Habiliteten
Habilitet er tydelegvis vanskeleg å forstå. Innspel utanfrå prella av som vatn på gåsa for Ap-statsrådane Anette Trettebergstuen og Tonje Brenna.
Avtroppande kultur- og likestillingsminister Anette Trettebergstuen overrekkjer nyklane til avløysaren, Lubna Jaffery.
Foto: Martin Solhaug Standal / NTB
Kommentar
vidar@dagogtid.no
At dei ikkje hadde lært etter at SV-arane Audun Lysbakken og Kirsti Bergstø måtte gå som statsråd og statssekretær i 2012 på grunn av habilitetsproblem, er ei gåte.
Vi minnest også at statsrådsperioden til Manuela Ramin Osmundsen (Ap) vart ekstremt kort i Stoltenberg 2-regjeringa på grunn av habilitetsproblem. Ho gjekk av i februar 2008 etter fire månadar i jobben.
Truverdige?
Eit gnagande spørsmål er om forklaringane til Trettebergstuen og Brenna er truverdige når dei seier at dei har misforstått regelverket. Ein snikande tanke er at handlingane er dominerte av maktsykje når ein avviser alle korrigerande innspel. Og er sakene til dei to statsrådane eigentleg prinsipielt ulike, slik at den eine må gå, medan den andre kan halde fram?
Kor viktige habilitetsvurderingar er, og kor alvorleg inhabilitet kan vere, kjem fram til dømes gjennom brevet jusprofessor Eirik Holmøyvik ved Universitetet i Bergen nå har sendt til kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget. Han tek til orde for at Stortinget bør vurdere straffeforfylging mot Trettebergstuen.
Fleire opposisjonspolitikarar har gjort seg høge og mørke over det dei kallar ein ukultur i dagens regjeringsapparat. Men alle dei fire opposisjonspartia som i ulike periodar var del av Solberg-regjeringa, har liten grunn til å prale. Dei har alle vore med på utnemningar som ikkje står noko tilbake: utnemning av kollegaer til nye embete.
Det grunnleggande temaet i habilitetsvurderinga er at ingen offentleg tenestemann skal skaffe seg sjølv eller nærståande ein fordel. Eit regjeringsmedlem er i denne samanhengen å rekne som offentleg tenestemann.
Nærståande
Det heiter seg at ein statsråd kan vere inhabil som styrar av departementet, men at Regjeringa som kollegium ikkje er inhabil. Eg meiner gode grunnar tilseier at regjeringsmedlemene også som kollegium bør kunne reknast som nærståande i relasjon til eigne regjeringskollegaer. Dei er gjensidig avhengige av eit tett og nært forhold til kvarandre i det daglege, der prinsippet som gjeld, er «éin for alle, alle for éin». Utnemning av kvarandre verkar støytande for folk flest.
Erna Solberg braut eklatant med prinsippet om ikkje å gje fordelar til nærståande ved å utnemne tre av sine eigne kollegaer til nye embete. Ikkje berre fekk dei nye embete, dei fekk jamvel halde fram som statsrådar: Elisabeth Aspaker utnemnd til fylkesmann i 2014 sat som statsråd til hausten 2017, Bent Høie utnemnd til fylkesmann i 2018 sat som statsråd til hausten 2021, og Frank Bakke-Jensen utnemnd til fiskeridirektør i 2020 sat som statsråd til hausten 2021.
Sov i timen
Dag og Tid tok opp og problematiserte etter tur alle desse tre utnemningane. Opposisjonen på Stortinget «sov i timen», løfta merkeleg nok ikkje ein finger inntil Sivilombodsmannen vinteren 2021 kom med klar kritikk, og gav Dag og Tid medhald i ein klage mot hemmeleghaldet av søknaden frå Bakke-Jensen. Den ansvarlege statsråden, Iselin Nybø (V), fekk klar kritikk også frå Stortinget.
Det nye med praksisen til Solberg-regjeringa var at dei utnemnde statsrådane fekk halde fram i regjeringa. Det var nærliggande å sjå dette som eit prinsipp om «i dag deg, i morgon meg». Det tek seg ikkje bra ut frå utsida og gjorde praksisen endå meir kritikkverdig.
Dag og Tid stilte difor spørsmål til statsminister Erna Solberg om det var noka grense for kor mange regjeringsmedlemer ho kunne tenkje seg å gje nye embete. Trass i fleire purringar fekk vi aldri svar.
Tida ser ut til å vere moden for å få ein brei debatt om habilitet og inhabilitet i politikken.
Vidar Ystad er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Isbilar er ikkje noko nytt, men heller ikkje nokon garanti for kvalitet.
Foto via Wikimedia Commons
Isbilen spelar høgt, men taper på kvalitet.
Kor mykje vatn er det eigentleg mogleg å ha i ein iskrem og framleis få han til å likne ein fløyteis?
Foto: Seth Wenig / AP / NTB
Eit teikn på frustrasjon
Korkje Trump eller Biden har i røynda full kontroll på auke og fall i inflasjon eller kriminalitet.
Else Hagen: «Familie» (1950), olje på lerret. Rolf E. Stenersens samling / Munchmuseet.
Etterlysing og turné
Else Hagen er i dag eit ukjent namn for mange, men det er i endring.
Anders Folkestad og Torbjørn Ryssevik meiner det er nødvendig å styrke den vidaregåande skulen si studieførebuande rolle.
Gorm Kallestad / NTB
Studieopptak og skulifisering
Statsråden gjer rett i å avvise opptaksprøver som hovudveg til høgare utdanning.
Stig Amdam og Ragnhild Gudbrandsen spelar hovudrollene i stykket av August Strindberg.
Foto: Magnus Skrede / Den Nationale Scene
Krigen mellom kjønna
Dødsdansen er eit ekteskapsdrama der komikken får for stor plass, men spelestilane utfordrar kvarandre på interessant vis.