Kommentar

I skammekroken

Justisdepartementet har på ny plassert seg sjølv i skammekroken når det gjeld offentleg innsyn.

Per-Willy Amundsen er sjef for Justis- og beredskapsdepartementet, som ikkje følgjer lover og reglar.
Per-Willy Amundsen er sjef for Justis- og beredskapsdepartementet, som ikkje følgjer lover og reglar.Per-Willy Amundsen er sjef for Justis- og beredskapsdepartementet, som ikkje følgjer lover og reglar.
Publisert

Sist veke la Riksrevisjonen fram ein granskingsrapport som peika ut Justis- og beredskapsdepartementet til ein versting mellom departementa for sviktande journalføring og ope innsyn. I januar i år kom Norsk Presseforbund med ein rapport med same konklusjon.

Dette vitnar om at departementet ingenting har lært, og at dei manglar vilje til å fylgje lover og retningsliner som dei er pålagde å fylgje. At det er Justisdepartementet, som sjølv har ansvaret for handhevinga av offentleglova, gjer det ekstra ille.

Det går ei line frå Sivilombodsmannens alvorlege granskingsrapport som vart send Stortinget i februar 1998, og fram til i dag.

I 1998 sendte Sivilombodsmannen særskild melding til Stortinget om forholda i Justisdepartementet etter å ha granska praktiseringa av offentleglova i departementet. I meldinga peika ombodsmannen på ei rekke lovbrot frå departementet si side. I eit svar til ombodsmannen medan granskinga pågjekk, opplyste departementet at ein «umiddelbart (vil) ta initiativ for å forbedre avdelingenes rutiner».

«Jeg forutsetter at dette er blitt gjort», skreiv ombodsmannen i meldinga som vart sendt til Stortinget. Så feil kan ein ta.

Hausten 2015 avslørte Dag og Tid at Justisdepartementet unnlét å journalføre ei rad dokument i saka om den famøse skrytevideoen som dåverande justisminister Anders Anundsen fekk laga før kommunevalet. Etter klager fekk departementet påtale frå både Sivilombodsmannen og Arkivverket. Justisministeren lova bot og betring. Heller ikkje det heldt stikk.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement