JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Kunsten å miste grepet

Lokalpolitikarane sat att med svarteper og vart straffa av veljarane i kommune- og fylkestingsvalet i år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jonas Gahr Støre (Ap) i samtale med partifelle – og framleis ordførar – Gunnar Wilhelmsen etter eit folkemøte i Tromsø.

Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB

6236
20230915
6236
20230915

«Vi skal omstille hele energisystemet vårt», sa Jonas Gahr Støre i talen til Ap etter at valresultata for det meste var klare måndagskvelden like før midnatt. Han meinte Ap vil reise seg igjen gjennom arbeidet med oppgåver som ventar (NRK «Valgnatt 3» 11. september ved 17.26 minutt).

Kva i all verda? Kvar føreligg desse planane for «hele energisystemet vårt»? Vi har då aldri fått den svære NOU-rapporten om omstilling frå olje til ny industri, med gjennomgang av kva for yrkesgrupper som arbeider korleis og kvar, kva landet treng av ny og gammal kompetanse, kva vi vil med kraftkrevjande industri som brått er så dyr, og kva vi tener på batterifabrikkar med import av råvarer og eksport av produkta. Jau då, der har vore hyggjelege einskildmeldingar om ymse sosiale tiltak. Slik glede vert likevel annullert av hemmeleghald om kva som går føre seg.

Gunnar Knudsen la fram dei fyrste planane for vasskraftsutbygging for Stortinget i 1892. Sidan har vi levd med førestillinga om at energipolitikken skal tene lokalsamfunna. I alle høve fram til energilova av 1991, i praksis fram til monstermastene i Hardanger stod ferdige i 2013. Frå 2014, då Støre vart leiar av Ap, tok det til å kome ymt om nytt kraftregime. Men dei fleste av oss leit på forsikringane til Støre (og Solberg) om at det ikkje skulle koste stort.

Over stokk og stein

Siste åra er ymta om endring vortne frenetiske. Etter kvart går det over stokk og stein. Ein ny skikk med at statsrådar gjev «beskjedar» til lokale institusjonar, er vanskeleg å rette seg etter, og skaper forvirring, berre den. Kommunalpolitikarar veit knapt lenger kva som er overordna energipolitikk, næringspolitikk og arbeidslivspolitikk. Lokale avgjerdspersonar heng litt som vaiande vimplar i kjølvatnet etter vedtak som anten verkar improviserte, men truleg er lenge planlagde, noko som i sin tur vekkjer uheldige mistankar eller framstår som uklåre skisser om framtida. Somtid kjenner ein seg som om ein er i Ibsens Kongs-Emnerne: «viljeløst vimrende, ved ei hvorhen, skrukker sig Hjerterne, smyger sig Sindene, veke, som vaggende Vidjer for Vindene».

Politikk «ute i distriktene», som dei seier «der inne», er noko anna enn taktikkeri i korridorane. Det er avgjerder som regulerer liv og død for verksemder og folk, og vi vert alle smerteleg klare over stramme prioriteringar i skule og helse, jamvel i arealplanar for nye inntekter.

Lat meg ikkje rote meg ut i for mange døme, for eg meiner at det ikkje er på einskildsaker kringom at Ap og Sp har tapt, anten vi no snakkar om det framleis uklåre i praktiseringa av grunnrenteskatten for lakseoppdrett, som påverkar lokalsamfunna ulikt, eller vi talar om inndragingar av overskotet frå kommunalt eigde kraftverk, attåt gedigent auka straumutgifter – noko som sjølvsagt gjev full omarbeiding av budsjetta.

Egosentriske menn

Unge menn har i stor grad røysta Frp eller Høgre. Er dei då vortne meir egosentriske, slik somme hevdar? Eller er dei utmelde, fanga i virtuelle verder, slik andre seier? Vel, eit tredje moment kan vere at unge menn er meir leie enn unge kvinner av velmeinande formynderi og mas om alt ein kan få angst av. Vi kjenner då flest alle godt igjen irritasjonen frå yngre år over å verte fortalde kva vi måtte meine, så vi kunne verte førebygde for alt gale vi kunne finne på. Skilnaden er at før var organisasjonsprosenten i folket høg, og alle lærte normalt å samarbeide for å få fram ei sak. Men det har politikarar med nasen i TikTok gløymt å fremje no.

Hurdalsplattforma vart ugyldig straks ho var nedskriven. Utan eit slikt Magna Carta for å regulere den frie utviklinga av hugskott i regjeringa er kommunane og fylka overlatne til å vone på det beste. Lokalpolitikarar har tolt for mange overraskingar av ulik bonitet, og det er dei som får straffa.

Hald kjeft og jobb

Klage kan ein jo, over det veldige ordførarfallet til dei to partia. Viktigare er det å spørje: Kva gjorde dei rett, Sp- og Ap-politikarar i kommunar der partia deira gjekk fram. Såleis Tromsø, Aure, Vik, Stavanger – ja, for kvart av partia i vel 20 kommunar spreidde ikring. Heller slik gransking enn kvasipsykologiske ritual frå omstillingsprosessar i næringsliv og offentleg forvaltning, der poenget er å erkjenne sorga, godta tapet og knokle lojalt vidare. Hald kjeft og jobb, vil det seie, og korkje Sp eller Ap toler å gje ut slike meldingar oftare.

Kriseretorikken fungerer ikkje. Jau visst finst kriser, såleis klimaendringane, men vi skjønar glatt at den politiske kriseretorikken siktar mot å gjere oss føyelege. Denne kjensla undergrev opplevinga av demokratisk medverknad. Dersom staten skal fungere som eit enormt energikartell, dit eg for min del trur vi er på veg, så må vi i alle høve få ope på bordet korleis dette er tenkt.

At LO, Ap, Sp, SV og Raudt går saman om å lansere kamp mot middelklassa. Brått har alle desse teke til å omtale alle med inntekt over 750.000 som rike. Men det er middelklassa som har skapt det moderne demokratiet. At den i Noreg nokså nyforma politikarklassa gjerne vil utviske medvitet om dette, og oppfattar seg som representantar for alle andre klasser enn den middelsnitts middelklassepersonen, stadfester paradoksalt nok kor farleg kampen mot middelklassa er: då veks privilegiumssamfunnet fram.

Eit politisk skifte

Tapet av veljarar for Sp og Ap signaliserer eit skifte i norsk politikk, noko har gått av hengslene. Det har hendt i alle store landbruksbygder, i flest alle tettstrok med mange offentleg tilsette i dei fleste landsdelar, i industribygder og -byar langsetter kysten, i strok knytte til olje- og gassproduksjon, i kraftproduserande kommunar og dei med relativt ny næringsverksemd (såleis oppdrett), i fiskerisamfunn så vel som i storbyar. Kort og godt: Grunnfjellet forvitrar, opinionsdannarane fordunstar.

Veljarane er ikkje lenger lojale, men krev kart over vegane inn i framtida. Gjev regjeringspartia ikkje har bunde seg for hardt til masta, så dei ingenting høyrer. Då køyrer dei skuta på grunn, men herleg å fare vert det ikkje.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Omvend baug: X-Bow-en er utvikla av Ulstein og vert no for første gong nytta på ein fiskebåt.

Foto: Westcon

FiskeSamfunn

Båtbyggjarfolket

Trålaren «Ecofive» er både ei teknologisk nyvinning og eit resultat av den urgamle båtbyggjarkulturen på Vestlandet.

William Sem Fure

Det oppstår misvisande biletet av at covid-19 forårsakar Alzheimer, meiner Preben Aavitsland ve FHI.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
PrebenAavitsland

Meir om seinfølgjer

Den årlege rapporten FHI har publisert, syner at dødeligheita blant personar under 40 år har vore nokså stabil sidan 2015.

Gukesh kan verta den klart yngste verdsmeisteren i historia. Carlsen var nesten fem år eldre då han vann kandidatturneringa og vart verdsmeister i 2013.

Foto: Maria Jemeljanova / Fide

SjakkKunnskap
Atle Grønn

«Sjølv har eg heller aldri sett ein så mogen 17-åring, korkje på eller utanfor sjakkbrettet.»

Line Eldring har leidd utvalet som tilrår at Noreg både bør vidareføre og utvide samarbeidet med EU på nye område framover. Ho la nyleg fram utgreiinga «Norge og EØS: Utviklinger og erfaringer» for utanriksminister Espen Barth Eide.

Foto: Terje Pedersen / NTB

PolitikkSamfunn
Eva Aalberg Undheim

Veksande fjernstyre

Tilknytinga vår til EU veks og veks, både gjennom EØS-avtalen og utanfor, ifølgje ei ny utgreiing. Og det er få som kjenner heilskapen.

Foto: Julie Pike

LitteraturFeature

– Eg kan ikkje sovne inn i mitt eige liv

Ein abort gjekk frå å vere nemnd i forbifarten til å gje den nyaste romanen tittel.

IdaFrisch

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis