JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Kva er menneskeverd?

Symptom på eit paradigmeskifte er når dei gamle omgrepa som tidlegare var sjølvsagde, skifter innhald eller ikkje lenger er forståelege. «Menneskeverd» er eit slikt omgrep.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
«I debatten om til dømes bioteknologi eller aktiv dødshjelp, er det avgjerande kva menneskesyn vi legg til grunn», sa Kjell Ingolf Ropstad til landsmøtet 8. november. Eg kunne ikkje vore meir einig, skriv Eivor Andersen Oftestad.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

9438
20191122
9438
20191122

Dei siste vekene har KrF igjen fått argusaugo på seg. Ropstad gjekk ut med eit forsvar for det kristne menneskeverdet på sitt eige landsmøte, men rota det til i etterkant då han måtte forklara kva han meinte. Kommentarane var ikkje nådige: «Dette er det reneste vrøvl fra Ropstad, og et av de mest hjelpeløse politiske utspill noen norsk partileder har kommet med», skreiv leiaren i Stavanger Aftenblad. Karakteristikkane hagla: «stråmannargumentasjon», «uheiderleg», «pinleg», «hårreisande», «utruleg» og «ureieleg». Analytikarane som vart intervjua i media, var ekspertar på politisk strategi og snakka stort sett om kva partitaktikk som låg bak det heile. Kva tente – eller tapte – Ropstad på dette, og kva slags posisjonering var det Ropstad prøvde på. Viktig nok, men sjølv hadde eg ynskt ein debatt om det han faktisk sa. Eg er meir interessert i saka enn i det politiske taktikkspelet. Som røystar ved neste val er det dette eg er oppteken av: Kva verdiar skal prege framtida vår?

Tendensar

I talen den 8. november snakka Ropstad om fire tendensar i samtida som truga det han kallar for «det kristne menneskesynet». Den siste tendensen, trua på at menneske ikkje er noko meir enn eit litt intelligent dyr, knytte han til miljørørsla: «Delar av den grøne rørsla i Europa, den kjem også med eit farleg tankegods på kjøpet: ei total avvising av tanken om at mennesket er skapt med ein ibuande [verdi] og med ein eigenverdi.» Kvifor Ropstad trødde feil her, kjem eg tilbake til.

Først vil eg seie at resten av talen handlar om kvifor spørsmålet om menneskesyn er viktig. Og her meiner eg Ropstad seier noko som både er sant og viktig. Han seier at menneskesyn ikkje er «eit teoretisk spørsmål», og vidare: «I debatten om til dømes bioteknologi eller aktiv dødshjelp, så er det heilt avgjerande kva for eit menneskesyn vi legg til grunn.» Eg kunne ikkje vore meir einig. Dette er grunnlagsspørsmål som alle parti burde diskutere. I avslutninga legg han inn patos og lange liner og plasserer KrF som vaktarar på muren. Han peiker på at det kristne menneskesynet ikkje er til pynt, men heilt avgjerande på felt etter felt og «sjølve fundamentet i samfunnet vårt». Men samstundes at det er noko som krev aktiv innsats: «Det er ikkje tilfeldig at det har vorte sånn. Og det er heller inga naturlov som seier at det skal verte verande sånn. Det er ikkje sjølvsagt at vi vil ha eit parti som bringar dette perspektivet inn i norsk politikk.»

Eit salig rot

Når denne talen fekk Une Bastholm i MDG til å sjå raudt, og nær sagt heile pressa – med unnatak av redaktør Selbekk i Dagen – til å fyre laus mot Ropstad, var det fyrst og fremst fordi han ikkje greidde å svare for seg i dei påfølgjande debattane. Det vart eit salig rot av Kinas eittbarnspolitikk, Peter Singer, aktiv dødshjelp, MDG, kjæledyr og skuldingar om stråmenn. Eg lèt det liggje.

Det han gjorde feil i utgangspunktet, var å knyte eit nytt, «farleg» menneskesyn spesifikt til (delar av) den grøne rørsla. For om ein held fingeren i vêret, kjenner ein at vinden ikkje berre blæs frå den kanten. Det er forresten kanskje mindre som ein vind og meir som ei snikande skodde. Som ei skodde sig eit nytt menneskesyn sakte, men sikkert inn over oss – det har ikkje spesifikt med dei grøne å gjere. Det er langt meir komplisert og handlar om eit paradigmeskifte i kulturen: ei ny forståing av mennesket og verda. Eit symptom på eit slikt paradigmeskifte er når dei gamle omgrepa som tidlegare var sjølvsagde, skifter innhald eller ikkje lenger er forståelege. Menneskeverd er eit slikt omgrep. Debattar dei siste åra har synt at det er i ferd med å verte meiningslaust. Det vert framleis nytta på gode måtar, i debattar om alt frå sjukeheimsbebuarar og flyktningar til abort på Downs-foster. Men vi har ikkje lenger same forståing av kva det tyder. Handlar menneskeverd om eit verdig liv, eit meiningsfylt liv, eksklusiv verdi, rettar, noko utanfor mennesket sjølv, autonomi, fråvær av liding, spesielle eigenskapar eller noko anna? Omgrepet vert nytta hulter i bulter om alle desse fenomena, så kva tyder det?

Menneskeverd

Det Ropstad freistar å forsvare, er ifølgje han sjølv «det kristne menneskeverdet». Det er ei førestilling om at mennesket har ein verdi i kraft av å vere til, og føreset ei tru på noko utanfor mennesket sjølv. I ein kristen kultur, som vi har vore ein del av gjennom tusen år, vil det seie førestillinga om Gud. Endå meir eksplisitt er kjernen i det kristne menneskeverdet at Gud sjølv har vorte menneske, noko som tyder at menneske har fått Guds verdi.

Når dei aller fleste framleis vil halde på tanken om menneskeverd som noko sjølvsagt, som noko gjeve utanfrå, er det av di det tek fleire generasjonar frå Gud mistar autoritet, til dei tankemønstera i kulturen som føreset Gud, fell bort. Når dette no skjer, i vår tid, mistar omgrepa i desse tankemønstera opphavleg meining. At omgrepet menneskeverd er uklart, har også vorte peika på i debatten, til dømes av Theodor Bruu, talspersonen for Grøn Ungdom. I ein kronikk i Klassekampen i sommar etterlyste han ein større prinsipiell diskusjon om menneskeverd. Ropstad las kronikken som eit åtak, men Bruu har heilt rett når han seier: «Vi støtter alle opp om menneskeverdet, men er uenige om hvem det gjelder, og hva det betyr.» Sjølv meiner han at omgrepet menneskeverd er «utdatert og bør forkastes».

Bruu er berre ein av mange som har etterlyst ein debatt om menneskeverd. At omgrepet ikkje lenger er sjølvinnlysande, betyr at det også sig inn eit nytt syn på kva eit menneske er. Og det gjeld over heile fjøla, ikkje berre miljørørsla.

Helgen

Sjølv tenkte eg på dette då eg for eit par år sidan var med ein ungdomsskuleklasse på tur til Auschwitz-Birkenau. (Eg skal ikkje dra noko nazikort. Dette er berre ein enkel refleksjon som gjeld like mykje meg sjølv som alle andre.)

Då eg vitja desse utryddingsleirane, spurde eg meg sjølv kva bodskap som kunne lesast ut av desse stadene. Kva freista dei å fortelje meg? Det var ikkje vanskeleg å kjenne att. Hjartet i Auschwitz var huset der fangane vart straffa og drepne på dei mest bestialske måtar. For det var her cella til Maximilian Kolbe var, den katolske presten som ofra livet for ein medfange. Det er ein pilegrimsstad med levande ljos og blomar.

Forteljinga om Kolbe handlar om mannen Franciszek Gajowniczek, ein familiefar, som vart teken ut saman med ni andre fangar for å verte avretta. Gajowniczek bønfall om å få sleppe, og Kolbe tilbaud seg å steppe inn i staden hans. I fangecella prøvde vaktarane å få Kolbe til å svelte i hel, og sidan vart han avretta med gift. Den andre mannen overlevde krigen – og var til stades med heile familien på Petersplassen då Kolbe vart helgenkåra i 1982. Det er den einaste kjende forteljinga om nokon som gjekk i døden for ein framand i Auschwitz. Kolbe vart kalla vår tids helgen i etterkant av krigen.

Berge liv

Denne vesle forteljinga vert løfta fram for alle som vitjar Auschwitz. Bodskapen handlar om verdien til enkeltmenneske, om eit menneskeverd som er så høgt at Kolbe friviljug gjekk i døden for å berge livet til ein annan. Den same bodskapen om verdien til den enkelte vert formidla frå alle dei individuelle bileta av menn, kvinner og barn langs veggene i brakkene i Auschwitz.

Nokre mil frå Auschwitz berga Schindler 1200 jødar ved fabrikken sin i Krakow. Den som vitjar denne staden, møter ein bodskap henta frå jødisk tradisjon: «Den som bergar eitt menneske, bergar heile verda.»

Mottoet til Schindler summerer opp bodskapen frå desse særskilde stadene. Samstundes er ikkje denne bodskapen opplagd, heller ikkje for meg. Og det er poenget mitt her. Det var ikkje vanskeleg å høyre ein annan bodskap frå same stad. Det slo meg like sterkt då eg var der: Leirane likna på industrielt dyrehald. Menneske stuva saman som i fjøs, med halm på golvet, håret – ulla – vart barbert av og stappa i sekker. Brakkene i Birkenau var gamle stallar. Fangane fekk nummer og ikkje namn. Kva gjer vi med dyra, spurde eg meg. Denne bodskapen var òg ei heilt legitim lesing av staden.

Kontekst

Når eg kjende att bodskapen i Auschwitz som det individuelle menneskeverdet, der det å berge eitt menneske er som å berge heile verda, var det fordi eg såg det eg visste frå før. Utan min kulturbakgrunn, der dei grunnleggjande modellane er henta frå jødiske og kristne forteljingar, er det ikkje sikkert eg hadde sett den same bodskapen. Kvifor handlar det om individuell verdi, til dømes, og ikkje om summen av liding, eller om ein spegel på kor fælt vi handsamar andre dyr? For meg seier dette at førestillinga om menneskeverdet ikkje er opplagd, men avhengig av den kulturen vi lever i. Tydinga av menneskeverd er kulturelt styrt og eit val.

Spørsmålet er kva tid vi som samfunn byrjar å velje annleis, og kva tid vi byrjar å lese det vi i dag tenkjer på som opplagt, på ein ny måte. Det ligg i sakas natur at vi ikkje vil verte forferda over ein ny måte å forstå menneskeverdet på. Det er jo vi sjølve som driv fram endringa, men vi vil verte forferda når nokon peikar på det.

Eivor Andersen Oftestad

Eivor Andersen Oftestad er forfattar og forskar ved MF vitenskapelig høyskole for teologi, religion og samfunn.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Som røystar ved neste val er det dette eg er oppteken av: Kva verdiar skal prege framtida vår?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Titusenvis av menneske har samla seg framfor parlamentet i Tbilisi dei siste vekene, i protest mot det dei kallar «den russiske lova».

Foto: Ida Lødemel Tvedt

ReportasjeFeature

Krossveg i den georgiske draumen

TBILISI: Demonstrasjonane i Georgia kjem til å eskalere fram mot 17. mai.
Mange meiner at det er no landet tek vegvalet mellom Russland og Vesten.  

Ida Lødemel Tvedt

Lars Elling har skrive eit portrett av venen Stian Carstensen.

Foto: Trond A. Isaksen

BokMeldingar
Odd W. Surén

Singel og sanatorium

Lars Elling skriv sprudlande, intelligent overskotsprosa
frå sinnets undergrunn.

Oppsettingar og konsertar er ein viktig og synleg del av skolegangen på musikklinjene. Her frå Hakkebakkeskogen ved Stord vidaregåande skule.

Foto: Stord vgs

MusikkKultur
Helga JohanneStørdal

Kampen om kunstfaga

Om kunstfaglege linjer ved vidaregåande skolar har livets rett, er ein årleg debatt når elevplassar og kroner skal fordelast.

Den norske fiskeflåten er mangfaldig. Her er ringnotfartøy ved kai i Egersund våren 2017.

Foto: Per Anders Todal

Samfunn
Per Anders Todal

Fiskar er fiskar verst

Striden om kvotemeldinga kan få Fiskarlaget til å rivne.

Sviskadar frå maneter kan vere smertefulle og gje store skadar på oppdrettsfisk.  I 2023 døydde fleire millionar laks etter angrep av perlesnormaneter (Apolemia uvaria).

Foto: Mattilsynet

DyrFeature

Den sure svien

I fjor vart angrep av maneter brått rekna med som ei av dei fem viktigaste årsakene til laksedauden, korleis kan noko slikt skje?

Arve Nilsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis