JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Kan me håpa på ein palassrevolusjon?

Er det nokon som kan stoppa Vladimir Putin? Om dei finst, må ein leita i den inste krinsen rundt presidenten: blant mennene som styrer dei såkalla maktministeria.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5982
20220311
5982
20220311

Det var ikkje tilfeldig at den russiske regimekritikaren Aleksej Navalnyj blei arrestert for eitt år sidan. Tilfeldig var det heller ikkje at menneskerettsrørsla Memorial blei forboden i julehelga. Det som skjedde, var at det russiske sivilsamfunnet blei knebla.

Om ein ser det frå Putin-regimets synsvinkel, har det heile fungert godt. Systematisk har ein gjort alt klart for krigen i Ukraina. Vladimir Putin har gjort mange feil: Fyrst og fremst har han overvurdert sin eigen militære styrke og undervurdert styrken til fienden, slik dei fleste krigsherrar har gjort opp gjennom historia. Men på heimebane gjorde Putin ein grundig jobb. Han sytte for at det russiske folket blei lukka inn i eit svart informasjonshol, og han sytte for at dei som kunne ha leia store massedemonstrasjonar mot krigen, i god tid blei sette i fengsel eller jaga ut av landet.

Maktapparatet

Difor er det lite truleg at Putin dei neste vekene eller månadene blir styrta av ei bølgje med folkeleg misnøye. Og skulle misnøya bobla opp til overflata for alvor, har Putin eit stort apparat som er viljug til å bruka så mykje vald som ein treng for å halda befolkninga på plass.

Kor viktig dette maktapparatet er, såg ein då Vladimir Putin heldt den TV-sende førestillinga 22. februar, rett før invasjonen. Dei fleste av mennene som var til stades der, representerte det ein på russisk kallar maktministeria. Dette er dei delane av det russiske samfunnet som er væpna, og som kan nytta makt, anten innanfor eller utanfor grensene til Russland. Den viktigaste delen av dette apparatet er sjølvsagt armeen, som blir leia av to menn: forsvarsminister Sergej Sjojgu og sjef for generalstaben Valerij Gerasimov.

Då Putin steig opp til toppen av det russiske samfunnet kring hundreårsskiftet, tok han med seg mange av dei han hadde arbeidd saman med i KGB i Leningrad på 1970- og 80-talet. Noko overraskande er det at dei to som leier det russiske militærapparatet, ikkje kjem frå denne krinsen.

Sergej Sjojgu stod i spissen for naudhjelpsministeriet mot slutten av Jeltsin-perioden og blei ein populær mann fordi han og folka hans alltid dukka opp der folk trong hjelp, anten det var under ein skogbrann eller ein flaum. I 2012 blei han forsvarsminister, og det er han som får «æra» av å ha regissert den russiske overtakinga av Krim i 2014.

Parhesten hans, Gerasimov, har hatt ein finger med i spelet i alle dei krigane Putin har ført. Det byrja med Tsjetsjenia-krigen kring 1999–2000, og ikkje minst krigen i Donbas i 2014, der han leia dei russiske styrkane som opererte saman med dei austukrainske opprørarane. Båe desse mennene har gått i spissen for å styrka moralen i dei væpna styrkane ved å indoktrinera soldatane med den antivestlege ideologien til Putin-regimet.

Gamle vener

Dei gamle venene til Putin finn ein framleis i tryggingsapparatet, det vil seia i tryggingstenesta FSB og i utanlandsetterretninga SVR. I motsetnad til det som er tilfelle i Vesten, er dette veltrimma militære apparat som er i stand til å setja i verk valdelege operasjonar kor det skal vera.

FSB, som er det næraste ein kjem det gamle KGB, er leia av Aleksandr Bortnikov. Han blei kjend med Vladimir Putin midt på 1970-talet i Leningrad, då dei båe var novisar i KGB. Det blir hevda at Putin har 100 prosent tillit til Bortnikov, og at dei personleg står kvarandre nær. Det same har ein sagt om Sergej Narysjkin, sjefen for SVR. Også han er frå St. Petersburg, og gjennom karrieren har han fylgt Putin som ein skugge.

Kvifor Putin valde å audmjuka nettopp han under det vidgjetne møtet i Kreml 22. februar, er vanskeleg å svara på. Med eit overberande smil sat Putin og såg på ein stotrande Narysjkin som hadde problem med å slutta seg til det som i røynda var ei krigserklæring mot Ukraina. Kanskje er planen å byta ut Narysjkin. Kanskje var meininga berre å syna at tsaren er mektig, medan mennene rett under han ikkje har noka makt i det heile teke. Det er ikkje fyrste gongen i russisk historie at ein herskar freistar å formidla ein slik bodskap.

Den som ikkje kom i skotlina under dette møtet, var Nikolj Patrusjev, sjefen for det russiske tryggingsrådet. Han kjem frå Leningrad og blei rekruttert inn i KGB samstundes med Putin. Då Putin blei russisk statsminister i august 1999, følgde Patrusjev etter han som FSB-sjef. Han har særleg markert seg dei seinare åra med påstandar om at det verkelege målet til USA er å få Russland til å forsvinna frå kartet.

Dette er mennene som styrer Russland. På møtet i Kreml 22. februar var òg storleikar som utanriksminister Sergej Lavrov, ekspresident Dmitrij Medvedev og president for Føderasjonsrådet Valentina Matvienko til stades. Dei er personar som ikkje betyr noko som helst, ganske enkelt fordi dei ikkje har noko eige maktapparat.

Ut i hengemyra

Så er spørsmålet: Kan dei som sit rundt Putin, styrta han dersom krigen i Ukraina endar i ei hengemyr? Det korte svaret er ja. Det har hendt éin gong før i moderne russisk historie, nemleg då Nikita Khrusjtsjov blei styrta i 1964. Han fekk skulda for fiaskoen under Cuba-krisa i 1962 og for ein feilslegen økonomisk politikk. Det same kan sjølvsagt skje med Putin.

Men kor sannsynleg er det? Putin har – som me har sett – knytt til seg ei tett gruppe med menn som har stått saman i fleire tiår. Om gruppa rundt Putin vender seg mot han, vil det vera ein av dei mest spektakulære palassrevolusjonane i historia. Til sjuande og sist vil lagnaden til Putin hengja saman med utviklinga på bakken i Ukraina. Blir katastrofen stor nok, kan det visa seg å bli for dyrt for maktmennene i Kreml å behalda Vladimir Putin ved makta.

Halvor Tjønn er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Om gruppa rundt Putin vender seg mot han,
vil det vera ein av dei mest spektakulære
palassrevolusjonane i historia.

Fleire artiklar

I framgrunnen står skulpturen «Le Combattant» (1961) av Sonja Ferlov Mancoba, bronse.

KunstMeldingar

Tungvektar med oppsikts­vekkande manglar

Kunstsilo trona mot blå himmel i Kristiansand på opningsdagen, laurdag 11. mai 2024. Vegen frå idé til ferdig museum har vore lang og prega av konfliktar. Det står att å sjå kva Kunstsilo kan bety for fastbuande og tilreisande. Tangen-samlinga er kanskje verdas største samling av nordisk kunst frå 1900-talet, men er ho representativ for perioden, og er det så nøye?

Mona Louise Dysvik Mørk

Teikning: May Linn Clement

Ordskifte
Halvor Tjønn

Å forveksla aggressor med forsvarar

«Etter at Putin kom til makta hausten 1999, har Russland ført ei heil rad med krigar.»

Den nyfødde kalven.

Den nyfødde kalven.

Foto: Hilde Lussand Selheim

Samfunn
Svein Gjerdåker

Ei ny Ameline er fødd

Vårsøg – også kalla Tripso sidan ho var så skvetten som ung, spissa øyro for ingenting og trippa med beina inn og ut av fjøset – fekk ein ny kalv natt til 13. mai.

Emma (Fanny L. Bornedal) arbeider som nattevakt ved rettsmedisinsk institutt, der foreldra i si tid vart utsette for drapsforsøk.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Skrekkeleg skuffande

Likte du Nattevakten, kjem du ikkje til å elska Nattevakten: Demoner går i arv, dersom det var det du håpte på.

Brystkreft er den vanlegaste kreftforma blant norske kvinner. Biletet er frå Rosa sløyfe-aksjonen mot brystkreft, arrangert av Den norske Kreftforeningen.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

HelseSamfunn

Kven bør få tilbod om mammografi?

Norske kvinner får eit heilt anna råd enn svenske
og amerikanske.

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis