JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Lektoren som martyr

Må vi innføre eit nytt fag på lærarskulen med tittelen «korleis kome frå fagplanen med livet i behald»?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Er lektorane dei nye martyrane våre i kampen for ytringsfridom? Mitt svar er nei, skriv Cecilie Hellestveit.

Foto: Michel Euler / AP / NTB

10711
20201204
10711
20201204

Lytt til artikkelen:

Då den franske lektoren Samuel Paty fekk halsen skoren over utanfor Paris i oktober, vart mange her heime redde. Ein lærar som underviste i ytringsfridom, vart brutalt drepen av ein ungdom ti dagar etter å ha vist karikaturar av profeten Muhammed i undervisninga. Kan dette vere den nye kvardagen til lektorar i Europa? Følg instruksane frå undervisningsdepartementet med livet som innsats! Er lektorane dei nye martyrane våre i kampen for ytringsfridom?

Mitt svar er nei. Det som hende med Paty, hadde årsaker som gjer at terroråtaket bør tolkast som noko anna enn eit åtak på lektoren Paty.

Ytringsfridomstime

Samuel Paty underviste franske elevar i 13–14-årsalderen. Dagen før den årlege timen om ytringsfridom, då Paty plar vise nokre karikaturteikningar av profeten Muhammed, gjorde han merksam på at elevane som ikkje ynskte å sjå bileta, kunne forlate klasserommet.

Ei muslimsk jente i klassen sa at ho ikkje ville forlate klasserommet, men at ho ville verte djupt krenkt om læraren viste teikningane. Krangelen som fylgde, gjorde at jenta var utvist frå skulen i to dagar. Familien til jenta gjekk til skuleleiinga og klaga på Paty. Dei laga òg ein video i lag med ein imam som vart kringkasta på internett. Så tok nettkampanjen mot den arme lektoren av.

Kvifor vart dette ei så stor sak? Den 2. oktober, eit par dagar før ytringsfridomstimen til Paty, heldt Emmanuel Macron ein lenge etterlengta tale. Den franske presidenten erklærte at La République står over Allah. Macron gjorde klart at regjeringa hans vil styrkje ei lov frå 1905 som formelt skil stat og religion i Frankrike. Med andre ord styrkje den delen av den franske staten som har ei sekulær line islamske ideologar eller teologar flest ikkje stør – anten dei er modernistar, konservative, fundamentalistar eller radikale salafistar og jihadistar.

Sekulær line

Talen handla om «islamsk separatisme», altså den ideologiske grunngjevinga muslimar har for å motsetje seg assimilering i Frankrike. Lovforslaget «for å styrkje republikanske prinsipp» legg opp til strengare forbod mot å vise religiøs tilhøyrsle, noko som særleg vil råke konservative og radikale muslimske miljø. Macron skal òg styrkje kontrollen med utanlandsk påverknad i muslimske miljø gjennom betre innsyn i moskéfinansiering. Forslaget skal leggjast fram den 9. desember.

Det slo ned som ei bombe. Talen var ein provokasjon i mange miljø. Frankrike har dei siste åra teke tak i forholdet mellom islam og den franske republikken. Truleg var provokasjonen kalkulert og la opp til diskusjon om tilhøvet mellom stat og gudstru i dagens Frankrike, fram mot lovforslaget i desember. Temperaturen steig fort, og muslimske miljø mobiliserte både i Frankrike og elles i verda. Yasser Louati, ein fransk muslimsk aktivist, tvitra: «Undertrykkinga av muslimar har så langt vore eit trugsmål. No er det ein lovnad.» Ein palestinsk flyktning i Noreg, Iyad el-Baghdadi, forfattar av eit manifest for demokrati i den arabiske verda, kvitterte med: «Fuck you @Emmanuel Macron.» Presidenten hadde stukke handa inn i vepsebolet.

Symbolsk verdi

Samstundes som Macron kasta ein brannfakkel inn i muslimske miljø, tala Paty om ytringsfridom på skulen sin. Då den krenkte familien kontakta eit konservativt muslimsk miljø, vart den symbolske verdien klar. Det er den franske staten (altså republikken) som instruerer lektorar i den offentlege skulen, og saka illustrerte korleis den store, stygge og gudsfornektande republikken ter seg mot uskuldige muslimar.

Ei muslimsk ungjente med sterk gudstru stod likevel opp mot overmakta – ikkje ulikt ei anna vidgjeten gudfryktig jomfru i fransk historie, no bytt ut med «Fatima av Conflans-Sainte-Honorine». Det gjekk politikk i saka. Jenta vart den forsvarslause muslimske truande i møte med ein sekulær stat med totalitære trekk, medan lektoren Paty vart representant for den franske republikken, overgriparen. Her ligg forklaringa på kvifor internettkampanjen mot Paty tok av i enkelte muslimske miljø i Frankrike. Det var ei symboltung sak i grevens tid.

Krigserklæring mot IS

Men det var ikkje desse kreftene som drap Paty 14 dagar etter talen til Macron. Ei veke ut i internettkampanjen vart Paty leita opp og drepen av den unge nyradikaliserte fransk-tsjetsjenaren Abdullakh Anzorov, ein av dei rundt 35.000 tsjetsjenarane som bur i Frankrike. Dei er få, men mange tilhøyrer framandkrigarmiljø. Om lag 10 prosent av franske krigarar i Den islamske staten (IS) er fransk-tsjetsjenarar. I IS og Al Qaida-miljø fylgjer dei fransktalande tett med på politisk utvikling i Frankrike.

For Frankrike står langt framme i den militære kampen mot IS og Al Qaida i Midtausten og Afrika. I 2015, etter franske luftåtak på franske framandkrigarar i ein IS-treningsleir i Syria, gjekk IS til åtak på Frankrike i november. Det starta med eit sjølvmordsåtak ved Stade de France, der presidenten var, og enda med massakren på konsertstaden Bataclan. Frankrike svara med å erklære krig mot IS, både heime og ute i verda. Frankrike gjorde unntak frå den europeiske menneskerettskonvensjonen for tiltak i denne krigen. På heimebane innførte Frankrike unntakstilstand fram til 2017, då ei terrorlov gjorde dei vidtrekkande tiltaka i kampen mot moglege terroristar i Frankrike permanente. Inngrepa råka fransk-tsjetsjenske miljø hardt.

På bortebane heldt Frankrike fram med operasjonar mot IS i Syria og Irak. Etter kvart som IS har spreidd seg til Afrika, der dei har hatt finfin medvind dei siste to åra, er det franske soldatar som står i front mot IS. Den 28. september i år starta Frankrike den største militæroperasjon mot IS i Afrika så langt. Operasjon Bourrasque i Mali og Niger har vore retta mot IS’ nye hovudfront, IS i Stor-Sahara, og IS skal ha tatt store tap i oktober.

IS tok på seg ansvaret for åtaket mot ei kyrkje i Nice to veker etter Paty-drapet, utført av ein tunisiar som vart send til Europa i september. Når det er tilspissa frontar mellom «muslimar» og «franskmenn flest», vil IS nytte høvet til å presse polane i Frankrike endå meir frå kvarandre. IS søkjer å «reinska ut dei gråe områda» og framprovosere tiltak som tvingar franske muslimar til å velje side mot franske styresmakter på heimebane.

Knutar på tråden

Men det var ikkje IS i Afrika som inspirerte Paty-drapet. Fransk-tsjetsjenaren Anzorov skal derimot ha søkt mot miljø i Syria. Paty-mordaren skal tidleg i oktober ha hylla Hayat Tahrir al-Sham (HTS), den radikale gruppa som held til i Idlib-provinsen og er arvtakar etter Nusra-fronten i Syria, krefter med uklare band til tyrkiske styresmakter.

Anzorov skal ha vore i kontakt med russisktalande framandkrigarar i Idlib i Syria både før og etter drapet på Paty. Men kvifor skulle framandkrigarar i Idlib bry seg med franske lover og undervisning? I tillegg til ønske om å «støtte profeten», ta krigen heim og mobilisere radikale miljø i Frankrike, er det lett å sjå for seg ein annan motivasjon. Idlib-provinsen er siste skanse for framandkrigarar i Syria. Fell den, er dei fortapte. Men Idlib fell neppe så lenge Tyrkia og Frankrike er i tottane på kvarandre.

Og her har det vore mykje rusk i maskineriet i det siste. I 2020 har franske krigsskip stått mot tyrkiske krigsskip både i libysk og i gresk farvatn, som del av kampen om kontroll med gassen til Europa frå sør. I Syria står franske styrkar saman med kurdarar mot Tyrkia.

Drapet på Paty vart endå ein knute på tråden mellom Frankrike og Tyrkia. Begge republikkane er bygde på ein sekulær modell. Men medan Macron no styrkjer sekularismen i møte med islam, tek Erdogan Tyrkia mot eit muslimsk styresett. Macrons reaksjonar på Paty-drapet skjerpa som venteleg tonen ytterlegare mellom Macron og Erdogan. Til stor glede for framandkrigarar i Idlib, sjølv om det truleg gjekk høgt over hovudet på den unge Anzorov.

Den sosiale veven

Men kva skal vi her heime tenkje om denne franske floken? Noreg er ikkje Frankrike. Den sosiale veven vår er annleis. Her er tanken at alle skal med. Enno. Det må vi vise, verdsetje og verne. Når medlemmer av salafistorganisasjonen Hizb ul-Tahrir, terrorlista i fleire europeiske land, i Bærum kommune melder seg frivillig til å gjere manngard for å verne om barnetoget på 17. mai, då viser vi at Noreg ikkje er Frankrike.

Når muslimar slår ring om den jødiske synagogen i Oslo eller Nidarosdomen, er ikkje dette berre naive og verknadslause tiltak. Slike ting har effekt. Det seier noko om den sosiale veven til våre eigne. Samtidig ber det bod om den sosiale veven vår til verda.

Det er lett å tenkje at slikt berre er symbolsk smårusk, det reinaste kumbaya – ein fredsdans med null verknad mot kniv og sverd, sjølvmordsbombarar eller automatvåpen. Mon det. Om ein tenkjer slik, trur eg at ein overvurderer kva harde verkemiddel kan oppnå i dette landskapet. Ein undervurderer dei som opererer i kulissene, dei kalkulerande og manipulerande kreftene frå stader langt unna. Ein undervurderer kor vanskeleg og kor viktig det er å få den nye sosiale veven vår til å vere heil. Og ein overvurderer kva enkeltmenneske kan utrette når den sosiale veven ikkje lenger held. Her ligg det store farar som vi skal vakte oss vel for.

Skjoldmakar

Noreg er kåra til det mest demokratiske landet i verda av Economist Intelligence Unit fleire år på rad, etter kvart som andre land rykkjer nedover på stigen. Steile frontar og krenkte grupper i fleng er ein del av prisen. Det er plagsamt for mang ein konfliktsky nordmann. Men utan retten til å seie, skrive, teikne og mime saker som skakar og krenkjer medborgarar, vert demokratiet vårt fort historie. Då vil den sosiale veven vår rakne raskt.

Vi bør satse på rosetog, manngard og slå ring for å vise både oss sjølve og omverda kva for sosial vev vi har og vaktar her hos oss. Samstundes skal vi ha ein klokkeklar rett til å karikere og krenkje «profeten Muhammed, Gud og kvarmannsen». For slik er stoda her oppe i det demokratiske nord. Litt god gammaldags folkeskikk skal vi ikkje forakte, for dei fleste av oss treng ikkje terge i utrengsmål. Men nokon skal, kan og bør gjera det iblant, og dei må vi verne vel om. Men det er den sosiale veven som skal vere det viktigaste skjoldet vårt. Der har vi lektoren sin lest. Hos oss er det ikkje martyr, men vevar og skjoldmakar lektoren er og skal vere.

Cecilie Hellestveit

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Drapet på Paty vart endå ein knute på tråden mellom Frank-
rike og Tyrkia.

Når muslimar slår ring om den jødiske synagogen i Oslo eller Nidarosdomen, er ikkje dette berre naive og verknadslause tiltak. Slike ting har effekt.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Myndigheten för psykologisk försvar set drapet på to svenske fotballsupporterar i Brussel i oktober i fjor i samanband med påverknadskampanjar mot Sverige.

Foto: Martin Meissner / AP / NTB

Samfunn

Framande makter mot folkhemmet

Sverige merkar presset frå Russland, Kina og Midtausten og har sett ein statleg etat til å spore opp påverknadskampanjar. Bør Noreg gjere det same?

Christiane Jordheim Larsen

Jeffrey Wright spelar rolla som forfattaren Thelonious «Monk» Ellison.

Foto: Prime Video

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Moro for middelklassen

Den er ikkje tung på labben, American Fiction, som gjer det veldig lett å le.

KommentarSamfunn
EinarHaakaas

Gjengkrim – ein varsla katastrofe

Det går knapt ein dag utan grove valdshendingar i Oslo. Bak står gjengar og mektige kriminelle nettverk som har vakse fram dei siste ti åra.

Palestinarar på veg ut av Rafah måndag, etter at Israel varsla nye åtak i byen lengst sørvest i Gaza.

Foto: Ramadan Abed / Reuters / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Den raude streken i Rafah

Kanskje skal sluttspelet i Gaza-krigen stå i Rafah. Det blir neppe kort.

Sofi Oksanen er av dei  forfattarane som har fått flest prisar i Norden. Bøkene hennar er omsette til 46 språk. Biletet er frå bokmessa i Wien i 2022.

Foto: Nicola Montfort / Wikimedia Commons

LitteraturKultur

Vald mot kvinner som våpen

Sofi Oksanen ønskte å skrive ei bok som er tilgjengeleg for vanlege lesarar, som kan lesast utan kart og utan at ein treng følgje krigsnyhenda dag for dag. At essayet Putins krig mot kvinner skulle bli så skremmande, såg ho ikkje heilt for seg.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis