Kommentar
Historie utan ryggradSkulen må gje ei samanhengande nasjonalhistorie, elles forvitrar identiteten vår.
Skulen må gje ei samanhengande nasjonalhistorie, elles forvitrar identiteten vår.
Under Francois Mitterrand, som var president frå 1981 til mai 1995, var reform i historiefaget i dei franske skulane ei sak på regjeringsplan. Elevane var i ferd med å missa kunnskapane om Napoleon. I det heile: Namn, konkrete hendingsgangar og dramatiske hendingar vart skuva i bakgrunnen til fordel for dei lange linene: demografiske, økonomiske og teknologiske faktorar i historia.
Vi har fått eit ekko av denne metodetilnærminga i Noreg no. På framsida av Dag og Tid 23. november kan vi lesa at 17. mai blir nærast eit framandord i dei nye planane. Individet og dei konkrete historiske hendingane, kort sagt dei subjektive sidene ved historia, vert borte i skuggeheimen. Dei fleste årstal òg. Inn skal prosessforståing og prosjektarbeid.
I Frankrike var inspirasjonen frå den namngjetne annales-skulen lett å sjå. Der stod dei djupe strukturane over fleire hundreår i fokus. Ekkoet av denne annales-skulen meiner eg vi ser her heime no. Det skjer i form av ei dårleg forstått sosiologisering av historia, eit klassisk 1968-produkt. Systemforståing utan menneske, der kompetansemåla vert generelle og prosessorienterte.
Ei rett nok usjenerøs tolking av denne omlegginga er at faktisk kunnskap må vika for elevar som kan gjera greie for, samanlikna og delta. Men kva for grunnlag har dei for å samanlikna? Her ligg kjernen i kritikken.
Eit feste
Eit døme: No les vi at dei nye undervisingsplanane som er ute på høyring, ikkje opererer med noko skilje mellom norsk og internasjonal historie. Konkrete hendingar er ikkje nemnde og sikra plass på pensum, korkje den franske revolusjonen, imperialismen eller framveksten av velferdsstaten. Gamal historie ligg tynt an.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.