JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Krisehandtering i ekkokammer

Putin-regimet er eit godt døme på at hemmelege tenester ikkje bør få for mykje makt. Handsaminga av Ukraina har vore ein katastrofe.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6179
20220318
6179
20220318

For få dagar sidan kom meldinga om at Putin hadde sett to av toppleiarane i tryggingstenesta FSB i husarrest. Årsaka var – trur dei fleste – at dei to hadde villeia Putin om stoda i Ukraina.

Sergej Beseda og Anatolij Boljukh er ikkje nokon kven-som-helst i den russiske tryggingstenesta. Inntil for få dagar sidan stod dei i spissen for det som går under namnet Den 5. avdelinga av FSB, som har ansvaret for såkalla «operativ informasjon og internasjonalt samband». Oversett til vanleg språk tyder det at jobben desse to har, er å fortelja den russiske toppleiinga kva som skjer utanfor grensene til Russland, og ikkje minst i Ukraina.

Sett i ettertid er det underleg at Putin ikkje har vore meir skeptisk til den informasjonen han har motteke frå Beseda. I 2014 var FSB-toppen i Kyiv i dei kritiske dagane då den russiskstøtta presidenten, Viktor Janukovitsj, var i ferd med å flykta frå landet. Det blir hevda frå ulike kjelder at Beseda blei teken på senga av den dramatiske utviklinga. Og så, når me nærmar oss den russiske invasjonen 24. februar i år, var den same Beseda med på å styrka Putin i trua på at det var eit isolert, naziinspirert regime som sat med makta i Kyiv. Det ville berre vera å senda ut nokre tusen soldatar, så ville regimet overgje seg. Slik blei Putin overtydd om at han gjennom ein kirurgisk operasjon kunna endra det strategiske landskapet i Europa.

Sjølvsagt har det vore motrøyster til dette glansbiletet, også innanfor FSB. Mange russiske journalistar har forlate landet dei siste åra, men fleire av dei har framleis gode kontaktar i makteliten i Moskva. Vladimir Osetsjkin, som driv nettsida Gulagu.net, har offentleggjort ulike skriv av ikkje-namngjevne FSB-medarbeidarar. I eit brev slår ein FSB-tilsett fast at dei hemmelege tenestene ser ut til å ha vore lamma i forkant av invasjonen. Grunnen var ganske enkelt at den øvste leiinga i landet ikkje fortalde FSB at ein invasjon var i kjømda. FSB kunne difor ikkje fortelja Putin at dei økonomiske sanksjonane ville øydeleggja russisk økonomi. Ei annan FSB-kjelde skriv, riktignok to veker inn i krigen, at Russland ikkje har utsikt til å vinna. «Situasjonen vår no er slik han var for Tyskland i 1943–1944, sett bort frå at det som skjer no, er startpunktet vårt.»

Gamle kameratar

Mange i FSB har altså vore klare over stoda i Ukraina, men Putin ser ut til å ha høyrt berre på dei som har den same oppfatninga av røyndomen som han sjølv. Ein kan dessutan ikkje sjå bort frå at berre informasjon som ein trudde sjefen ville lika, blei kanalisert oppover i systemet. At Putin har stolt spesielt på Beseda, er heller ikkje så rart. Dei to er jamgamle og har følgt kvarandre gjennom karrieren. I ung alder blei dei båe tekne opp i KGB og blei medlemmer av den privilegerte klassa i Sovjetunionen. På 1990-talet skifta dei politiske vindane, og Putin og kameratane hans måtte gå i teneste for anten Jeltsin-regimets folk eller nyrike oligarkar. Denne degraderinga av tryggingstenesta og folka som arbeidde der, blei rette opp nyttårsaftan 1999. Då kom Vladimir Putin til makta i Russland. I røynda var det FSB – altså det gamle KGB – som tok over.

Ein kan ikkje forstå russisk politikk dei siste 22 år om ein ikkje har denne eineståande suksessen til FSB i bakhovudet. I sovjettida passa kommunistpartiet heile tida på at KGB ikkje opererte på eiga hand. Såleis var det alltid grenser for kva KGB kunne finna på. Etter hundreårskiftet blei dette endra. Presidentadministrasjonen tok over den rolla kommunistpartiets sentralkomité hadde hatt i sovjettida, og i presidentstolen sat det plutseleg ein FSB-mann. Denne mannen – Vladimir Putin – stolte ikkje på nokon andre enn FSB. Ekkokammeret blant dei jamgamle kameratane i toppen av staten og i toppen av FSB blei pottetett.

Rett etter at Putin kom til makta, var det i fyrste omgangen lite som endra seg. Men i 2005 skjedde det eit skifte i korleis Putin og mennene kring han såg på verda. På den tida blei den alltid Moskva-lojale Viktor Janukovitsj vippa av pinnen etter at han hadde freista å koma til makta ved valfusk. Det gamle regimet i Georgia var erstatta av ein vestvennleg leiar, Mikheil Saakasjvili. Sjølv i Kirgisistan var det eit folkelege opprør. I Moskva blei det ei erklært målsetting å stansa alle dei såkalla fargerevolusjonane og det dei såg på som forsøk frå USA si side på å ta over Russland. Reiskapen som Putin brukte, var i fyrste rekkje FSB. Nett som i sovjettida blei alle potensielle fiendar på russisk jord søkte opp og åtvara. Om dei ikkje endra åtferd, blei dei arresterte, eller dei fekk beskjed om å forlata landet. I verste fall blei dei drepne. Desse morda, anten dei gjaldt demokratiforkjemparar, journalistar eller framståande politikarar som Boris Nemtsov, har til felles at dei aldri er blitt oppklarte.

Skapa frykt

Ei spesielt vanskeleg sak som har hefta ved FSB dei siste to tiåra, har vore historia rundt sprengingane av bustader i Moskva i september 1999, der 300 menneske blei drepne. Putin la skulda på tsjetsjenske terroristar, mens mange hevda at FSB sto bak. Hensikta var, blei det sagt, å hjelpa Vladimir Putin med å bli valt til russisk president eit halvår seinare. Ein som freista å undersøka ugjerninga, var journalisten og politikaren Jurij Sjtsjekotsjikhin. Rett før han i 2003 skulle dra til USA for å ha eit møte med FBI, døyde han av ein mystisk sjukdom. Tre år seinare døyde eks-FSB-agenten Aleksandr Litvinenko, openbert forgifta av eit radioaktivt materiale. Også han meinte at FSB stod bak sprengingane i 1999.

I det heile teke ser det ut til at attentat og mord på einskildpersonar i inn- og utland er den mest «vellukka» delen av verksemda til FSB dei siste tiåra. Om tenesta ikkje er i stand til å forstå utviklinga i sjølv nærståande land som Ukraina, er ho i stand til å skapa frykt i Russland. Det gjev Vladimir Putin eit solid grunnlag for framleis å herska.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

I 2005 skjedde det eit skifte i korleis Putin og mennene kring han såg på verda.

Fleire artiklar

Piano har vore ei kjelde til musikkglede i mange hundre år. Men kva er musikk? Og kvifor lèt eit veltemperert piano så godt i øyra?

Kjelde: Per Thorvaldsen og DALL-E 3

TeknologiFeature

Musikkteori for tonedauve 

Musikk er matematikk, og kanskje den einaste forma for brøkrekning som kan vekkja andre kjensler enn berre frustrasjon.

Per Thorvaldsen

Judith Butler er filosof og ein frontfigur innanfor kjønnsteori.

Foto: Elliott Verdier / The New York Times / NTB

Ordskifte
Anne GunnPettersen

Ein endrar ikkje naturen med talemåtar

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.

Foto: Kari Anette Austvik / NTB

Frå bridgeverdaKunnskap
Erlend Skjetne

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Kjersti Halvorsen er psykolog og forfattar.

Foto: Lina Hindrum

BokMeldingar
Ingvild Bræin

Fadesar og fasadar

Roboten blir til mens vi ror.

Det vart meir enn 300 bryllaup mellom islandske kvinner og allierte soldatar og offiserar.

Foto: National Archives, Maryland

Samfunn

Den uheldige sida av «ein velsigna invasjon»

REYKJAVÍK: På Island vart det registrert meir enn 800 kvinner som hadde kontakt med engelske eller amerikanske militære under krigen. Det var kontroversielt, og mange av kvinnene vart straffa på ulikt vis.

Ottar Fyllingsnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis