JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Kunnskapskrisa

Pisa-rapporten kan syne at grunnutdanninga i Vesten feilar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Direktør i Utdanningsdirektoratet Morten Rosenkvist, kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og forskar Fredrik Jensen frå Universitetet i Oslo då Pisa-rapporten vart lagt fram.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

7152
20231208
7152
20231208

Over 80 land er med i Pisa-testane. Ein veklage stig no opp frå mest alle dei 38 medlemmene av OECD, Organisasjonen for økonomisk samarbeid og utvikling, der Noreg er medlem sidan 1961. Nærare ein tredjedel av norske elevar i 15-årsalderen meistrar ikkje naturfag, matematikk og lesing (der lesing er sett som del av ei allmenn kommunikativ orienteringsevne). Dei er langt frå aleine om det. Kva er så denne tilstanden eit varsku om?

Pisa måler ikkje skuledugleikar. Testen er meint å syne korleis ungdom innstiller seg på å forstå vilkåra for livsmeistring ut frå kunnskap dei tileignar seg. Det kan verke vilkårleg at nett dei tre kunnskapsområda er valde ut for testing; praktiske og estetiske fag er såleis utelukka.

No kjem dei norske resultata rett inn i debatten om ein meir praktisk-orientert skule. Ei kanadisk undersøking med eit gedigent stort materiale synte elles i 2019 at engasjerte musikkelevar yter betre i matte, engelsk og realfag.

Pisa-rangeringa fører til samanlikningar. Med 474 poeng i skår er Noreg likt med Kroatia og åtte under gjennomsnittet på 482, fire under Frankrike og 21 under Finland. Estland markerer seg fremst av europearane, men Storbritannia (494) har overvunne gamle vanskar der dei før sleit med skuleresultata, og seier sjølve dei har bygd ei god lærarutdanning.

Vesten ser allment ut til å ha utfordringar. Asiatiske land formar høgste standardane. Singapore (560), Macau (535), Taiwan og Japan (533), Sør-Korea (523) og Hong Kong (520) kjem alle framfor Estland (516). Sveits (498) og Nederland (480) held seg på nivåa der dei har vore.

Resultata er særs interessante, såleis òg framgangen for Storbritannia, og bør gje opphav til mange samanliknande studiar om tilstandane i skulevesenet kringom. Såleis òg om tilhøvet mellom OECD, Pisa og nasjonale læreplanar. Her trengst drøftingar om det er OECD som bommar, eller om testregima slår feil ut.

Dei fem grunnleggjande OECD-dugleikane Noreg har tilpassa i læreplanane, kjenner vi godt: lesing, skriving, rekning, digital kompetanse og munnleg uttrykksevne. Pisa måler dessutan kjennskapen til naturfaglege problemstillingar. Alle medlemsland førebudde på tidleg 2000-tal OECD-konforme læreplanar. Er den skulen som er skapt sidan starten på 2000-talet i OECD-området, forfeila?

Kunnskapsløftet frå 2006, med endringar i 2013 og 2020, skulle byggje eit heilskapleg kunnskapssyn ut frå utforsking og oppdagarglede der elevane lærte seg å tenkje kritisk analytisk når dei fann ut ting under rettleiing av skulen. Læreplanverket skulle utvikle dugleikar til å sjå samanhengar.

Resultatet er likevel ofte, merkar vi som tek imot 19-åringane på universiteta, ein ny type puggeskule der studentane prøver å hugse brokkar av kva dei meiner dei burde kunne, og har litt angst for å seie feil – i staden for å oppleve den store gleda over å undersøkje saka og finne noko anna enn dei fyrst trudde.

Gjeldande læreplan vil til dømes at elevane utforskar språklege ressursar i klasserommet. Det vil stort sett seie at ein er lydhøyr for uttrykksmåtar og ord i dei språk og dialektar som er representerte i klassen, og talar saman om skilnader og likskapar i uttrykk og tenkjemåte. Men å granske dette systematisk ut frå språklæra er lite prioritert, især i vidaregåande.

Med omsyn til historie og samfunnskunnskap er EU nokså ukjend for ungdom som kjem til universiteta, og det same gjeld europeisk kultur. Sameleis er skuleungdom her i landet lite rusta for å skjøne spenningar og konfliktpotensial i møtet mellom religionar i klasserommet. Til dømes.

Fagstoffet er ikkje sjeldan undervist som ferdigtenkte, ferdigtogne, eksamensretta brokkar. Her ser vi som tek imot kandidatar frå ulike skular og regionar, store skilje i kva dei har tileigna seg. Den gamle Gauss-kurva, der vi kunne satse på at dei med middels interesse og resultat kunne nappast i og verte rett så gode, er borte.

Der er mange skular som legg vekt på utforsking slik Kunnskapsløftet definerte det. Då nyttar dei ofte nye medium aktivt, og utviklar syn på handteringa av desse hjå elevane sine. I skulen har det sidan tidleg 1800-tal vore motstand mot å hente inn for mykje frå den verdslege sfæren: aviser, triviallitteratur, vekeblad, serielitteratur, teikneseriar, TV, video – kort sagt, alt nytt har vore rekna som skummelt, trass i store pedagogiske debattar omkring evna skulen har til å ta for seg og elte og melte samtidige kulturuttrykk.

Somme kritikarar gjev no digitaliseringa skulda for Pisa-resultata. Det er usannsynleg, sidan trenden er internasjonal og Noreg er påstått å vere i fremste rekkje mellom dei som digitaliserer skulen. Då kan ikkje alle dei ulike haldningane i OECD til dette spørsmålet forklåre den sams nedgangen i OECD. Tendensane er likevel at når digital lesing er teke på alvor i skulen, vert det utvikla heilskapssyn på tilhøvet mellom disiplinane. Problemet er å ha ressursar til å setje lærarane i stand til å møte ei slik utfordring, og dit er det langt igjen.

Læring krev kreativ bruk av informasjon i problemløysing, analytisk eller praktisk. Digital lesing krev samordna forståing av ulike teiknsystem; når vi slår opp ei internettside, kan vi få opp fleire språk, bilete, levande bilete, lydfiler, mange slag symbol og samansette tekstar. Her treng tolkingsarbeidet til ein vilje til å orientere seg på tvers av fagemne.

Betre samband mellom skule og samfunn var hovudtema for Kunnskapsløftet, igjen i samklang med OECDs «Principles of Corporate Governance». Medlemslanda skal utdanne for dynamisk samvirke mellom stat, marknad og næringsliv. Grunnprinsippa for læring vert då sju: Den lærande i sentrum; læring som sosial praksis; kjenslelivet er med i læringa; læringsprosessen; individ er ulike; alle elevar må strekkje seg; læring må vurderast, og det skal byggjast «horisontale kontaktar» der eleven etablerer nettverk.

Ein vart van med å skilje mellom «høgtpresterande» og «lågtpresterande» elevar. Det vart lagt sterkt trykk på den einskilde for å oppfylle læringsmåla. For kvar gong vi får ei ny Pisa-undersøking, ser vi så at det reiser seg krav om skjerping av krava. Oftast utan krav om ressursar til utvikling.

Det er såleis klart at det å dele ut nettbrett til alle elevar, kan forvirre, dersom det ikkje finst ein god plan med bruken av digitalt utstyr. Det nyttar ikkje å fordømme alle slag «skjermar» som om dei stod i vegen for læring: Elevar lærer alltid utanom skulens faste rammer, på godt og vondt og ofte i retning av å forenkle alle tenkjeprosessar ved å søkje opp noko interessant. Dette tilhøvet må skulen setjast i stand til å møte.

Ein må slutte å leggje skulda på lærarar eller elevar. Spør heller om den læreplantenkinga vi har levd med no i 20 år og meir, gjev dei unge det dei treng. Vi må slutte å bortforklåre resultata av ein skulepolitikk der lærarane meir og meir vert tenarar for eit overordna mål dei ikkje lenger skjønar eller kan forsvare, og elevane vert middel til ei måloppnåing ingen lenger kan definere.

Bjørn Kvalvik Nicolaysen er professor i lesevitskap ved Universitetet i Stavanger og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis