kaffikoppar. Finnmark, dette tilsynelatande herrelause landet som danskekongen i si tid urettkomme tok som sin eigedom, men som framleis er fullt av nordsamar, både på kyst og i innland, skoltesamar, kvenar, norskfinnar, finnar, russarar og dei mange som har kome her frå andre land, av krig, naud eller arbeidsløyse.

Ja, eg har reint ut storkosa meg og kjent varmen breie seg rundt hjartet frå både kaffien, gjestfridommen og dei vennlege smila. Det positive ved å fortelje gong på gong om det ein har opplevd, har eg klokkartru på. Slik har eg høyrt mange forteljingar om sjølvberging, naturkjærleik, entreprenørskap og framtidstru, men òg om fornorsking, intoleranse, krig og flukt.

Forteljingane er daglegdagse for avsendaren, for dei har kjent seg trygge på at eg, same og finnmarking, skjøner kva dei snakkar om – veit nett kor det stikk i bringa. For det vert lettare når smerta di vert anerkjend. Det vert lettare når den andre seier hen kjenner smerta di. Det vert lettare med åra.

Eg har gråte mykje av internathistorier, om småungar som vart tvinga vekk frå foreldra, syskena, heile sitt vesle liv. At borna sin kommunikasjon med menneska som skulle utvise omsorg i foreldra sin stad, i mange tilfelle ikkje vart høyrd. I staden vart dei bedne om å teie stilt med det språket dei eigde.

Vi må hugse at dette ikkje berre var gjeldande for samiske born, og difor er det gledeleg at urett og fornorsking mot kvenar og skogfinnar òg vert løfta fram. Som innbyggjar i Vadsø, kvenby nr. 1 i landet, kjenner eg mange kvenar og veit ein del om kvensk kultur, men eg er nyfiken på å lære meir. Skogfinnar veit eg særs lite om, og rapporten skal verte eit oppspark til eiga læring framover. Det bør det være for fleire.

I språk ligg kultur, og i kulturar ligg meining. Kultur er i hovudet og kroppen vår, i tankemåtar og handlingar, skapt av meining, samstundes som handlingar og tankar er meiningsskapande. I kommentarfelt og gamaldagse lesarinnlegg, tilmed i mainstream media, trekker somme fram blod og genetikk som bestemmande for kva kultur eit individ tilhøyrer.

For ei ukunne! Om kultur er eintydande med genetikk, då kastar du òg alle utanlandsadopterte ut i eit identitetsmessig ingenmannsland. Tilmed dei som utøvde fornorskande politikk, praktiserte at kultur kunne lærast og avlærast, så om berre borna/sokneborna/undersåttane la vekk dei framande språka samisk og kvensk, ville dei etter kvart verte norske.

Det er sørgjeleg at det for mange tusen samar, kvenar og skogfinnar var effektivt, men no finn mange attende til språket og røtene sine. Godt er det.

Rapporten til Sannings- og forsoningskommisjonen må ikkje hamne i skuffa, men verte folkelesnad og sendast ut til alle rådhus, kommunehus, folkebibliotek og bibliotek på utdanningsstader og i andre offentlege bygningar. Fleire eksemplar, til opplysning for dei som arbeider på staden, fordi heile det politiske apparatet og forvaltingsapparatet har vore i sving med prosessar som har vore fornorskande – lokalt, regionalt og på nasjonalt nivå.

Sit du på biblioteket eller på eit kommunalt venterom, skal du kunne bla i rapporten og lese her og der. Vert du meir nyfiken, tingar du rapporten på nettsidene til Stortinget.

Det glimrande initiativet til Kvääniteatteri/Kventeateret skapte «Norge lytter» på NRK TV, den direktesende opplesinga av rapporten, sjølv om fleire delar om fiskeri, som er særs viktige for sjøsamane, uforståeleg nok vart utelatne. Eg vil sende eit audmjukt ønske til NRK: Lag ein radiopodkast av opplesinga, spel inn dei utelatne delane og lim dei inn. Då vert rapporten min sommarlesnad i år.

Vi er forresten inne i pridemånaden, og det eine har noko med det andre å gjere. Bodskapen er ikkje berre at du kan elske den du vil, men at du òg kan vere den du er. At somme framleis forfektar Tante Sofie-logikken – «om alle berre var som meg, så ville alt verte bra» – med misbruk av omgrep som «likeverd» og «likehandsaming», når folkesetnaden i Noreg består av mange ulike grupper med ulike behov, tilhøyrer eit anna hundreår. Eg snakkar om 1800-talet.

Skal vi forsonast, må det definerast kven «vi» er. Det er fleire partar, og både historiske fakta og smerta til individa må anerkjennast av parten som ikkje eig dei vonde såra.

Brukt og misbrukt som han har vore i snart to tusen år, har Bibelen likevel nokre gode one-linarar som eg skal låne, lett omskrivne. (Vi forfattarar likar slikt.) Sanneleg, seier eg dykk: Du er den du er. Eg er den eg er. Så lat oss begge gå i fred.

Susanne Hætta er forfattar, kunstnar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Det vert lettare når smerta di vert anerkjend.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ein soldat ber eit portrett av den drepne våpenbroren og aktivisten Pavel Petrisjenko i gravferdsseremonien hans i Kyiv 19. april. Petrisjenko døydde i kamp mot russiske okkupantar aust i Ukraina. Han er tidlegare omtalt i denne spalta fordi han arbeidde for å stogge pengespel som finansiering av det ukrainske forsvaret.

Foto: Valentyn Ogirenko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Hagen til Kvilinskyj finst ikkje lenger

Alle historier, det gjeld òg dei som ser ut til å ha nådd slutten, har eit framhald.

Andrej Kurkov

Leonie Benesch spelar hovudrolla som læraren Carla Nowak.

Foto: Selmer Media

FilmMeldingar

Ja takk, Çatak

Eit sanningsord: Lærerværelset er høgst sjåverdig.

Brit Aksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis