«Kvifor har dei engasjert seg for palestinske rettar?»
Jødiske stjerneadvokatar talar for palestinarane i den internasjonale domstolen i Haag.
Høyring ved Den internasjonale domstolen i Haag (ICJ) 19. februar 2024 om rettslege konsekvensar av israelsk okkupasjon av palestinske område.
Piroschka van de Wouw / Reuters / NTB
Den eldre mannen talar med ei kraft som ikkje står i forhold til den spinkle skikkelsen. Stemma rungar godt og fyller lokalet i den internasjonale domstolen i Haag, der 15 dommarar i svart kappe med blondepynt skal avgjere om den israelske okkupasjonen av palestinske område er ulovleg. Og i så fall, kva skjer då?
Mannen er ein av «stjerneadvokatane» på det palestinske laget. Han er amerikanar, frå ein jødisk familie, og han er i snevrare juridiske krinsar kjend som trufast forkjempar for den svakaste parten i konfliktar mellom statar.
Namnet er Paul S. Reichler. På same benk sit ein annan internasjonalt kjend jurist og forfattar på det palestinske laget. Han er britisk-fransk, også han av jødisk familie, Philippe Sands. Begge er knytte til eit advokatfirma med fin adresse i London, og han kunne sikkert ha valt mellom saker på øvste hylle. Kvifor har dei engasjert seg for palestinske rettar?
Minelegging frå CIA
Reichler tilhøyrer ein generasjon amerikanarar som protesterte mot Vietnamkrigen og sosial urettvise i 1970-åra. Han var nettopp uteksaminert frå jusstudium på Harvard-universitetet og hadde fått ei lovande stilling i eit advokatfirma i Washington då krigane i Mellom-Amerika opptok den same generasjonen – og mange utover den – etter at Vietnamkrigen tok slutt.
Tidleg i 1980-åra lanserte Reagan-regjeringa ein omfattande kampanje for å styrte det revolusjonære sandinistregimet i Nicaragua. CIA-agentar organiserte opptrening av kontrarevolusjonære soldatar (contras) i nabostaten Honduras og la ut miner i tre hamner i Nicaragua. Føremålet var å undergrave økonomien i landet og kutte importen av olje og våpen frå Sovjetunionen.
Operasjonen vart raskt kjend. Fleire nicaraguanske fiskebåtar vart sprengde i lufta og skapte eit politisk rabalder av dimensjonar. Nicaragua stemnde USA inn for Den internasjonale domstolen i Haag. Den unge juristen Reichler tok eit raskt val. Han tilbaud seg å vere med og føre saka for Nicaragua saman med eldre, erfarne juristkollegaer. Det vart farvel til ein lovande karriere i Washington og byrjinga på det som vart ein livslang kamp for rettferd.
«Det vart farvel til ein lovande karriere i Washington og byrjinga på det som vart ein livslang kamp for rettferd.»
Nicaragua (og Reichler) vann saka. I 1986 kunngjorde domstolen at handlingane til USA var brot på folkeretten og den internasjonale rettsordenen. USA vart dømd til å betale erstatning. Sjølv om USA aldri betalte, var det ein enorm politisk siger. David mot Goliat, skreiv New York Times seinare om saka og rolla til Reichler.
I mange år var Reichler juridisk rådgjevar for Daniel Ortega, revolusjonsleiaren som seinare ville vere president på livstid i Nicaragua. Då Ortega vart autokrat, tok samarbeidet slutt. Reichler skreiv eit bittert avskjedsbrev som byrja slik: «Kjære Commandante...» Ortega hadde brote lovnadene om demokrati og sosial rettvise etter revolusjonen, skuffa det nicaraguanske folket og Reichler sjølv.
Etter engasjementet for Nicaragua førte Reichler andre saker for domstolen i Haag og tok alltid parti for den svakaste. Han vann saker om havrettar for Filippinane mot Kina og for Bangladesh mot India og Myanmar. Saka der Gambia skuldar Myanmar for folkemord på rohingya-minoriteten, er enno ikkje ferdigbehandla.
Advokatane Philippe Sands (t.v.) og Paul Reichler (t.h.).
Foto: Mariam Zuhaib / AP / NTB
Tilbake til Lemberg
Den andre internasjonale «stjerna» på det palestinske laget i Haag, Philippe Sands, er mest kjend som forfattar av bøker og filmmanuskript om jakta på naziforbrytarar og ein bestseljar om korleis omgrepa «folkemord» og «brotsverk mot menneskeslekta» vart til og tekne med i folkeretten. Den norske utgåva heiter Tilbake til Lemberg. Om en forsvunnet by og jakten på rettferdighet (omsett av Christian Rugstad).
Boka opnar med reisa Sands gjorde til Lviv, no i Ukraina, for mange år sidan. Han leitte etter spor frå den tida besteforeldra hans budde der. Den gongen heitte byen Lemberg og var ein del av det austerriksk-ungarske keisardømmet.
Sands finn ut at i gata der besteforeldra hadde huset sitt, hadde juristen Raphael Lemkin budd omtrent på same tid. Lemkin er personen som lanserte «folkemord» som rettsleg omgrep, og som – etter mykje motstand – fekk det inn i Nürnbergstatuttane for rettsoppgjeret etter andre verdskrigen.
Ein annan kjend jurist som levde og studerte i Lemberg/Lviv i mellomkrigstida, Hersch Lauterpacht, fekk omgrepet «brotsverk mot menneskeslekta» inn i Nürnbergprinsippa og den internasjonale rettsordenen i etterkrigstida.
I boka om Lemberg skildrar Sands korleis Lemkins og Lauterpachts jakt på rettferd var forma av jødeforfølgingane i Europa. Nær ein tredel av folkesetnaden i Lemberg/Lviv var av jødisk opphav. Som jødar var Lemkin og Lauterpacht utsette, men begge flykta i tide, Lemkin til USA og Lauterpacht til England. Bestefar til Sands, Leon, var ikkje jurist og vart ikkje vidgjeten, men også han overlevde.
«Blodland»
Ein lagnadsfellesskap var dermed skapt mellom bestefar Leon, Lemkin og Lauterpacht knytt til Lviv – byen som er ein slags hovudstad i det historikaren Timothy Snyder har kalla blodlandet i Europa. Skiftande grenser og overherredømme gjorde at området fortente namnet. Frå å vere ein del av det austerriksk-ungarske keisardømmet før første verdskrigen, vart byen ein del av Polen, deretter invadert av Tyskland, deretter av Sovjetunionen.
I ein breiare lagnadsfellesskap finn vi Sands i Haag i 2024, der han forsvarar rettane til palestinarar som lever under israelsk okkupasjon og bomberegn. Forfattaren og juristen med menneskerettar som spesialfelt kan trekkje linene attende til Lemkin og Lauterpacht, som arbeidde for rettferd for snart hundre år sidan.
Kva ligg i denne historia? Kanskje at jakta på rettferd stadig finn nye vegar, nye krefter og nye røyster.
Astri Suhrke er forskingsprofessor knytt til Chr. Michelsens Institutt.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.
Donald Trump og Kamala Harris handhelsa før presidentdebatten i vippestaten Pennsylvania på onsdag.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB
– Det viktigaste valet i manns minne
For USA handlar det komande presidentvalet om det amerikanske demokratiet, meiner skribent og forfattar Jan Arild Snoen.
Tidlegare president Donald Trump og visepresident Kamala Harris i presidentdebatten onsdag denne veka.
Foto: Brian Snyder / Reuters / NTB