JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Krigståka

Rakettnedslaget i Polen kan paradoksalt nok tene interessene
til både Ukraina og Russland.

Polsk personell leitar etter spor i krateret etter eksplosjonen i den polske byen Przewodow, nær grensa til Ukraina, 16. november 2022.

Foto: Polsk politi / Reuters / NTB

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
6414
20221118
6414
20221118

To missil produserte i Russland har landa i Polen og drepe to polske statsborgarar. Nato-alliansen har vore klar på at Nato-territorium er den raude streken, og at åtak her vil bli møtt med full kraft. Men det er neppe no krigen spinn ut av kontroll.

Amerikanarane, som har dei beste auga på himmelen, kom raskt på banen og gjorde klart at missila ikkje kom frå russisk territorium. Berre timar etter hendinga vart den største porten til ein farlegare krig lukka av Washington. Likevel er alternativa mange.

Feilbombing

Det kan dreie seg om ei feilbombing frå russisk hald i Ukraina. Denne veka har russarane sett i verk det største missilregnet over Vest-Ukraina sidan invasjonen i februar 2022. Så langt i krigen har likevel Russland passa på å nytte presise våpen når åtak nærmar seg Nato-grensa i vest. Dei skitnaste våpena har vorte nytta mot ukrainarar lenger aust. Men Moskva har ikkje endelaust med presise (og dyre) våpen. Det sørgjer kombinasjonen av intens russisk uthalingskrig og målretta vestlege sanksjonar for. Feilbombing er vanlegare når våpena er dårlegare.

Missilnedslaget i Polen kan òg vere resultatet av ei ukrainsk feilbombing. Ukrainske luftvernsystem nyttar gjerne sovjetproduserte stridshovud. Men ukrainarane har òg vestlege luftvernsystem. Den amerikanske forsvarsleiinga var raskt ute og informerte om at dei vestlege Nasams kan vise til 100 prosent treffrate i Ukraina. Føremålet var ikkje primært reklame for vestlege våpensystem, men snarare å avskjere alle skuldingar om at amerikanske våpensystem blir «nytta til åtak mot Nato-territorium».

Same dag som missila slo ned i Polen, bad Biden om ein ny støttepakke på 37 milliardar dollar til Ukraina. Støtteviljen på den andre sida av Atlanterhavet vil få seg eit kraftig skot for baugen om vestlege system skulle vere impliserte.

Forhandlingar

Eit væpna åtak som manglar fiendtleg intensjon, altså som er ei utilsikta hending, kan likevel vere ein kime til eskalering. Det skjer gjerne om andre jaktar på slikt. Denne veka er det derimot forhandlingar som har stått på agendaen.

Dei to statsleiarane Xi og Biden møtte kvarandre fysisk for fyrste gong etter at Biden vart president. USAs nye forsvarsstrategi vart lagd fram for to veker sidan, og her tek USA endå meir sats mot Kina. Samtalen på Bali handla derimot om å samarbeid på område som klima og å hindre eskalering.

Resten av verda pressar òg på for forhandlingar. Kornavtalen går ut laurdag 19. november. 42 land har motteke korn frå Ukraina og Russland gjennom avtalen, og verda treng korn. I Irak har til dømes 90 prosent av kornavlinga gått ad undas i år som fylgje av manglande nedbør. Meir må importerast, og både tilgang på korn og pris er avhengig av Ukraina og Russland. Tredjeland som vert hardt råka av verknadene av krigen, treng at partane i Ukraina set seg til forhandlingsbordet for å få til ei slik løysing. Tyrkia var òg raskt ute etter missilnedslaget med tru på at kornavtalen likevel kjem i hamn.

Negative verknader

Hjå statar som ikkje sjølv deltek i krigen i Ukraina, er det snarare aukande behov for at krigen vert avslutta eller roa ned. Då USA førre veke offentleggjorde sine estimat for tapstal i krigen, var det ufattelege talet 200.000 døde eller såra, med halvparten på kvar krigspart. Krigen gjev for mykje uro på verdsmarknaden og har svært mange negative verknader for tredjeland. Alt i september tok eit land som Mexico til orde for forhandlingar. Russlands viktigaste store støttespelarar, Kina og India, gjev stadig klarare uttrykk for at det er nok krig no.

Eit litt anna behov for å setje krigen på vent melder seg no i Nato-land. Det er knytt til utviklinga i Middelhavet. Sidan i sommar har retorikken drege seg til mellom Nato-landa Hellas og Tyrkia, Svartehavets vaktar og den nest største konvensjonelle militærmakta i Nato. Stridens kjerne er ikkje berre Kypros, som Tyrkia invaderte og okkuperte i 1974, eller utvinning av gass i nye område som Tyrkia har gjort krav på, men også dei mange greske øyane inst i Egearhavet.

Tyrkia hevdar at Hellas militariserer øyane, og at dette bryt med folkerettsavtalar frå 1923 og 1947 som gjev Hellas suverenitet over øyane. Tyrkia har signalisert at gresk militarisering skaper tvil om Hellas’ suverenitet over øyane.

I 2019 inngjekk USA ein ny og utvida forsvarsavtale med Hellas, og i 2021 vart det underteikna ei forsvarspakt mellom Frankrike og Hellas der Frankrike lovar å komme Hellas til unnsetning i ein mogleg krig mot Tyrkia. I haust har temperaturen stige. Risiko for militær konfrontasjon mellom Nato-land i Middelhavet vil vere svært farleg om det skjer medan Ukraina-krigen rasar.

Eskalering

Faren for eskalering er gjerne høg når éin av dei krigførande vil forhandle. Den russiske terrorbombinga i vest vert tolka av nokon som teikn på at Moskva er pressa og frustrert fordi byen Kherson er overteken av ukrainske styrkar, eit nederlag som Kreml må hemne for ikkje å «miste ansikt».

Mi tolking er ei anna. Mykje tyder på at Russland no søkjer å presse ukrainarane til forhandlingsbordet. Moskva har sikra seg kystlinja i Azovhavet (no «indre russisk farvatn») og har framleis ein buffer rundt Krim. Russisk tilbaketrekking frå Kherson har vore ei planlagd russisk handling og må truleg sjåast på som ein invitasjon til forhandlingar.

Det er russisk pisk i vest og russisk gulrot i aust. Russland nyttar derfor missila mot Polen til å minne alle om kor farleg krigen er, og auke viljen i vest til å leggje han på vent gjennom å presse Ukraina til forhandlingsbordet.

For ukrainarane er det derimot berre eitt vilkår for forhandlingar. Det er full russisk tilbaketrekking frå ukrainsk territorium. Og det er enno langt unna. For ukrainarane er det særleg dei europeiske statane med fellesgrense til Russland, som Polen eller Noreg, som har klarast fellesinteresse med Kyiv i dette. Ukrainarane nyttar missila som har hamna i Polen, til å minne grannestatane om kor farleg Russland er for oss alle, og at det ikkje vil vere i vår interesse å presse Ukraina til å forhandle med Russland.

Om nokon skulle falle for freistinga å spekulere i intensjon, er paradokset altså at missilhendinga tener begge dei krigførande, men med diametralt motsett formål.

Cecilie Hellestveit er statsvitar og jurist med doktorgrad om borgarkrig og folkerett og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Jubileumsfeiring for Kristenretten på Moster i år.

Foto: Silje Katrine Robinson / NTB

Ordskifte
Eivor Andersen Oftestad

Fordommar på leseglasa

Det finst sjølvsagt nestekjærleik både i andre kulturar enn den kristne og hos folk som «ikkje trur» at mennesket er skapt i Guds bilete.

Gunnar Stubseid.

Gunnar Stubseid.

Foto: Stubseid.no

MinneordSamfunn
Hallvard T. Bjørgum

Gunnar Stubseid

(1948­–2024)

I den fyrste talen Keir Starmer heldt framfor Downing Street nr. 10, var han visjonær og energisk som få.

Foto: Toby Melville / Reuters / NTB

Samfunn

Røyster tel, valsystemet avgjer

Ikkje mange fleire britar røysta Labour i Storbritannia i år enn i 2019. Men røystene fordelte seg annleis. Det gav eit maktskifte.

Bernt Hagtvet

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis