Kvifor støttar delar av folket framleis regjeringa samtidig som dei er proeuropeiske?
Stemmelokale i svartehavsbyen Batumi i Georgia.
Foto: Davit Batsiashvili
Kommentar
Georgia er eit område som ikkje er så kjent for nordmenn, men alt i 1903 skreiv Knut Hamsun boka I Æventyrland, som handla om reisa hans til nettopp Georgia.
Det er mykje i dette eventyrlandet som står på spel no. Mange eg kjenner, inkludert meg sjølv, hadde store forventningar til valet.
På den eine sida stod regjeringspartiet Georgisk draum, som har sete med makta i tolv år, og som dei siste åra har blitt meir og meir autoritært.
I løpet av 2024 vedtok partiet to lover som kveler demokratiet i Georgia. Den mest omstridde var lova om «utanlandske agentar», som førte til store demonstrasjonar og samanstøytar med politi og spesialstyrkar i vår. Fleire vart arresterte og skadde under desse demonstrasjonane. Den andre lova, som vart vedteken rett før valet, er lova mot «LHBT-propaganda», ei lov som gjer livet til skeive i Georgia endå vanskelegare. Begge desse lovene vart også vedtekne i Russland for nokre år sidan, i same rekkjefølgje. Det er altså ikkje tvil om kven som tener som førebilete for den georgiske regjeringa.
På den andre sida stod fire opposisjonsparti samla bak presidenten Salome Zurabisjvili. Desse partia har varsla at dei vil annullere dei vedtekne lovene og starte demokratiske reformer, slik at Georgia kan innleie samtalar om å bli medlem i EU.
Sjølv ikkje Georgisk draum er offisielt imot EU, og dei seier at dei jobbar for at Georgia snart skal bli medlem av organisasjonen. Dette har samanheng med at 80 prosent av folket støttar georgisk EU-medlemskap.
Men i praksis gjer Georgisk draum (av fleire omdøypt til Georgisk mareritt) alt for å reversere integreringsprosessen, og landet kjem stadig nærare Russland. Brussel og mange andre i Vesten har vore krystallklare i sine utsegner om at desse udemokratiske lovene og politikken regjeringa fører, ikkje bidreg til at Georgia kjem nærare EU. Så ein må spørje: Kvifor støttar delar av folket framleis regjeringa samtidig som dei er proeuropeiske?
Jo, fordi mange av dei er meir redde for krig med Russland enn dei er uroa for den manglande europeiske integreringsprosessen. Georgia har allereie vore i full krig med Russland i 2008, då Russland tok to fylke (Abkhasia og Sør-Ossetia). Dette gjer at frykta for krig er reell.
Georgisk draum har spelt på desse trauma i folket, og ved hjelp av propagandamaskina si fortel partiet georgiarar kvar einaste dag at dersom dei ikkje fører ein meir russlandsvenleg politikk, vil Russland ta landet på få dagar, og ingen kan stoppe dei. Ikkje Vesten, som ikkje kunne hindre at Russland gjekk inn i Georgia i 2008, annekteringa av Krym eller fullskalainvasjonen av Ukraina i 2022, og heller ikkje opposisjonen, som ifølgje propagandaen frå regjeringa blir styrt av «det globale krigspartiet», og som ønskjer at Georgia skal opne ein andre front mot Russland.
Mange kjøpte denne framstillinga og stemte på Georgisk draum laurdag, men dei offisielle resultata var likevel eit stort sjokk for mange. Meiningsmålingar i forkant og valdagsmålingane, utførte av uavhengige organisasjonar, peikte i ei anna retning, med fleirtal til opposisjonspartia. Dei offisielle valresultata enda med 54 prosent til regjeringspartiet. Så kva skjedde eigentleg på valdagen, spør mange seg.
Søndag uttalte presidenten at valet er stole frå folket, og at ho ikkje godtek valresultata, og ho oppfordra folk til å demonstrere. Dagen etter møtte fleire tusen opp i Rustaveli-gata framfor parlamentet og kravde nyval – slik starta ei politisk krise berre to dagar etter valet, og den kan etter mi meining kome til å vare lenge.
Davit Batsiashvili er leiar for Georgisk forening i Norge / Kreba.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Små-ulovleg: Godtet er smått, men er denne reklamen retta mot små eller store menneske? Det kan få alt å seie dersom ei ny forskrift vert vedteken.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
«Om høyringsinnspela frå Helsedirektoratet vert inkluderte, risikerer ein å kriminalisere heilt vanleg mat.»
To unge mormonmisjonærar, søster Paxton (Sophie Thatcher) og søster Barnes (Chloe East), blir tvinga til å setje trua si på prøve i møtet med herr Reed (Hugh Grant).
Foto: Ymer Media
«Mange av skrekkfilmane no til dags liknar meir på filmar frå syttitalet»
I tillegg til å vere forfattar er Kristina Leganger Iversen også litteraturvitar, samfunnsdebattant og omsetjar.
Foto: Sara Olivia Sanderud
Nedslåande sanning
Kristina Leganger Iversen leverer eit grundig studium av noko som burde vere opplagt for fleire.
Teikning: May Linn Clement
«Me har ikkje grunnlag for å seia at bokmålsbrukarar har kvassare penn enn andre, men nokre av dei evnar å kløyva kvass i to.»
Gjennom Hitlers progagandaminister Joseph Goebbels får vi eit innblikk i sanninga bak Nazi-Tysklands propagandamaskin.
Foto: Another World Entertainment
Propaganda på agendaen
Fører og forfører er ein drivande historietime om tidenes skumlaste skrønemakar.