JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KommentarSamfunn

Hovudtrendar i kommunevalet

Valet gav raud og raudgrøn botnnotering.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Valet i 2005 gav dei raudgrøne stortingsfleirtal og nær helvta av røystene. Frå venstre: parti?leiarane Kristin Halvorsen (SV), Jens Stoltenberg (Ap) og Åslaug Haga (Sp).

Foto: Heiko Junge / NTB

3163
20230915
3163
20230915

Hugskot

havard@dagogtid.no

Dei fyrste 24 timane etter valet måndag vart me kring hundre gonger opplyste om at «for fyrste gong på 99 år er ikkje Arbeidarpartiet lenger landets største parti» – eit langsynt blikk på valet i 1924, eit stortingsval, med ei splitta arbeidarrørsle.

Eller motsett: Hundre gonger fekk me høyra om «ei blåblå bølgje», i ei nærsynt samanlikning med førre kommuneval.

Det kuriøse eller sjølvsagde vart gjenteke og gjenteke. Lite eller ingenting vart sagt om dei meir relevante tala, dei som syner hovudtrendar over ei viss tid, ikkje fire eller 99 år, men i etterkrigstida, sidan 1945 eller 2005, trendar som ikkje berre gjeld parti, men blokker.

Kan ein relativisera tala ved å problematisera blokkinndelinga? Eigenleg ikkje. Blokkene har vore overraskande stabile gjennom etterkrigstida. Venstresida eller raud blokk er Ap og partia til venstre for Ap. Sp har vore i ymse regjeringar, men har sidan 2005 representert det grøne i det raudgrøne.

Valet måndag markerte fleire milepålar.

For fyrste gong i etterkrigstida fekk ei samla venstreside mindre enn ein tredjedel av røystene. Ap, SV, Raudt og NKP fekk no i alt 32,0 prosent.

Noteringa er relevant av di ho stadfestar ein tendens over lang tid. I 1950- og 60-åra samla venstresida kring 50 prosent. I 1970- og 80-åra låg raud blokk på kring 45 prosent. Under 40 kom ho fyrste gong i 1995 (37,9), men 43,0 såg ho så seint som i 2009. Sidan 2011 har venstresida samla lege på kring 35 prosent, med ei førebels botnnotering no. For fyrste gong har mindre enn éin av tre nordmenn røysta på eit parti på venstresida.

At raud blokk langsamt har vorte redusert frå kring helvta av røystene til no ein tredjedel, har undervegs aktualisert raudgrønt samarbeid. Slik raud blokk nådde ein milepåle i valet no, gjorde raudgrøn blokk det òg.

For fyrste gong har dei tre raudgrøne partia samla mindre enn 40 prosent av røystene. Mindre med god margin: Ap, SV og Sp fekk i alt 36,7 prosent av røystene.

Denne botnnoteringa stadfestar ein tendens over tid, ho òg. Etter at regjeringsalternativet vart skipa i 2005, har raudgrøn blokk i fem val lege på mellom 45 og 50 prosent av røystene.

No, med 36,7 prosent, er dei tre raudgrøne partia samla mindre enn det all time low-ultimatumet dåverande statsminister Thorbjørn Jagland gjorde gjeldande for berre eitt av partia ved valet i 1997: 36,9.

Dei to nemnde hovudtendensane er relevante på kommunenivå òg. Det fleirtalet som ved valet no gjekk tapt i ei rekkje kommunar, var ikkje eit raudt eller raudgrønt fleirtal – slike fleirtal kan ein no oftast sjå langt etter – men eit ikkje-blått fleirtal.

For blå blokk var det denne gongen få milepålar å notera seg. Høgre og Framstegspartiet fekk samla 37,3 prosent, eit nivå dei nådde alt i 1981 (36,2). Markant større har dei sidan vore i berre tre val, i 2009, i 2013 og 2017. Med andre ord: Over 40 prosent har blå blokk berre vore i stortingsval, og det er eit slikt val partia i posisjon og opposisjon skal førebu seg til no. Skal dei to store tiårstendensane halda fram?

Håvard Rem er journalist i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis