Kommentar
Kina har Taiwan i siktet
Eit kinesisk forsøk på å erobra Taiwan seglar opp som den neste, store internasjonale krisa. Ingen veit når det skjer. Men at det skjer, er ikkje usannsynleg.
Syslar leiinga i det kinesiske kommunistpartiet med planar om å erobra Taiwan? Diverre ser svaret ut til å vera ja. Stadig oftare tek kinesiske toppleiarar og medium opp spørsmålet om den såkalla atterreisinga av fedrelandet. Kinesiske militære fylgjer opp med stadig fleire øvingar tett inntil denne øya i Sør-Kina-havet.
I 1995–96 gjekk den kinesiske leiinga i gang med å skyta rakettar inn i territorialfarvatnet til Taiwan, samstundes med at dei øvde på landsettingsoperasjonar. Det heile utvikla seg til ei internasjonal krise. Fyrst då USA sende to hangarskipgrupper inn i det 18 mil breie sundet mellom Taiwan og fastlandet, tok dei kinesiske rakettøvingane slutt. Den kinesiske marinen hadde ingenting å stilla opp med.
Eit kvart hundreår etter er situasjonen ein heilt annan. Dei siste åra har den kinesiske marinen kvart einaste år sjøsett like mange farty som det finst i heile den britiske marinen. Stadig oftare har det kinesiske sjøforsvaret øvingar aust for Taiwan. I 2020 krenkte Kina luftrommet til Taiwan 380 gonger, og i april i år flaug ein armada på ikkje mindre enn 25 jagar- og bombefly inn i taiwansk luftrom.
Den kinesiske pressa fylgjer opp. Avisa Global Times – eit talerøyr for dei kinesiske styresmaktene – skreiv til dømes for nokre månader sidan: «Den einaste vegen framover er for Kina å førebu seg på krig og gje separatiststyrkane på Taiwan ei hard straff. Etter kvart som separatistane (les: Taiwan, red. merk.) blir meir og meir arrogante, kjem me tettare på historias vendepunkt.»
Partiet tek over
Mange Kina-kjennarar trur at partisjef Xi Jinping ser det som si spesielle historiske oppgåve å gjennomføra det Mao Zedong ikkje klarte i si tid, nemleg å henta Taiwan til seg. Ingen veit kor lengje Xi tek sikte på å sitja ved makta i Kina. Ingen veit heller kva tid han kan gje ordre om eit åtak på Taiwan.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.